Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#39959] John A. Okland, fødd i Noreg mai 1823, gift i 1892 i WI som enkjemann - opphav?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

På East Primrose kyrkjegard i Dane Co., WI finn me gravstøttene til:~~~~~~~~~~John OKLAND 1823-1904Kari OKLAND 1830-1885~~~~~~~~~~Denne John, òg kjend som John A. Oakland, vart som enkjemann attgift i Dane Co., WI 14.12.1892 med enkja Margretha Veum, fødd Sviggum i Hafslo i Sogn i 1831.FT1900 syner at John og andre kona Margaret då farma i Blue Mounds township, Dane Co., WI, men ruta for utvandringsår er ikkje fyllt ut! John døydde i Dane Co., WI 14.3.1904.Ved vigsli i 1892 vert foreldri til John oppgjevne med namni Aamund og Randi Okland!Eg vil tru at gardsnamnet i Noreg kan ha vore Økland eller kanskje Aukland, men eg veit ikkje kvar i landet John kan vera komen ifrå!?Er det nokon som dreg kjensel på dette namnet og som kan hjelpa meg identifisera John Okland og bakgrunnen hans? Eg er særleg interessert i:* Dato og stad for fødsli hans?* Fulle namn på foreldri hans?* Utvandringsår?* Eventuelle opplysningar om første kona Kari?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Her er kanskje John og Kari Okland i f.t. 1880 for Wisconsin [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=wisc1880&gardpostnr=22387&merk=22387#ovre>LenkeSe på denne familien som bor på Økland i Finnås i 1865. Husfaren heter Sven Aanensen og er 45 år, f. ca. 1820. Svens datter heter Randi. Kan dette være en bror av John som emigrerte og Randi være barnebarn av en eventuell Aanen og Randi Økland?? Dette blir jo selvsagt bare spekulasjoner, men legger inn lenken LenkeFinner denne i FS/IGI:Daniel Oakland Aanenson Birth: 06 NOV 1836 Slettene Croft,Oakland Estate,Gonhordland, , , NorwayDeath: 16 FEB 1920 Father: Aanen Oklandsness JohnsonMother: Randi SvendsdatterSpouse: Martha LewisdatterMarriage: 05 DEC 1871 Hixton, Jackson, Wisconsin--------------------------------------------------Og her kanskje flere av samme folket i FS/IGI:Marithe, f. 1817, d. 1818 – datter av Aanen Johnsen og Randi Svendsdatter LenkeJohn, døpt 14.9.1823, Finnås LenkeEn sønn, f. 1825, død 1825 LenkeOsmund, døpt 18.11. 1832 og en ny Osmund, døpt 22.3.1835 LenkeDaniel, døpt 12.11.1836 LenkeFinner også denne:Svend Aanenson Birth: 1821 , , NorwayDeath: 1906 Father: Aanen Oklandsness JohnsonMother: Randi SvendsdatterAanen Johnsen og Randi Svendsdatter giftet seg ifølge FS/IGI 8.6.1817 i Finnås. Dette er kanskje Aanen Johnsen på Økland i f.t. 1801 Lenke og på Økland finner jeg også ei 4 år gammel jente som heter Randi Svendsdatter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Aanen og Randi er bosatt på Slettene i Økland skoledistrikt i Finnås i 1865 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for usedvanleg spennande og nyttige innlegg. Dette er imponerande!Her fell so mange detaljar i lag at eg er overtydd om at du Grethe verkeleg har funne opphavet til John Okland, men det står att å finna:* Nøyaktig fødselsdato for John?* Utvandringsåret til John?Kanskje første bryllaupet/kona til John òg er å finna i Finnås (no Bømlo)?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Her er rettnok ein gard som heiter Økland i Bømlo kommune i dag, men den høyrde og høyrer til Bremnes Sokn.Økland som denne John er frå, må vera Økland i Valestrand i noverande Sveio kommune. Det står nevnt Øklandsnes i FS, og det ligg i Sveio. Ein del av opplysningane du spør etter, kan kanskje finnast i bind I av Sveiosoga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Her er litt fra Sveio I, side 306: BRUK A Skyld: 18 mrk. smør 114 hud. Svein var brukar av denne parten ti11814. Han åtte 1 hest, 7 storfe og 8 smale i 1816. Han var lagrettemann. 22. Aasmund Sveinson Økland f 1792. Uvisst kva år han døydde, ug. Aasmund kjøpte bruket i 1814 og var brukar ti.l843. Han var lagrettemann. 23. Svein Aanensen Økland, ytre f 1821 d 1906. Gm Siri Håkonsdtr. Mjånes f 1821 d 1892. Bom: a. Randi f 1848 g Økland. b. Anna Malene f 1850 g Økland. c. Aasmine f 1852 d 1942, ug. d. Aadne f og d 1854. d. Aseline f 1855 g Økland. e. Marta Serine f 1856 g Mækjeland. Svein kjøpte bruket i 1843. I 1848 delte han Mvh. JOhan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Her kommer litt mer:41. Aanen Jonson Øklandsnes. Alderen er ukjend. Om Randi Sveinsdtr. Økland f 1795 d 1875. Bom: a. Marta f 1817. b. Alis f 1819 g Vika. c. Svein f 1821 g Økland. d. Jon f 1823 g Økland. e. Aanen f 1827. I Amerika. C. Marta 1829 g Tjernagel, søre. g. Aasmund f 1832 d 1834. h. Aasmund f 1835 g Økland. i. Daniel f 1836. I Amerika. Han fekk sonen Syvert Olai f 1854 med Synneva Larsdtr. Økland. Aadne bygsla plasset i 1820. Uvisst kor lenge han var brukar . Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Marie og Johan Arthur for nye spennande opplysningar om denne huslyden.Då tolkar eg det slik at Aanen Johnson hadde opphavet sitt frå Øklandsnes og at dette var eit sjølveigarbruk på Økland, men at han og Randi var plassfolk på Slettene under Økland...Men eg stogga opp ein augneblink med noko som du, Johan Arthur, skreiv i siste avsnittet: ''Jon f 1823 g. Økland''! Tyder ikkje dette at han var gift til Økland? Han bør jo då vera omskriven ein annan stad i denne bygdeboki for Sveio??Men John Aanenson er ikkje i Noreg i 1865...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Bruk Nr. 15 Jon Aadnesson Økland f.1823 gm. Ingeborg Olsdtr. Lier nedre, f.1825: Barn: Aadne Olai f.1849, Randi f.1851 og Mari f.1853 Jon kjøpte bruket i 1847. I 1854 solgte han og reiste til Amerika med huslyden. Sveio I side 307, nr. 27Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Kanskje John var gift før han drog til Amerika? I emigrantar frå Stavanger finn eg denne:LenkeHer ser det ut som om det er John sin bror, Aanen som er gift med Kari?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Marie for nye interessante innlegg!Då var altso John Aanenson gift TRE gongar. Denne første kona Ingeborg må vera avlidi kort etter dei kom fram til Amerika... Eg ser forresten av FamilySearch at John og Ingeborg vart vigde i Finnås 21.10.1848.Når utvandrarlista frå Stavanger opererer med Amalia?, so har eg ikkje mykje tru på det... Og eg veit frå kyrkjegarden i Blue Mounds, WI at John var gift med ei Kari (1830-1885)!No får me freista finna desse folki i FT1860 og 1870 i Wisconsin...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1860 Primrose township, Dane Co., WI syner:~~~~~~~~~~John Aaneson 36 farmer NorCari Aaneson 28 wife NorAane Aaneson 11 son NorIngeborg Aaneson 1 dau WIJohan Aaneson 9/12 son WI~~~~~~~~~~og FT1870 for Primrose township, Dane Co., WI syner:~~~~~~~~~~John Akland 49 farmer NorKari Akland 39 wife NorAane O Akland 21 son NorIngeborg Akland 11 dau WIJohan Akland 10 dau WIMartha K Akland 5 dau WIAnne J Akland 3 dau WI~~~~~~~~~~Eg konkluderar utifrå desse opplysningane at Ingeborg Olsdotter og dei to døtrene hennar må vera avlidne kort etter utvandringi, kanskje på vegen over, og at John gifte seg att i 1857/1858 med denne Kari...Ligg det forresten føre opplysningar om kven som var foreldri til Ingeborg Olsdotter Lier nedre og kva dato Ingeborg var fødd?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Ingeborg Olsdtr. dpt.18.12.1825 (FS)var datter til Ola Johannesson f.1778 Lier nedre, Sveio og d. 1841 Lier nedre,Sveio og Siri Niklasdtr.f.1791 Lien, Valestrand og d.1854 på Lier nedre i Sveio. Sveio III, side 156, nr. 10 Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur for supplerande opplysningar om Ingeborg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.