Gå til innhold
Arkivverket

[#40360] Maria Knudsen Lund (1862) - utvandra 1894 til New Orleans, LA - lagnaden hennar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Maria Knudsen Lund(e), fødd i Hafslo 1.4.1862, flytte i ung alder til Bergen, men utvandra i 1894 med resiemål New Orleans, LA.Eg har søkt diverse folketeljingar i USA, men er ikkje i stand til å finna nokon god ''kandidat'' for Maria, so no vonar eg at kanskje einkvan i Brukarforum har betre auge enn eg og kan hjelpa meg finna ut kvar det vart av denne Maria?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunleif Seldal

Eit (godt?) tips: Marie Knudson, f. mars 1862, ugift, er i 1900 'dressmaker' i Boston, Massachusetts. Kanskje ho aldri kom seg til New Orleans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gunleif for interessant innlegg. Tja, kven veit. Opplysningane frå FT1900 for Boston er ikkje nok til å kunna slå fast identiteten til denne jenta, men sjølv om det manglar eit utvandringsår, er hoheilt klart eit alternativ... Ho arbeidde forresten som ''barnejente'' i Bergen, men kan sjølvsagt òg ha livnært seg med kjolesying...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Gjennom tema #32562 er det klart at Christopher Knutson Lund utvandra og busette seg i New Orleans, LA, so dette kan forklara kvifor Maria, ei yngre søster av Christopher, utvandra nettopp dit, og det vert vel då meir tvilsamt at ho flytte til Boston...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.