Gå til innhold
Arkivverket

[#39957] Bergit Halvorsdotter Klevsaas, fødd Noreg 1851, til Amerika 1870? - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Erickson frå Sogndal i Sogn, fødd 14.12.1846, gifte seg i Columbia Co., WI 19.7.1877 med:Bergit Halvorsdotter Klevsaas, fødd i Noreg 27.6.1851 som dotter av ein Halvor Amundson med kone Ragnhild. Folketeljingi for, eg trur det var 1900, fortel oss at Bergit utvandra i 1870, samstundes som fødselsdatoen vert oppgjevi til mai 1852.Eg har søkt på FamilySearch, men utan å finna nokon god ''kandidat'' der. Eg ser at gardsnamnet Klefsaas finst i Orkdal i Sør-Trøndelag, men finn ikkje noko der heller som liknar.No vonar eg at einkvan dreg kjensel på dette namnet og kan bidra med å lokalisera det norske opphavet hennar? Eg er særleg interessert i:* Nøyaktig dato og stad for fødsli hennar?* Fullt namn?* Utvandringsår?* Fulle namn på foreldri hennar med yrkestitel, bustad og opphav til båe?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg tror nok Lisa har funnet den rette personen. For om du ser på gården Klevsaas i Saude 1865, finner du trolig det som er Halvors foreldre og søster der. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lisa Kjønigsen

Vet ikke om jeg fikk lagt inn riktig link (blir feil når jeg trykker på nå).LenkeSer ihvertfall ut til at det er riktig familie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Lisa og Rune for svært interessante og nyttige innlegg!Noko må vera feil med ''linkane'' her, men ved litt leiting i Sauherad fann eg folki, og det kan ikkje vera tvil; dette er rette huslyden!So vidt eg forstår, er Kvelvsaas namnet på ein husmannsplass under garden Kaljord i Sauherad, og der hadde tydeleg Halvor Aamundson opphavet sitt. Kan henda var òg Bergit fødd på denne plassen sidan Kvelvsaas-namnet er nemnt med ho i Wisconsin.Lista mi med spørsmål er etter dette kraftig redusert:* Kontroll av fødselsdatoen til Bergit Halvorsdotter i Sauherad (27.6.1851)?* Kva gard/plass mori, Ragnhild Halvorsdotter (fødd Sauherad 1819), hadde opphavet sitt ifrå?* Og so var det utvandringsåret til denne huslyden (1870). Eg har søkt i emigrantlistene over Oslo, men finn dei ikkje der...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt! Brukarforum er berre heilt fantastisk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.