Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

[#39898] Kan noen slå opp i Tysnes soga?

Recommended Posts

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Pröver å hjelpe en venninde med å finne hennes aner, men vi har et problem med hennes mormor.Hun het Marta Alette Katrine Skjellevik og ble gift med Berge Mikal Larsson Ökland. De bodde noen år i Statene (mor til min venninde ble födt der)Berge död: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=gs12230000&gardpostnr=588&merk=588#ovre>LenkeBerge Mikal emigrerte først til USA i 1911: LenkeMor til MAK skal ha hett Marta og faren Ole.Her er det jeg har funnet om henne: Død: LenkeDette er nok henne som drar til USA i 1915:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Finner en Marta og Ole med en datter marta og en sönn Engel her: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Denne Engel finner jeg blant gravlagde på Tysnes i Skjellevik i 1992 og på FS finner jeg han med foreldre som over: LenkeEr det da disse som er foreldra til Marta Alette Katrine og?Jeg får kikke en gang til i kirkebökene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

Dette er vel mor og far til Alette. Marta Alette står som barn 8:Ola Engelson Skjellevik (1853-1942) vart g. 1881 m. Marta Kristoffersdtr. Nesthus br.2. (1857-1940). Dei overtok ved festesetel i 1880. Årleg avgift var 8 kr. og 5 dagsarbeid. Ola Kalvavikjo var båtbyggjar som far sin. Han måtte tidleg ta over ansvaret heime, då faren vart sjuk. Han bygde sin første båt som nyleg konfirmert. Han hadde gått mykje med far sin og lært. Men i til legg var han ei tid i læra hos fartøybyggjaren Kristoffer Hetlelio. Sidan reiste han til Stavanger i lag med kameraten Ivar Hetleli (i Lio). Dei to ville få seg hyra på langfart. Det vart ikkje noko av. Men Ola fekk seg plass som dreng på Rennesøy ein sommar før han kom heim. I 21-årsalderen mista han synet på eine auga under arbeid i smio, men det hemma han lite. Forutan færingar bygde han små skøyter. Som faren var han til dels vekke på oppdrag. M. a. bygde han to skøyter på Tornes (1909) og ei på Vidnes. Siste større skøyta bygde han kring 1912, seld til Utåker. Ei mindre skøyte bygde han i Skjelevikjo i første delen av 1920-talet. Elles var det ei mengd med færingar, seks- æringar og storebåtar (notbåtar), særleg færingsbåtar. Då han byrja (kring 1868) vart ein færing betalt med 32 kr. Halvparten av dette gjekk til material, så arbeidsløna var 16 kr. Åra 1910-14 var Ola Kalvavikjo verftstømmermann på Møhlenpris i Bergen. Då det var gruvedrift i Selvågen kring 1890, hadde han arbeid der. Han hadde mykje plommetre og stikkelsbærbuskar i Kalvavikjo og reiste på Torget i Bergen og selde avlingane. Ola Kalvavikjo var ein opplyst mann. Dei hadde tidleg aviser i heimen, så som «Ugens Nytt» og Morgenposten si landsutgåva. Han dyrka ein god del på plasset. Marta og Ola mista to born i meslingar, ei i kikhoste og eit som spebarn. Faren hadde fått «førevarsel» om dei to som døydde i 1894. Han låg i Skjeleviksondet og fiska, saman med dottera Marta. Brått fekk dei sjå to krossar koma ned ovanfrå. Born: 1. Berta Marie (1882-1931) g. I. 1922 m. sjømann (enkjemann) Brynjulf Gitlesen, f. Klettahaugen, Kletta i Tysnes, g. II. m. Ole Paulson Bolstad, Skjolden i Sogn, steinarbeidar b. Bergen. Han hadde vore gift før med Anna Færevaag (br.2.) og vart g. opp at m. Elisa A. Vermedal (br.3.). 2. Marta Engeline b. Skorpo br.l. 3. Kristoffer (1885-1972) utv. 1905, bygningsmann, men freista ei tid med hønsafarm i Hartford, Wash. På slutten budde han i Beaverton, Oregon, g. I. m. Anna Allen, g. II. m. Anna (begge amerikanarar), ein son i siste ekteskapet. Kristoffer kalla seg Christ O. Shalwick. 4. Engel (1886-94) 5. Torbjørg Pauline f. d. 1888 6. Torbjørn Olai (1889-94) 7. Paul Martin (1892-1948), utv. 1909, bygningsmann og eigedomsspekulant, g. m. Victoria Almqvist, f. i Sverige, b. Butte, Montana, Casper, Wyoming (gruveby), Arnarillo, Texas, men siste åra ved Seattle, Wash. 8. Marta Alette Katrine b. Økland S. br.2. 9. Torbjørg Engeline (1896-98) 10. Engel Torbjørn, sjå nf. 11. Jørgen Olai, sjå nf.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

I innlegg 4 er teksten henta frå Tysnes 4 s. 689

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Hjertelig takk for gode opplysninger-:) Mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.