Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#40100] Erik Aamundson (Aanundson), f. 1762, styrmann som siglde frå Bergen (1816)?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Skiftet etter Claus Larsson Undertun i Gulen frå 1816 refererer m.a. til eit søskenbarn:Erik Aamundson (skal vera Aanundson!), som vart døypt i Hafslo i Sogn 25.7.1762. Han vart konfirmert i Hafslo i 1778 og forsvinn deretter!Då det i 1802 vart halde skifte etter faren i Hafslo, er Erik IKKJE nemnd, men ved skiftet frå 1816 heiter det at:Erik ''var styrmann som siglde frå Bergen''Eg finn ikkje Erik i FT1801 for Bergen og heller ikkje i Undersøkingskommisjonen frå 1804/1805, so kvar var han då?Eg vonar at kanskje einkvan har betre auge enn eg og kan hjelpa meg finna lagnaden til Erik Aamundson/Aanundson?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kan dette være din Erik blant matrosene i Bergen? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og interessnt innlegg. Dette må vera ''vår'' Erik, men kvar vart han av etter turen til Frankrike og Middelhavet i 1783? Deserterte han kanskje??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få bringa fram att dette tema frå 2006. Det er framleis eit ''mysterium'' kva som skjedde med Erik Aanundson, men er det i det heile mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden hans?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Jeg bare lurte på om Erik Amundsen var bror til Kari Amundsdt.? Se dåp 9/7 1809 KK til Carl Jensen. Siste faddernavnet? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for kjempespennande innlegg! Jau, det må vera morbroren Erik Amundsen som var fadder på Carl i 1809; med andre ord var Erik i Bergen på den tidi! Dette er jo eit skikkeleg ''gjennombrot'' på dette problemet! Men han er ikkje å sjå i Bergen 1815 eller i dødsfallslistene for Bergen etter 1809...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Erik Aanundson voks opp på husmannsplassen Stein (''Steen'') i Hafslo, og no ser eg at ein ''Erich Steen'' (74) døydde på ''De Søfarendes Fattighuus'' i St. Jørgen sokn, Bergen 22.1.1837 (Lenke). Eg trur dette må vera ''vår mann''. I alle høve stemmer alderen heilt nøyaktig!!Synspunkt?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.