Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#41373] Ola Johannesson og Johanne Andersdtr. flytta frå Solund, men kvar vart dei av?


Recommended Posts

Gjest Alf Strand

Johanna Andersdtr. Olderkalv, f. 3/9 1839. Gift 7/8 1875 m. Ola Johannesson Storøy, f. 5/3 1850. Dei budde på Storøy i Solund 1876. I 1880 er det sagt at dei bur i Ålesund. Men eg har så langt ikkje funne spor etter dei. Nokon som kan hjelpa?Alf

  • 4 år senere...
Gjest Gisle Hersvik

Hei Alf,Eg har streva med denne familien lenge, men klarer ikkje å finne ut kvar Ole og Johanna tok vegen. Eg har omsider funne at dei fekk ein son i Ålesund, men først i 1879;Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ålesund, Ministerialbok nr. 529A04 (1878-1885), Fødte og døpte 1879, side 27.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5719&idx_id=5719&uid=ny&idx_side=-30>LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 60 - Severin Andreas f. 1.6.1879.Han må då vere identisk med Andreas Severin som vi finn att under Steindal ved FT1900 Solund;

Gjest Gisle Hersvik

Severin Andreas dø i 1909;Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Klokkerbok nr. A 2 (1893-1921), Døde og begravede 1908-1909, side 121.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6932&idx_id=6932&uid=ny&idx_side=-71>LenkePermanent bildelenke:

Gjest Alf Strand

Takk til Gisle som tok opp att dette temaet. Enke Johanne Andersdtr. f. Olderkalv 1841, døyr i Stokkevåg 25/3 1896. Det kan vera ho,sjølv om fødselsåret ikkje stemmer. Men eg finn i alle fall ikkje nokon annan som passar betre.Ola Johannesson må vera død tidlegare, men truleg ikkje i Solund.Alf

Gjest Gisle Hersvik

Hei Alf,Har du funne Johanne Andersdtr og sonen som innflytta til Solund? Eller var det ikkje vanleg å før dette?Då burde kanskje Ole Johannesson ha døydd i Ålesund, eller ein annan stad langs kysten?

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.