Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#40076] Skifte Ytre Sogn Claus Larsson


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Skifteregisteret for Ytre Sogn 1813-1828 syner m.a. desse to postane, som truleg skriv seg til same person:~~~~~~~~~~8391 Claus Larsen Undertun Gulen 142,144b 17 1813-18288356 Claus Larsen Undertun Gulen 108,127,141 17 1813-1828~~~~~~~~~~Eg vonar dette kanskje kan vera Claus Larsson frå Halland i Gulen, fødd 1760, som i 1801 tente på Undalen i Gulen. Eg er i so fall svært interessert i opplysningar om kva tid skiftet vart halde og kven ervingane hans var?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/125565-40076-skifte-ytre-sogn-claus-larsson/
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Han var ungkar, og skiftet vart halde frå 28. august 1816 til 4. desember 1817. Som arvingar står søskenebarna:Ole Bendixen Buskager i Solvorn, Erich Bendixen Alvsteigen i Mariefieren, Erich Aamundsen, styrmann som siglde frå Bergen, Niels Aamundsen Steegen i Sogndal, Hans Aamundsen Naversetter i Sogndal, Kari Aamundsdtr, enkje etter Schak Schaksen i Bergen, Brithe Aamundsdatter var død, og hadde etter seg Aamund Olsen, i Bergen, og Sara Olsdtr, 21 år, i Sogndal.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.