Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Skorpen

[#41910] Iver Skonseng, avretta om lag 1675 (Rana)

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

I visa 'Forskrækkelig Blodskam som er sked af en gammel Mand ved Navn Iver Skonseng' skriv Petter Dass gjennom 30 vers om forbrytelsen og dommen. Vers 1 - 15 er utforma som ein formaning til folk som er til stades ved avrettinga, vers 16 - 27 som ein prests formaning til den dødsdømde, vers 28 - 30 som ein bøn for sjela til Iver.I følgje visa vart brotsverket oppdaga i 1674. Eg har lyst til å rekke etter om eg kan finne historisk dokumentasjon.Dersom nokon har informasjon om dette, er eg interessert.Så vidt eg veit finst det ikkje tingbøker for Rana (Helgeland) frå denne tida. Men er det sannsynleg at ein dødsdom har vore behandla i ein høgre rett, og difor finst i sentrale arkiv?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Hansen

Hei.Jeg har ikke så mye å tilføre denne debatten, men jeg kan jo prøve å holde den varm med et lite utdrag av diktet til Petter Dass:Der at Folket i Kalender Sjuti samt og fire skrev, En uhørlig Ertz-Blodskjænder Blandt os her opdaget blev, Som nu paa sin' gamle Dage Dødsens Øxe maatte smage.Iver Skonseng man ham kalder, Sad paa Skonseng al sin Tid, Var en Mand af Aar og Alder Som en Due ganske hvid; Men hans graa Haar, som I hørde, Blev med Skam til Graven førde.Han ei bluedes at krænke Tvende Gang' sit eget Blod; Først daa sov han hos sin Frænke, Derfor sprang der fuld Mandsbod. For det Barn, han den Tid aatte, Han sin Hals nu række maatte.Samme Frænkes Sammenblanden, Der af blev en Datter fød; Hun var den, med hvilken Fanden Slet fortrylte Ivers Kjød, Saa han med Naturens Bylde Selv sin egen Datter fylde.Og en lenke til Ivar på Skonseng i 1666: Lenke -MvhKnut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Sund

Hei!Kan nå skrive av det som Anders Frøholm skriver i Mo prestegjelds gardshistorie, s. 173Iver Olsen 64 år i 1666, var husmann i 1652, br. 1/2 våg oml. 1661-74. Han er kjent frå diktet 'Forskrekkelig Blodskam som er sked af en gamel Mand ved Navn Iver Skonseng' av Petter Dass. Iver fekk først ei dotter med frenka si og vart i 1674 dømt til døden for blodskam, då han fekk barn med denne dotra si. Barnet skulle etter segna være drukna i 'Druknhølet', eit lite vasshol tett vest for husa på Bakken, der Iver ventelig har hatt husa sine. Bruket hans vart så delt mellom dei to andre brukarane.Hilsen Solveig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Takk så langt!I kjelda Knut Hansen fann fram til var det litt vanskeleg å sortere kva for søner som høyrde til kven, vi må kanskje til originalkjelda og sjå evt klammer for å halde styr på dette.Og så var det kor ein bør leite etter evt høgare rettsbehandling av saka. For det var vel slik i 1675 at alle saker med dødsdom gjekk til ein høgre rett?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kurt Dahlstrøm

Det var lagretten på 'bygdetinga' som handsama og dømte slike saker.Eit døme: På vårtinget for Alstahaug prestegjeld som vart halde på Sandnes den 22 april 1709 var bla. denne saka: 'Kongens foget ladet fremføre it letferdigt qvindfolk nafn Eli Christofersdatter, ugift og verende hos hindis forældre paa en gaard kaldis Klippen paa Ofersøen i Tiøtøe fiering'. Ho vart beskyldt for å ha 'auflet it barn og det i dølsmaal fød fader en uformyntlig dreng: Bendicht Nielssen - tjent hindis forældre i 4 års tid'.Ho vart dømt til døden for dette brotsverk. Dommen vart fullbyrda den 22 mai samme år på Offersøya. På staden kor den utilgivelige handlinga skjedde. (Justisprotokoll for Helgeland nr. 3, folio 221).Mvh Kurt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.