Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut R Sande

[#40737] Frå Lom til Bud/Hustad

Recommended Posts

Gjest Knut R Sande

I 1839 er det eit arveskifte etter Sigri Larsdotter Korshaug som døydde 47 år gammal, 2.5 1835. Enkemannen heitte Ole Halvorsen. Desse borna er nemnd: 1. Lars Olsen 2. Berthe Larsdtr!! 3. Eldri Olsdtr. Eg stussar på om det kan vere skrivefeil, Larsdtr i staden for Olsdtr?Ved søk på FS fann eg eit par med born Lars f 22.10 1823 og Eldri f 1.8. 1826, men ingen Berthe.Er det nokon med kunnskap om N Gudbrandsdal som kan kjenne att dette paret, og borna? Lars og Ole blei båe gift her hausten 1851. Denne Berthe har eg ikkje nokon kjennskap til.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfinn Kjelland

Det stemmer nok at denne familien var frå Lom. Dei står i Bygdabok for Lom bd. 2 (utg. Lom kommune 2002) s. 522, under plassen Blakarsberget. Det var skifte etter mor til Sigrid i 1836 og der framgår det at ho var død og at familien var flytt til 'Trondhjem' (sikkert i tydinga nordafjells).Også dottera Berthe (Brit) er rett. Sigrid var gift før ho gifta seg med Ola (i 1821), og hadde dottera Brit f. 1810 med Lars Olsson. Dei budde på Duvdalen under Blakar da Brit vart fødd (bd. 2 s. 506).Viss du er interessert i linene bakover kan du låne inn denne bygdeboka gjennom biblioteket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Takk for mange opplysningar om desse folka.Neste spørsmål er: Eg nemnde Lars Olsen gifta seg i 1851, brura var Berit Nilsdotter frå Rollaug. Faren hennar var Nils Torgersen, han og frå Rollaug. Dette paret budde ei tid på plassen Worpen under Karlsvik i Bud. Eg finn dei ikkje i Bud Prestegjeld ved FT 1865, eg finn heller ikkje at dei er døde her. Kor er dei blitt av? Er det nokon som kjenner til kor Lars frå Lom og Berit frå Rollaug heldt til ved FT 1865? Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Iren Neergård

Denne Lars Lenke kan vel være aktuell. Enkemann som har giftet seg igjen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Eg trur eg fann dei i Gulstad i Hadsel Nordland. Eg prøver å lage lenke.LenkeKnut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Takk til Britt Iren.Eg burde sjå at dei var utflytta frå Bud. Eg fann dei ved å ta eit landsdekkande søk i FT1865 etter Lars Olsen frå Lom og med omtrent riktig alder. Det ga treff i Hadsel. No ser eg at lenka eg laga ikkje verkar lenger. Dette skjer ofte med mine lenker. Er det nokon som kan forklare kva eg gjer feil?Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.