Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kenneth Bratland

[#40348] Kirkebokoppslag Os i Hordaland dåp 1814

Recommended Posts

Gjest Kenneth Bratland

Hei!Den 10 juli 1814 blir ifølge FS Fredrik døpt i Os av foreldre Peder Nystrøm og Marta Olsdatter. Kan jeg få vite bostedet på foreldrene og om de var gift med hverandre. Det hadde også vært nyttig for meg å få vite navnet på fadderne. Den samme gutten blir konfirmert i Hamre: LenkeMvh.Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Foreldrene står som 'Peder Nystrøm og Marta Olsdatter Lepsøen'. Det står ikke noe om at barnet var 'uekte'. Fadrene: Niels Pedersen, Ole Nielsen, Størk Nielsen, Kari Olsdatter, Anne Pedersdatter Lepsøen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kenneth Bratland

Takk for hjelpen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

I databasen 'Vigde i Fana 1712 - 1841' vil du finna foreldra til unge Fredrik Pedersen: svensken 'Pottemager Peder Oluf Frideriksen Nystrøm' gifte seg 16 mai 1814 i Fana med 'Pige Marthe Pedersdatter Lepsøen'. Nystrøm var svenske (Petter Olle Frederiksen Nyström), Marta kom frå Lepsøy i Os, dotter av Peder Nilsson Lepsøy.Du finn meir om paret og borna deira (Fredrik fekk tre søstre) på ein husmannsplass under garden Lepsøy, sjå band II av bygdesoga for Os. Pottemakar Nystrøm var truleg den første handverkaren i sitt slag i Os, visstnok også ein dugande pottemakar. For handelsmannen,den seinare ordføraren i 'Ous', Hans Astrup Krüger; rosar Petter Nystrøm, og denne omtalen er altså attgjeve i bygdesoga.Nystrøm drukna i 1824, så borna vart tidleg farlause. Marta og borna flytte då vekk frå Lepsøy. Kanskje det er difor sonen Fredrik vart konfirmert i Hamre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kenneth Bratland

Dette var virkelig gode opplysninger! Takk skal du ha. Men kanskje du også vet fødselsåret til Marta Pedersdatter Lepsøy som var 13 år i 1801.Mvh.Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

.... har ikkje året for handa nett no men har notert meg fødsels/dødsdata på fleire av medlemene i denne huslyden. Eg kjem att med eit innlegg om dette, til dømes i kveld, også litt om opphavet til Marta Pedersdotter Lepsøy.So long!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Ja, pausen vart noko lenger enn først annonsert, men her kjem litt info om huslyden Nystrøm. Kan først ta litt om opphavet til Marta Pedersdotter.Ho vart fødd 1789 som dotter av gardbrukar Peder Nilsson, f. Midtsæter i Os (1756 - 1833) og kona Marta Nilsdtr. Lepsøy (1758 - 1832). Eldste son deira, Nils Pederson Lepsøy (1784 - 1857) overtok garden etter foreldra.Svensken Nystrøm rydja ein plass på Lepsøy som vart kalla Lindebråtet, truleg om lag i 1814. Denne plassen vart seinare overteken av Vinsjans (Vincentz) Pederson Lepsøy (1791 - 1871), bror av Nils Pederson og Marta Pedersdotter. To av fadrane til Fredrik Nystrøm er søsken av Marta Pedersdotter.Peder Nilsson Midtsæter-Lepsøy (1756) var son av Nils Jørgenson frå Øvre Boga i Fusa (1715 - 1765) og kona Marta Hansdtr. Midtsæter (1719 - 1802).Marta Nilsdotter Lepsøy (1758) var dotter av Nils Vinsjansson Lepsøy (1731 - 1765) og kona Barbro Nilsdtr. frå Storum i Os (1730 - 1810).Bygdesoga for Os skriv følgjande om Nystrøm(band II, s.472-473):'Peter Olle Nystrøm frå Sverike, f.ikr 1785, vart ikr. 1811 (10 mai 1814 i Fana) gift med Marta Pedersdtr. Lepsøy og busette seg her. Born: Fredrik, f.1814, Marie, f.1816, g.1846 Peder Knutson Eikedal, b.Frøland i Samnanger, sjå S.B. s.633. Marta, f.1818, g.1839 Mons Olson Lønningdal, sjå Lønningdal 4 (Sandbrekka). Berta, f.1822, ug..Peter var pottemakar og sette igang ein pottemakarverkstad på Lepsøy, det einaste 'industrielle anlegg' i Osbygdi på dei tider. Hans Astrup Krüger på Fusa, skriv um dette i sine 'Efterretninger om Ous Præstegjeld, meddelte i aaret 1817':'I Ous sogn, paa gaarden Lepsøe, har en svensker ved navn Nystrøm for nogle aare siden anlagt et lidet pottemageri. Han forfærdiger flere sorter grove leerkar, som han afsætter temmelig hurtig i Bergen, især forsynes de derværende apotheker med de fornødne krukker, der befindes fuldkommen saa gode som de fra udlandet. Det brugte leer har han taget hidtil nær ved søen under gaarden Skeie der tilhører Lysekloster, dog har han tillige fundet tjenligt leer paa Ous præstegaards grund paa flere steder'.Som ein ser var Peter Nystrøm ein dugande pottemakar. Han kom burt på sjøen på ei byferd nyttår 1824, og huslyden hans flytte då til Hovland (i Os).'Så langt bygdesoga for Os. Marta og borna flytte etterkvart ut av bygda - Fredrik vart jo konfirmert i Hamre, og enkja Marta døyr i Bergen, den 17. mai 1842, gravlagd 20. mai i DK. Ho budde då i Store Markeveg.Fredrik veit eg ikkje noko meir om, men søstrene han vende tilbake til Os/Samnanger. Marie Elisabeth (1816), døyr 05. februar 1894 i Samnanger. Marta (1818), døyr 19. juni 1886 i Lønningdalen i Os; og Berta (1822)som var ugift, døyr 14. januar 1905 på Våge i Samnanger, ein gard som ikkje er langt frå Lønningdal. Dei to gifte søstrene fekk mange born med mennene sine.Håper dette var til hjelp.Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kenneth Bratland

Dette var til stor hjelp! Takk skal du ha!mvh.Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Kenneth, er du merksam på tema nr 19540 i brukarforumet (januar 2004) omhandlande 'Fredrik Pettersen Nystrøm, Nord-Norge'?Han er fødd i Os, så det er nok den same Fredrik, men han har tydelegvis fått feil fødselsår i bygdeboka for Øksnes (1817 i staden for 1814).Elles vil eg presisera at Petter Olle Nystrøm og Marta Pedersdtr. Lepsøy vart gifte 16. mai 1814 i Fana, ikkje den 10. mai, slik eg skreiv i innlegg (7) her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kenneth Bratland

Nei det var jeg ikke klar over. Dette var nyttige opplysninger som jeg hadde bruk for. Takk skal du ha!Mvh.Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Dersom det er av interesse kan eg opplysa at ein svenske med namn 'Erich Nyestrøm' døyr i Bergen den 18. april 1839, og vert gravlagd frå DK to dagar seinare. Alderen hans er 56 år gammal, det vil seia at han er fødd ca 1783.Kan dette vera ein slektning (bror, syskenbarn etc.) av Petter Olle Nystrøm, fødd om lag 1785? Dødsårsaken er opopgjeven å vera astma, og fødestaden er 'Gefle'. Det må vel vera den svenske byen Gävle??I databasen 'Gravlagde i Bergen 1816 - 1886' står det slik:3946/2004/1804/Tømmermand/Erich/Nyestrøm/Fra Sygehuset/56 aar/M/Fra Gefle/Asma/K. frit/DomkirkenKanskje eit lite innlegg i det svenske Anbytarforumet om Nyström frå Gävle kan gje nokre avklarande opplysningar?Mvh.,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eg skulle sjølvsagt ha skrive i innlegg (11) at Erich Nyestrøm er den Einaste mannen med akkurat dét etternamnet som eg finn som død i Bergen.Og etter det eg veit fins ikkje den her oppgjevne fødestaden 'Gefle' som stadnamn her til lands - men, som nemnt, i Sverige. Byen Gävle ligg ved Austersjøen i Gävleborgs län, i det som også blir kalla Gästrikland.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.