Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

[#39962] Engel Olsson, f. ca 1810 Strandebarm, d. Tysnes og kone Brithe Christoffersd.

Recommended Posts

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er det jeg har funnet om han:FT 1865: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61223&gardpostnr=678&personpostnr>Lenke Gift: LenkeHan og Brithe Kristoffersd. fikk barnaJorinde, Ole, Mette, Christoffer.Det er da mulig at hans foreldre het Ole og Jorinde og hennes Christopher og Mette.Men jeg har ikke funnet noe om dem på FS.Jeg finner et par på Nesthus som kan være mulige foreldre til Brithe: FT 1865:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

Dette er truleg Engel og Brita henta frå Tysnes 4 s. 687:Engel Olson Hovland br.7. (1811-76) vart g. 1851 m. Brita Kristoffersdtr. Nesthus br.l. (1821-88). Dei fekk festesetel på plasset i 1850. Årleg avgift vart sett til 1 1/2 dlr. og 4 dagsarbeid. Engel Hovland skulle ha teke over farsjorda heime på Hovland, heitte det, men såg seg ikkje råd til å løysa henne. I staden vart det Kalvavikjo, eit stykke han rydda til bustad for seg og familien frå grunnen av. Han bygde stova, løa, smia og noko seinare eit stort naust, som han nytta til verkstad. Hovudnæringa hans var båtbyggjing, eit handverk han hadde lært hos far sin. Som båtbyggjar dreiv han og smedarbeid. I til legg smidde han hestesko. Det var færingar han bygde, men i yngre år dessutan jaktefarøy. Som ungkar, i 1841, bygde han jakta «Den gode Hensigt» på Hovland, året etter «Fortuna» på Bjelland i Skånevik og «De trende Brødre» på Hovland. I 1853 hadde han, saman med Lars Samsonson Midtvåge, hovudvøla på jakta «Ca-roline Berentine», tilhøyrande gamle «Nera-vågem». Sommaren 1856 bygde han jakta «Anna Kathrine» på Birkestrand i Skånevik. Ein gong drog han til Stavanger for å selja fire færingar han ikkje hadde tinging på. To av dei rodde han, den eine oppi den andre (med innveden ute), dei to andre slepte han etter. I Haugesund selde han ein, sidan to i Stavanger. I Haugesund var det berre eit par handelsmenn på denne tida. Så rodde han heim att på den fjerde. Det var flust opp med båtarbeid. Han leigde folk til å saga båtstokkane med handsag. Det fanst oppgongssager på Leirvik og Opsanger, men sagene var så grove at ein fekk fleire bord av ein stokk når det vart brukt handsag. Så sparte ein floting til sagbruk og transport heim att. «Sagare-Pådl'em» vart mykje leigd til å gjera arbeidet. Han var frå Halsnøy. Dei sagde ein båtstokk på ein dag. Kring 55 år gamal fekk Engellepra (spillsjuka). I 1871 vart han lagt inn på Pleiestiftelsen i Bergen (St. Jørgens Hospital) og levde der sine siste år. Born: 1. Jørinda (1852-1933) g. 1892 m. Kristoffer Johannesson Hetlelio (husmannsson), b. plass Nordstølen, Tornes, men ho budde sine siste år i Kalvavikjo. 2. Ola, sjå nf. 3. Mette Katrine f. 1855, utv. 1881, g. m. ein svenske ved namn Johnson. Dei hadde ein son Kristoffer August. Siste kjende opp-haldstad var Los Angeles. Familien mista kontakten. 4. Abel Katrine f. d. 1857 5. Kristoffer f. 1859, gjekk lærarskulen på Stord, var huslærar nordpå, men utv. så til Amerika i 1881. Der arbeidde han som arkitekt og bygningsmann med bustad Albany, Oregon, men siste åra i Seattle, Wash. Kona Margareth var enkja med ei dotter då dei gifta seg, men dei hadde ikkje born. Kristoffer kalla seg Hovland.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Kjempeflott! takk skal du ha-:)Mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg finner ingen gard Hovland i Strandebarm. Derimot finner jeg Hauland i Kvinnherad. Kan dette være faren? Ole Olsen Hauland d. 80 år i 1833: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

Eg oppfattar at Engel kom frå garden Hovland i Tysnes, men at far hans att, Ola, kom frå Strandebarm. Elles har eg lagt ei melding til deg på MSN. Følgjande er henta frå Tysnes 4 s. 80:Ola Torbjørnson Børsheim, Strandebarm (1773- 1839) vart g. 1810 m. Jørunda Engelsdtr. Furhovda, Strandebarm (1788-1869). Dei fekk skøyte i 1832 (600 dlr.), men overtok først noko tid etter. Frå 1821 hadde familien budd på plass Neset under Nera-Hamarhaug. Jørunda og Ola heldt på bygselen der like til 1837, så kan hende kom borna til Hovland først. I 1812 hadde Ola planar om å kjøpa Søreide br.3. l staden vart det Furhovda fram til 1821. Ola var båtbyggjar og smed. Buet hans inneheldt mykje smedreiskap, men og ei verktøyskiste og mykje snik- karreiskap. Jaktematerial og eit eikestykke til ein jaktekjøl, fortel at han bygde jakter, like eins som sonen. Der var og forskjellig anna eikematerial og innved i buet. Born: 1. Torbjørn (1810-87) g. m. Kari Vigleiksdtr. Vindenes, Fusa, busett Biskopshavn, Strandvik. 2. Engel b. Skjelevikjo, plass Kalvavik. 3. Ola, sjå nf. 4. Paul (1820-82) g. 1849 m. enkja Margrete Bårdsdtr. Hesvik, Kvinnherad, busett Kirkhus i Ølve og døydde på reis frå Snilstveitøy og heim. Båten vart kasta omkull av ei vindflaga. 5. Marta b. br.4. 6. Synneva (1825-26) 7. Knut (1829-1906) utv. til Amerika i 1861, vart g. I. m. Anna Larsdtr. Andersland (frå br.2.), men ho d. kort etter giftarmålet i 1865. Knute Hovland, som han kalla seg, vart g. II. m. Orlaag Davidson Gulbraa, f. på Engeland, Voss 1849 d. 1886, g. III. m. Kristiana Engelsdtr. Elsåker, plass Skåro. Knute overtok farmen til Lars Andersland, nordvest for Emmons, Minn., i Mansfield township, Freeborn Co.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Tenkte ikke at det var faren som kom fra de kanter. Nok en gang takk skal du ha!! Nå går det framover-:)Skal sjekke hotmail.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

Ikkje hotmail. Start MSN klienten din...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

OK, nå skjönner jeg-:)mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.