Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#41027] Bygdebøker for Odda og Røldal, er dei utselde?

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I samband med eit arbeidsoppdrag skulle eg hatt tak i bygdebøker for Odda og Røldal. Etter det dei sa på ein bokhandel i Odda, så var bygdebøkene utselde. Det er særskild tre gardar eller stadar i kommunen eg er interessert i. Det er Freim i Odda sentrum, Håre el. Horde i Røldal og Einungastølen i Valldalen. Er det nokon som veit om det finst bygdebøker for desse stadane i Odda kommune?Mvh Finn Oldervik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Ja, det finnes. Vedk Røldal bygdebok ved Knut og Alma Dalen regner jeg med at du må låne via bibliotek, så vidt jeg vet er den utsolgt. Håra i Røldal(av gammel norsk Horde. Einungastølen finner jeg ikke i bygdeboka, det står bare Valldalen. Freim finner du i gards og ættesoge for Odda, Ullensvang og Kinsarvik, bind 3.II. ved Olav Kolltveit. Sistnevnte bygdebok er såvidt jeg vet kommet i nytt opplag, men prøv Hardanger historielag, finner dem på nettet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Karin!Eg går ut frå at Einungastølen er omtala i bolken om Valldalen? No er det mest gardssoga eg er interessert i og då undrast eg på om det er ei samla gards- og ættesoge for dei tre stadane eller om gardssoga er å finna i eigne bøker?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Valldalen, Røldal er en samlebetegnelse på et gammelt stølsbol, som ble neddemmet i 1960 årene. Valldalen er en av de mest kjente innfallsportene til Hardangervidda. Iht bygdeboka, under Valldalen, lå det 3 bruk der, Austhus, Vesthus og Midthus. Men jeg skal notere meg navnet og spør noen røldøler.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Hei Karin og takk for vidare opplysningar om Valldalen!Tidleg oppe som vanleg om sundagsmorgonane ser eg. Den Einungastølen eg er ute etter opplysningar om, ligg litt nedaføre Valldalsvatnet og det renn ei lita elv forbi stølen der som heiter Einungastølsåni. I og med at Einungastølen ligg litt nedaføre Valldalsvatnet så er den ikkje neddemt. Sjølv om geitehaldet der har teke slutt for mange år sidan og bjørkeskogen er i ferd med å gjera det uframkomeleg i området, så eksisterer Einungastølen framleis. Nyfiken som eg er på alt gamalt så skulle eg gjerne ha visst litt om historia til den gamle seterstøylen. Eg legg ved eit bilete som vart teke for to-tre dagar sidan, der ein i bakgrunnen kan sjå enden av det oppdemte Valldalsvatnet og vegen som går innover langs vatnet. I framgrunnen ser ein Einungastølsåni litt nedom vatnet der ho har sitt utspring. Biletet er teke seint om kvelden.

bilete1055. i bakgrunnen kan ein skimta demninga og valldalsvatnet 022.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det ser ikkje ut til at biletet er kome på plass, men skal prøve å leggja det inn ein gong til.

bilete1056. i bakgrunnen kan ein skimta demninga og valldalsvatnet 022.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.