Gå til innhold
Arkivverket

[#40361] Julius Ragnvald Nilsson Bruland (1886) - utvandra 1905 til New York - lagnaden?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Julius Ragnvald Nilsson Bruland, fødd i Bergen 28.8.1886, utvandra til Amerika i 1905 og fór då til ein halvbror i New York!Julius var son av Nils Madson Bruland frå Førde og andre kona Andrea Knutsdotter Lunde frå Hafslo. Nils hadde vore gift før med Ragnhild Larsdotter Støle frå Etne og hadde m.a. desse sønene:* Rognald Mathias Nilsson Bruland, fødd i Bergen 24.2.1873* Nils Laurits Johan Nilsson Bruland, fødd i Bergen 29.7.1874Ein av desse to må det vera at Julius utvandra til i 1905, men eg har førebels ikkje vore i stand til å finna att nokon av dei i Amerika.Er det nokon som kan hjelpa meg lokalisera Julius og/eller brørne hans i Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Håklev

Jeg lurer på ..... Kan de ha brukt navnet Madsen ?På WW1 Draft reg card finnes en Ragnvald Madsen f.24/2-1873 og en Julius Ragnvald Madsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Solveig for imponerande og spennande innlegg!Eg har vore inn og kikka på WW1 registreringi til Julius Ragnvald Madsen, og det er ikkje tvil om at det er ''vår'' Julius som i 1917 verva seg som soldat i første verdskrigen. Det går fram at han då budde i Seattle, King Co., WA, at han var gift og hadde eitt barn, men diverre er ikkje namnet på kona oppgjeve.Men kvar vart det av Julius? Eg finn ikkje nokon Julius Madsen korkje i 1920 eller 1920 som høver, og heller ikkje finn eg nokon Madsen i Seattle, WA i 1920 som liknar på kona hans...Men eg takkar på ny for flotte opplysningar so langt og vonar lagnaden til denne huslyden kan sporast vidare!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.