Gå til innhold
Arkivverket
Gjest John H. Aarønes

[#44309] Oluf Jonsen Abelset (ca. 1570 - ca. 1653) Ørskog på Sunnmøre

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Ei av dei mest velsette og rikaste slektene på Sunnmøre var Abelseth-ætta.Den første kjente mann av Abelset-slekta er Oluf Jonsen, som i skattemanntalet 1603 var kronas leiglending og svarte 10 rdl. i skatt. Han svarte også skatt for 4 mellag bortbygsla jordegods.Garden brukte han saman med ein Otto, og der nemnes også ein Ingebrigt og Haavard Abervold, som kan vere frå garden Storvik. I 1614 brukte Oluf Abelset 4 pund fisk og Ingebrigt Abelvold 2 pund. Garden var skyldsett til 1 1/2 vog fisk.I 1618 betaler han odelsskatt av 8 mellag, i 1640 av 10 mellag, i 1643 av 3 1/2 vog fisk (lensregneskapa).I koppskattmanntalet betalte han. 1 ort; hans qvinde oc søn, og hans to drenger og pike 1 ort.Oluf var lensmann til til han døydde i 1653. Han kan vere født ca. 1570. Lensmannsdistriktet Valle skipreide omfatta Skodje og Ørskog og mesteparten av Sykkylvens herad. I 1649 møtte sonen Laurits på tinget som lensmann 'for faderens svagheds skyld' . (Fylkestinget på Molvær d.12/2-1649,, tingbok nr.2 f. Sunnmøre.)Kven Oluf Abelset har vore gift med veit eg ikkje. Men sidan dei fleste av barna har ei dotter ved namn Ragnhild, ligg det nær å tro at namnet kunne vere Ragnhild (Lauritsdatter?)Nokre kjelder seier Oluf Jonsen Abelset døydde i 1655 (Bygdebok for Ørskog: Død 1652), men skifte etter ham er datert Abelset 10/10 1655. (Gl. dok. Bergenshus.) Berrre jordegodset vert nemnt , 10 mellag i Sjøholt 1 pund i Egge, 2 mel!. i Sjøholtstrand og 1 1/2 mell. i Hatlen, alle i Ørskog.Ved tinget i Spjelkavik 1614 møtte han som lagrettemann.Dei fleste av desse opplysningane har eg frå eit hefte av Magnar Kruse Bjørge ”Familien Abelseth”, Ålesund 1960. Heftet er på Ålesund Bibliotek.Det vert spekulert i om han kom fra Aurdal i Sykkylven. Veit nokon om evt. kjelder ein kan leite i for å finne ut om det kan vere noko hald i den spekulasjonen? Har nokon tips om kven kona kunne vere?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eit pergamentsbrev datert Fylkestinget på Nordmøre 16. mai 1580 fortel om ein tvist om garden Torset i Aure. Her vert det avgjort at Knut på Apelsetter (Abelset?) skal ha 2 øre 8 marklag i Torset fordi han var av 'kvinde kne' og Sinnof Lassedotter fekk 4 øre 8 marklag fordi ho var av 'karle kne'.Om denne Knut på Abelset har noko med Oluf Jonsson du omtalar veit eg ikkje. Det finst også fleire brev som vedkjem Torset som viser at eigedomsretten ligg spreidd rundt på mange gardar i Romsdalen, m.a. Skeide i Voll i 1614, seinare Skorgen, Sletfjerding, Rødven, Harvold, Hundnes, Herje, Opdøl, Sandnes, Rø, Bergsviken.Torset måtte i sin tid ha tilhøyrd Aspagodset, då eit gamalt skjøte vart funne blant Aspabreva (Først på 1400-talet etter det eg hugsar). Det var den gongen snakk om ein Peter Nicolausson.Det kan kanskje også vera at persongalleriet i Holsbødomen frå 1605 er involvert litt i eigedomsretten til Torset?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det er innlysande at både Ola Jonson på Apalset og kona, rimelegvis ei Ragnhild, begge var av svært framståande ætter. Jordeiga viser dette klart:Store-Rasmus og ætta hans eigde storgarden Lid i Ørskog, som grensar til storgarden Sylte (seinare Sjøholt med Sjøholtstrand og Eggane samt Apalset), som igjen grensar til storgarden Lande (seinare oppdelt i mange fleire gardar). Eigarane av det vi kan kalle Landegodset først på 1600-talet var dels Store-Rasmus sine slektningar, men i hovedsak Anne Iversdatter, datter av nordalspresten Iver Eriksen, og gift med borgaren Peder Pedersen i Vegsund, seinare med borgaren Oluf Glad. Sjå tema LenkeGodset i Lid-Sylte-Lande var rimelegvis i eiga til den Halvard i Lid og fleire som er nemnde i den såkalte Sunnmørsættleggen fra kring 1350. Herborg Berdorsdatter som i 1325 kjøpte seg provent i Trondheim høyrte tvillaust til denne ætta, like eins Jon Mok, ektemannen til hustru Ragna Ingemundsdatter (eg viser til dine sider om ætta Abelset, men eg har ikkje lenka for handa).Desverre manglar vi kilder til å knyte ihop mellomaldereigarane av dette godset og eigarane kring 1600. Men rimelegvis var det samme ætta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for desse svara Finn og Bjørn! Dette var mykje nytt stoff for meg. Skal bli spanande å leite vidare ut frå desse opplysningane.Her er lenka du ikkje hadde for handa.[url="http://home.online.no/~aaroenes/Slekt/Abelset/abelseth.htm>LenkeMed god hjelp av Harams-folk og andre har eg fått kjennskap til at ei grein av denne ætta har 'vandra' frå Abelset, via Solnør, Haram, Sandøy (Marø) og til Hustad i Romsdal. Difor denne fornya interessa frå mi side.Dette kjem fram i ein annan tråd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det er vel rimeleg klargjort at den Lisbeth Sjursdotter som vert nemnd på Riksheim under generasjon 2 (under lenka di), er dotter til Sjur Torkildsson og Guri Audunsdotter Aspa på Vikstrøm på Hitra i Sør-Trøndelag. Sjur Torkildson er som kjend son til Hemnepresten Torkild Sjurson med røter i Sykkulven (om eg ikkje hugsar feil). Guri var dotter til Audun Torsteinsson og Hustru Lisbeth i Aspa i Tingvoll (Straumsnes).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Når det gjelder sambandet mellom Apalset og Torset i Aure (Sjå innlegg nr. 2), så kan eg også nemna eit brev datert Rødven 31. jan. 1614. Dette fortel at ein Iver på Skeide (Voll) skjøta på vegne av seg og kona, Kari Skeide, til stesonen sin, born og arvingar (vel kona sine?) til Oluf Knutsson 2 1/2 pund fiskes leie i Torset. I tillegg skjøta broren, som også heitte Oluf Knutsson 1/2 pund fiskes leie i same garden. Truleg hadde den første Oluf også arva 1/2 pund fiskes leie i Torset, slik at han no åtte 3 1/2 pund fiskes leie til saman. Om 1 pund fisk og 1 øre smørskyld utgjorde det same på den tida, så vart Oluf Knutson nr. 1 eigar av halve Torsetgarden i Aursundet (ikkje i Torsetsundet slik det står i DN). Eg veit at smør og fisk til dels har vore jamstelt som landskyld, men i Romsdalen så har vel og smør vore dobbelt så mykje verd som fisk i periodar. Er det nokon som veit korleis dette var i 1614?Det er jo freistande å tru at begge desse Olav-karane i 1614 var søner til Knut på Apalset i 1580, og at Kari Skeide tidlegare hadde vore gift med denne Knuten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eit par spørsmål til Finn:1) Finst det ein gard Apalset på Nordmøre eller i Fosen (til liks med Apalset på Sunnmøre og Apalset i Nordfjord), eller må vi rekne med at Knut Apalset 1580 budde på Sunnmøre?2) Veit vi no fornamnet på kona til Sjur Torkelson? Er det stadfesta at denne Audunsdatra heitte Guri?3) Sjur Torkelson hadde m.a ei datter Lisbet, men er det stadfesta at ho var gift med Lauge Jenssen på Riksheim (som tvillaust var gift med ei datter av Sjur)?Eg har 'rast' gjennom dei lange ordskifta om Sjur og ætta hans, men det er ikkje visst at eg har fått med meg alt, og eg ser ikkje vekk fra at det har komme fram eitkvart nytt (det er jo svært sannsynlig at Guri på Vikstraum hadde vore gift med Sjur).Til John:Vi har eit omfattande dokument fra kring 1660 om salet av ein øydegard i Ramstaddalen til herr Christen Hegelund i Ørskog. Tallet på seljarar var 50-60, og opphavet til somme av disse seljarane kan vi følge tilbake til tidlig 1500-tall. Det er eit spørsmål om ikkje opphavet til Abelset-ætta også er å finne der.Eg har ikkje fått pakka ut arkivet mitt enno, men det blir gjort ein av dagane, og då skal eg ta for meg dette dokumentet.Endelig: Det er herlig her ute i havet, velstelt, sivilisert og moderne, men det er ikkje Syden, heldigvis.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Hjerteleg takk! Dette var spennande!Dette finn eg i O. Rygh ved søk på Apalset, der er nemnt Afset i Kvernes.38. Apalset. Udt. a2palsæt. -- i Apaldzsætre DN. IV 152, 1325 af Apalasætre AB. 81. Appallasæter AB. 81 s. Abbelsetter NRJ. II 105. Appelßeter OE. 3. Abelsetter 1603. 1606. Appelsetter 1616. Abbelsetter 1666. Abildsett, Abelset 1723.Apaldrssetr, af apaldr, Vildæbletræ. Samme Navn er Apaldsæter i Vevring og i Gloppen og Afset i Kvernes, sandsynlig ogsaa Afset paa 2 Steder i Ringsaker. Se Bd. III S. 31. Indl. S. 42. Jfr. ogsaa Skodje GN. 16.Til Finn: Dokumentet frå Rødven kvar finn ein det?Elles les eg i dei to bygdebøkene eg har frå Sykkylven (II og III). Der står det mykje interessant. Dei står sanneleg på desse bygdebokforfattarane!Til Bjørn: Det skal verte spennande å høyre meir frå Ponta Delgada om dokumentet frå ca. 1660. Gratulerer med opprykk til Tippeligaen, sjølv som (ex) - moldensar gler eg meg over opprykket!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til Bjørn (innlegg 7)Spørsmål nr. 1.:Det har vore fundert litt på om Apalsetter i brevet fra 1580 kunne ha vore Avset på Averøya, men dette gjev inga meining. Om det finst ein gard i Fosen med dette namnet, så kjenner ikkje eg til denne garden i alle fall. Når det i neste omgang er snakk om personar knytt til Romsdalen, så er jo Apalset i Ørskog nærliggjande å tenkja på.Spørsmål nr. 2.: Når det gjeld kona til Sjur Torkildsson, så er det kanskje ikkje 100 % prova at ho heitte Guri. No var det slik at Guri på Vikstrøm peikar seg ut som det einaste reelle alternativet, både kva gjeld mengda av jordeige, og at ho i 1647 står som eigar av kjent Aspagods på Nordmøre. Sjølv er eg ikkje det minste i tvil om at kona til Sjur må vera identisk med Guri på Vikstrøm.Spørsmål 3: Her har eg ikkje noko svar, då eg kjenner for dårleg til denne slektskrinsen på Sunnmøre. Ein må truleg analysera alle skriftlege kjelder grundigare for å gje eit endeleg svar på spørsmålet. Eit indisium på at det var slik, er jo at Elisabeth el. Lisbeth ser ut til å gå igjen i etterslekta.Eit spørsmål til gjengjeld: Er det sikkert at den 'første' Oluf på Abelset heiter Oluf Jonsson og ikkje Oluf Knutsson ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg kan jo også ta med eit utdrag av eit brev datert 7. sept. 1617 (1647?). Dette brevet fortel om følgjande personar i Romsdalen som skjøtar 2 pund i Torset til Oluf Knutsson på Torset og kona hans, 'Sunduffue' Olsdotter. Dette gjeld:1. Oluf Olufsson Skorgen på sin hustru, Ingeborg Knutsdotters vegne.2. Steffen Lauritsson Sletfjerding på egne og hustru Anne Bottelsdotters vegne3. Erik Lauritsson Rødven på egne og hustru Sunduffue Olsdotters vegne4. Ingebrigt (Sivert?) Harvold på egne og hustru Ingeborg Olsdotters vegne.5. Lasse Børgesson Herje på egne vegne, samt på vegne av:6: Ingeborg Andersdotter på Opdøl og hendes borns vegne, samt;7: Karen Olsdotter på Sandnes og hendes borns vegne.8. Oluf Olufsson på Rø på egne og med sin søster;9. Gu... (Olsdotter?) og hendes borns samtykke.10. Christen Andersson Bergsviken på egne og med fullmakt fra:11. Niels Andersson på Se.....Desse skjøta altså 2 pund fiskes leie til sin kjære brodersønn, Oluf Knutsson på Torset og hans Hustru Synnøve Olsdotter, born og arvinger.Dette skjøtet fortel eigentleg mest om slektsrelasjoner i Romsdalen og mindre om slekta på Apalset, men det kan jo vera eit samband.Bjørn Jonson Dale nemner jo ein viss Store-Rasmus i første innlegget sitt. Eg har ein mistanke om at nokre av desse personane kan knytast nettopp til han.John spør i innlegg nr. 8 kvar ein finn dokumentet datert Rødven. Eg meinar det er i Bergen, men hugsar ikkje sikkert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Det enklaste først: Lensmannen på Apalset i Ørskog heitte tvillaust Ola Jonson.Ad Guri på Vikstraum: Eg trur ikkje vi kjem nærare enn det som er komme fram til no, dvs at ho må ha vore enka etter Sjur Torkelson.Ad Knut Apalset 1580: Førebels vil eg rekne han som nordmøring, buande på Avset.Spørsmålet om fornamnet til Lauge Jenssen må, etter mitt skjønn, enno stå ope.Når det gjeld ætte- og eigedomssambanda mellom Sunnmøre og Romsdal (og Nordmøre med) på 1500- og 1600-tallet er det enno svært mykje ugranska tilfang. Grunnen til dette kan vere at den avstanden mellom disse gamle nabofylka som oppsto i nyare tid er blitt projisert tilbake til eldre tider, då heile området kan ha vore mykje meir integrert enn seinare.Fotball: Er det ikkje stor fare for at sunnmøringane blir alt for høge på pæra (som om vi ikkje er høge nok i hatten fra før...) når Ålesund har gjort opprykk og Molde det motsette?Her er klokka kvart over elleve, vindstilt, opplett og 14 grader.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Herlof Grüner heldt eit kåseri i 1964 i samband med innviinga av Rødven kirke - her er eit utdrag:'Erik Larson Jemt er nevnt i skattemanntallene til 1651. Han var lensmann i Rødven otting, og Rødven er lensmannsgard og tingsted. 1645 er lensmannen nevnt i koppskattemanntallet. Han hadde kone og 1 sønn heime på garden, tjenestedreng og to piker. Han åtte 1 1/2. våg fiskeleie odelsgods og var skattefri. Han hadde vel flere barn, men bare to sønner kjennes: Jon som 1636 gifta seg med ei enke på storgarden Myklebostad i Vistdal. Tron som brukte 2 våg og 2 pund fisk i denne gard var død, og Jon gifta seg med enka. 1651 nevnes lensmann Erik Larson for siste gang og sønnen Knut har overtatt garden og 11/2 våg fiskeleie odelsgods, som var hele daværende Rødven gard.'Her er ei [url="http://home.online.no/~aaroenes/artikler/rodven_gaard.htm>Lenke til kåseriet som vart trykt i årskriftet for Romsdals sogelag.Kan dette vere den Erik Lauritsen Rødven som du nemner Finn?Han er etter Grüner datterson til Veøypresten Nils Knutsen og Gurå Rasmusdatter. Gurå er søster til Anders Torstenson på Hurrel og broren Rasmus Torsteinson Farstad som vert nemnt i Holsbødommen og som Finn nemner.Her finn du denne dommen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Skal berre fort nemna Bjørn sin påstand om at Knut på Apalsetter er nordmøring og Averøying.Det vert aldri seinare nemnd nokon frå denne delen av Nordmøre med eigedomsrett i Torset. Tvert imot kan du sjå at eigarane er knytt til Romsdalen, og den næraste av dei som er nemnd i 1617 (1647?) er frå Skorgen. Dei fleste med nokolunde geografikunnskapar frå Møre veit at dette så å seia er nabogard til Apalset. Den første Knut-en var nok frå Apalset i Ørskog!!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Skiftet av jordegodset til Ola Jonson på Apalset fann stad 10. oktober 1653 (ikkje 1655), og han var vel daud før den tid. Originalen skal vere på Riksarkivet, innlånt fra vitskapsselskapet i Trondheim.Av skiftet går det fram at Ola Jonson hadde seks barn, nemlig sønene Ola Olson på Solnør Lauritz Olson på Apalset, og døtrene Birgitte Olsdatter (utan bustadnamn) og Anne Olsdatter Aurdal samt ei datter gift med ein Ola (mor til ei yngre Birgitte Olsdatter) og ei datter gift med ein Gunnar (mor til gunnarsdøtrene Ragnhild og Ingeborg). Heile jordegodset til Ola Jonson blei rekna til 14 mællag, og ein brorlut av dette til 3,5 mællag. Ola Solnør løyste ut søstrene og søsterdøtren og satt då med 10,5 mællag (10 mællag i Sjøholt og 1 pund i øydegarden Egge, som hadde nominell skuld på 1 pund fisk = 1,33 mællag nominell). Lauritz Apalset sin brorlut var 2 mællag i Sjøholtstrand og 1,5 mællag i Hatlen.Av dette ser vi at Ola Jonson (eller kona) si eige i storgarden Sylte, no Sjøholt, var temmelig stor, nemlig 12 mællag (10 i Sjøholt + 2 mællag i Sjøholtstrand) eller, som gikk for det samme, 3 våger fisk (1,5 spann/laupar smør i meir nordlig terminologi). Denne jordeiga svarte til 3-4 leiglendingar.Dokumentet om Nysetra i Ramstaddalen er fra 1658; eg skal komme tilbake til dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til John (Innlegg 12).Ein Erik Larsson Rødven på den tida du nemner kan neppe vera anna enn identisk med den Erik Lauritsson som eg nemner i det aktuelle skjøtet. Dette skulle kanskje indikera at det skjøtet eg nemner i innlegg nr. 10 er utstedd i 1647 heller enn i 1617.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torkild Knudsen

Litt om Rødven under tema 40364

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

En kommentar til Finns svar i (9):Spørsmål 2: Etter en tids diskusjon i DA 28092 om slekten til Hemnepresten Torkel Sjursen, var det Finn selv som i sitt innlegg (56) antydet at Guri Vikstrøm kunne være identisk med prestesønnen Sjur Torkelsens inntil da navnløse kone av Aspaslekten. Alt tyder på at dette er riktig, bl.a. hennes store formue, og at hun nok heter Guri etter sin farmor Guri Jonsd. Etter første mannens død er hun på Vikstrøm tydeligvis gift med Jørgen Knutsen, som jeg antar er den samme som den Jørgen Knutsen som Svein Tore Dahl i sin bok om embetsmenn i Midt-Norge (1. bind s. 116) nevner som fut i Fosen en kortere tid rundt 1612. Med sin andre mann får nok Guri sønnen Sivert Jørgensen, f. 1612, nok kalt etter første mann, nevnt som lensmann med største bruket på Vikstrøm i 1664 (Hitra II s. 256).For øvrig nevnes i saken i 1578 om gården Ramstad i nåværende Sykkylven (Hemneboka I s. 141) Gjervid Knutsen, som har fått søsterpart der, mens brorpart er gått til hr. Torkel Sjursens foreldre. Med datidens tette forbindelser i slike slekter i minne kan en jo undres på om det kan finnes en sammenheng mellom Guris andre mann, Jørgen Knutsen, og Gjervid Knutsen, som altså et par generasjoner tidligere tilhører familien til Guris første mann (f.eks. at Jørgen kan være en initialoppkalt sønnesønn av Gjervid).Spørsmål 3: I DA 28092 kom vi så vidt jeg husker til den konklusjon at Lauge Jenssens kone på Riksheim er en hittil navnløs datter av Sjur Torkelsen og Guri Audensd., mens hennes søster, Lisbet Sjursd., vel også nevnt i forbindelse med eiendommer i Sykkylven, da muligens kan være gift med Adrian Rockertsen (Falck) på Vikstrøm (som neppe er gift med søsteren Berit Sjursd., enke etter kapellan Ole Olsen). Adrian eier i alle fall noe av Guris gods. I innlegg (66) i 28092 gir jeg for øvrig en oversikt over barneflokken til Guri Audensd. Aspa og hennes to menn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Til innlegg 7 Abelvig finst i Agdenes. Det er skrive Appeluig i 1664 (NG bd XIV, s 46).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Dokumentet om salet av Nysetra i Ramstaddalen i 1658 kan snautt seie noke om opphavet til Abelset-ætta, ulikt det eg trudde, men kanskje derimot om opphavet til Margrete Laugesdatter Gamst, for det var ho som gjennom eigarluten sin i Ramstad må ha fått ein liten lut i Nysetra.Eigedomstilhøva for Ramstad kring 1580 må ha vore slik: Heile garden var på 16 mællag eller 4 våger fisk. Av dette eigde Ørskog kirke 1 mællag, 'odelsbønder' 10 mællag, Torkel Sjurson sine arvingar 2,5 mællag og Gjervald Knutson på Synes 2,5 mællag. Disse sistnemnte 5 mællaga hadde Torkel Sjurson sine arvingar bygselretten til fordi dei var av 'karlekne'. Dette vil seie at Gjervald, som var av 'kvinnekne' bare fikk landskyld av sine 2,5 mællag. Det dreidde seg dermed ikkje om ein brorlut og ein søsterlut. Det er likevel rimelig å rekne med at Torkel og Gjervald var i nær slekt.Gjervald Knutson hadde pansett sine 2,5 mællag til Tomas Jonson (Randall) til Spjelkavik, men 21. mai 1580 løyste herr Mikkel Christensen ut dette jordegodset med ei ku og ei tønne smør. Sidan var 5 mællag i Torkelætta si eige.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Det kan vel muligens like gjerne være Gjervids kone som er i slekt med hr. Torkel. Har for øvrig notert på en lapp at Tomas Jonsen er sønn av Bergens borgermester Jon Tomassen Randal og hustru Magdalena Tørresd. fra Igerøya. Men han deltar vel her kun som panthaver, og tilhører vel ikke slekten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ja, det kan faktisk vere så enkelt, nemlig at kona til Gjervald Knutson t.d var søster til herr Torkel. Det er i alle fall med ein slik hypotese vi må byrje.Tomas Jonson Randall hadde det opphavet du skriv, og han var neppe i (nær) slekt med pantsettaren.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til mitt eige innlegg nr. 6.Om ein går ut frå at den Olav Knutsson Torset som får tilskjøta seg noko av Torset i Aure frå stefar sin, mora og broren, vert eigar av 3 1/2 pund fiskes leie, så skulle dette utgjera 1 øre 18 marklag i smørskyld (som var vanleg på Nordmøre). Dette er mindre enn det Knut Apalset fekk retten til i 1580. Så spørs det då om alle som er opprekna i skjøtet frå 1617 (1647?) også var av etterslekta til Knut? Om så var, så skulle det kanskje vera muleg å sirkla inn denne Knut på Apalset.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Etter Oluf Rygh finst disse gamle skrivemåtane for Afset (Avset) i Kvernes:b.13, s.321 11. Afset. Udt. a:2vsæt. -- Albetsetter (!) NRJ. II 66. Abelsett 1559. Abelsettir 1590. Auffsedt 1643. Auffset 1667. Afset 1723.*Apaldrssetr, se Ørskog GN. 38.Dermed er det ingen ting i vegen for at Knut på 'Apelsetter' i 1580 budde nett der, på det seinare Avset.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Korreksjon til siste innlegget mitt.Eigentleg veit vi sikkert, berre at Olav Knutsson fekk seg tilskjøta 3 pund fiskes leie i 1614, og om det er same Olav Knutsson, så fekk han seg tilskjøta 2 pund i 1617 (?). Dette vert til saman 5 pund, eller 2 øre 12 marklag. Dette viser seg å stemma fortreffeleg. I 1623 viser nemleg odelsskattemanntalet for Nordmøre at ein Olav på Torset eig nett 2 øre 12 marklag landskyld. Naboen hans på Torset heiter Nils Larsson og han eig 2 øre og 4 ml. I 1649 oppstod det noko ugreie om eigedomsretten til Torset og det vart da vedteke at Nils Larsson og Oluf Knutsson skulle ha 2 øre 8 marklag kvar. Det same skulle Kirsten Olsdotter Nålsund ha, Kirsten var inngift i Aspaætta. Seinare vart ho gift med lensmann Michel Olson Ertvåg, som igjen var bror til Hemnepresten, Christopher Olsson Røgh.Konklusjonen på dette må verta at alle dei 11 partane som er nemnd i skjøtet frå 1617 (som må vera det rette), må koma frå Knut på Apalset.Kirsti Olsdotter og Nils Larsson nedstammar helst frå Synnøve Larsdotter nemnd i 1580.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg tvilar lite på at det her er snakk om Abelset i Ørskog. At ei enkje skulle dra frå ytre Nordmøre for å finna seg ein mann langt inne i søre luten av Romsdalen finn eg svært lite sannsynleg. At ho kunne dra over Ørskogfjellet for å gifta seg med denne Romsdalingen finn eg mykje meir sannsynleg. Når etterslekta til Knut berre ser ut til å vera Romsdalingar, kjem det truleg av at enkja tok borneflokken med seg då ho flytta. Kanskje var ho derifrå også. Det same kan jo vera tilfelle med Knut på Apalset.Eg undrast da om det ligg føre opplysningar om kven som hadde Abelset føre Olav Jonsson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.