Gå til innhold
Arkivverket

[#44309] Oluf Jonsen Abelset (ca. 1570 - ca. 1653) Ørskog på Sunnmøre


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Om eigar- og brukartilhøva for Apalset før Ola Jonson si tid viser eg til Aarønes si side: LenkeEin fattig leiglending, Eilif, var brukar i 1520. Etter Hans Strøm skal det så, kring 1560, ha budd ein rik jyde på Apalset. Slike jydar hadde vi ein del av på Sunnmøre, og Mads Dalekar fikk tynt i vissa éin av dei, Nils Jensson på Follestad i Ørsta (Jyden på Follestad). Disse jydane kan ha vore med på å organisere den spede trelasthandelen på Sunnmøre i 1540-åra.Eg tviler ikkje på segna om jyden på Apalset, som Strøm gjenga, og eg reknar med at dei følgande brukarane på garden både var rike og aktive trelasthandlarar. Vi kan ikkje sjå vekk fra at ein Knut budde på Apalset i 1580, sjølv om eg meiner at denne Knut helst budde på det seinare Avset.Vi har ingen manntall for Sunnmøre mellom 1520 og 1603, men vi kjenner bøndene på Giskegodset i 1586. Apalset var krongods då, før erkebispegods. Dessutan er sørgelig få brev bevarte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Alderen på Erik Larsen Jemt er ikkje noko hinder for at dokumentet Finn nemner er frå 1617. Faren må vere daud før 1603, og allereie i 1610 dreiv Erik sag i Rødven. Sonen Knut 50 år i 1664.Mest alle gardsnamna Finn nemner i innlagg 10 ligg i Rødven. Mest truleg også Skorgen. Før 1620 var denne garden 'feilaktig' ført i rekneskapen for Eresfjord åtting. I 1647 er det ein Olluff ført på Ytre Skorgen 4 pd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ponta Delgada er hovedstaden i den autonome portugisiske regionen Azorene (240.000 innbyggarar), som består av ni øyar; hovedstaden (med 66.000 innbyggarar) ligg på øya São Miguel (med i alt 131.000 innbyggarar).Kom hit sjølv og sjå så vil du forstå kva som brakte meg hit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Klipp or gamle dokument vedkomande folket på Apalset før 1800: (Kjelde: Ørskog gjennom tidene II. Gardssoga ved Gerh. Kjølås og E. O. Waksvik)1676: Hans Hansen Bernhoff vitterliggjør at have Pantsat til sin kjære svoger Lauritz Olsen Abelsetter for 20 Rd. til 2 Jordeparter i Heen, 1/2 af Eidem med Bøxel og Rettigheder, samt Aarsnæs 10 Mellag hvilke Gaarder tilfalder efter min kiære Moder Birgitte Michaelsdtr.Nokon som har tankar om dette 'svoger' - skapet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Birgitte Mikkelsdatter var datter av herr Mikkel Christensen, prest i Hemne etter herr Torkel Sjurson (1577/78). Mikkel Christensen må først ha vore gift med ei datter av herr Torkel (og ikkje med den nær 70 år gamle enka Birgitte Jacobsdatter) for at Birgitte Mikkelsdatter skulle få arv i det nemnte jordegodset. Sidan blei herr Mikkel gift med Milde Audunsdatter, som seinare ekta Melchior Falch.Etter dette var kona til Lauritz Olsen Abelset, Margrete Laugesdatter Gamst, tremenning til Hans Hanssen Bernhoft.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nevnte Margrete Laugesdatter Gamst var som det framgår datter av en Sjursdatter Helgebostad, som var datterdatter av Auden Torsteinsson i Aspa, far til nevnte Mille, Hans Hansson's mormor.Hva het denne Sjursdatter Helgebostad (fra Vikstrøm på Hitra), _het_ hun Lisbeth ? (Hun var i 1621 nevnt i odelsmanntallet for Valle på Sunnmøre). Hun var altså datter av Sjur Torkjellson ('i Veien'/Veiholmen)/('på Vikstrøm') og dennes kone, som altså kan ha hett Guri (eller Ragnhild ?, eller Lisbeth ?) Audensdotter (Aspa). (Hun skal ha eid både Straumsheim og Riksheim, Sykkylven).Kalte man virkelig en så fjernt beslektet person som ektefelle til en tremenning for 'sin (kjære !)svoger' ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Roar Aalborg

Til (32): Se siste avsnitt i (17). Ta gjerne også en titt på (66) i 28092.I (31) prøver Bjørn å fortelle at Hans H. Bernhofts mormor er datter av hr. Torkel Sjursen, og da søster til Guri Audensd. Vikstrøms første mann. Derfor heter moren Berit, i likhet med sin mormor Berit Jakobsd. Dette er ikke oppfattet i (32).Ang. bruk av begrepet 'svoger' her, så benyttes dette kanskje i en litt videre betydning enn nå på denne tid? Kan det kanskje ganske enkelt bl.a. omfatte 'en mannlig person inngiftet i vår slektskrets' (inntil et ikke altfor fjernt nivå)? Husk på at det vel er nødvendig med dispensasjon for giftermål innenfor 3. og gjerne også 4. ledd, som da tydeligvis regnes som nær slekt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg sluttar meg til Odd Roar. Omtale av såpass fjerne 'svograr' som 'svoger' var vanlig på denne tida.Vi kjenner namnet til to av barna til herr Mikkel Christensen, Birgitte (gm Hans Hanssen Bernhoft de) og Lisbet (gm herr Augustinus Jenssen i Trondheim). Lisbet var nok datter av Milde Audunsdatter, men Birgitte var det neppe, sidan ho arva jord etter 'Torkelslekta', som Lisbet altså ikkje gjorde.Per: På heimesida di har du ført opp herr Mikkel som gift med ei nn Torkelsdatter; dette er eg heilt samd i. Vidare Berit Jacobsdatter ('noe usikkert ekteskap', utrulig etter mitt skjønn)og endelig Milde Audunsdatter, som m.a er ført som mor til Berit Michelsdatter; dette er eg usamd i. Jordeigedomstilhøva tilseier ei anna mor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Vedr. innlegg 30.Dette er for meg ein ny og interessant opplysning. Men gardsnamna seier meg likevel lite. Kvar låg desse gardane og kjenner nokon til kven som hadde stått som eigar tidlegare?Vedr. innlegg 34.Vi kjenner nok til fleire born av Michel Christensson enn Beret (Birgitte) og Lisbet. Sten Michelsson på Leira var nok ein son, samt ein Audun Michelson nemnd som sagbrukseigar i Hemne kring 1640. Truleg var denne Audun far til Hr. Mikkel Audunson, prest i Kvæfjord.Elles er det jo litt dumt at denne tråden manglar vesentlege stikkord, som Aspa, Torset m.fl.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Roar Aalborg

Litt info ang. Sjur Torkelsen og Guri Audensd::På et nyopprettet tema nr. 2170 på DIS-Sør-Trøndelags debattside Trønderslekt / Fosen kalt 'Aspaslekten: Ætlinger etter Guri Audensd. Vikstrøm på Hitra og Frøya' forsøker jeg å redegjøre litt mer detaljert ang. noe av den antatte etterslekten til Adelus Sjursd. Honnes ved østenden av Dolmsundet på Hitra (Vikstrøm ligger midt i det), samt også enkelte ætlinger av Åge-slekten i Inderøy (via brødrene Kristoffer Ågesen Daløy på Frøya og Ole Ågesen Kjerringvåg på Dolmøya, meget tenkelig brødre av Jon Ågesen Gjørv, og da også med sannsynlig opphav i Berdora Ivarsd. Aspa, gift i Inderøy og søster til Torstein Eriksens mor, Sunniva Ivarsd.Responsen hos trønderne har hittil ikke vært overveldende, så tiden får vise om en ny og mer dekkende overskrrift kan hjelpe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

Litt på siden av dette innlegg. Eg fann dette i tingboka fra Sartor skiprede i 1665/66.Niels Mogensen Haaland Komb for Retten, begierede Laugrettetz och tilstedeuerende Almues Sandferdig Widnis biurd, om de nogen tid haffde hørt, at hans S/alig Moeder Broeder Iffuer Windenes haffde Lougbøeden noget goedtz at Selges, liggendis udj 1666: 34b Abildsetter i Sundfiord och i Weffring samme steds, eftter som samme Iffuer Windenes iche Allenne schal hen solt hans egen part i samme goedtz, Mens end och Wlouglig Solt hans Tuende Søstre Karj och Giertrud Kaares døtris anparter och Søster Loder i samme goedtz, aldelis Wden deris Widschab och sambtyche. Huor til Oluff Sandal Michel Nestun och Steffen GrimbsEid, som har werit Laugrettesmend och betient Retten her paa TingetSnakker vi her om samme garden Abildseter, i såfall hvem er søskenene Ivar Kaaresen Windenes, Kari og Gjertrud Kaaresdøttre. Her er Ivar oppført som Ivar Thoressen i koppskatten Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ser av matrikkelen for 1647 at både Årsnes og Eidem ligg i det store Valle skipreide og Rasmus Larsens arvinger står som eigarar. Kven var han forutan at han var borgarmeister i Bergen?Når det gjelder Heen, så finn eg ikkje andre gardar enn Heen i Romsdals otting. Denne garden er det fleire som har partar i, m.a. Christopher Nilsson (Lem) og den eine brukaren, Oluf.Utan noko meir handfast kva gjeld arvegods, så liknar jo dette mest på kjøpegods synest eg. På den andre sida seier jo Hans Hansson Bernhoft at dette godset har han arva etter mora. Truleg må matrikkelen frå 1647 vera lite utfyllande for mange gardar på Sunnmøre. Det er nok odelskattemanntal som er mykje meir å lita på enn denne skattematrikkelen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

I Romsdal åtting (etter Jordebok for Romsdalen futedøme 1661):1. Heen StephenTil Margrete i Woge 2 1/2 pd.Til Peder Engelsen 1/2 wogTil Grøtens prestbol 1 pd. 2.Heen AnbiørnTil Margrete Voge 2 pd.Til Peder Egissdal 1 pd. 8 mrk.Ejer selff 1 pd.3. Heen Ole BiørnssenTil Margrete i Vogøe 1 pd.Eyer selff 1/2 wog 4. Heen EinerTil Margrete i Wogøe 1 pd.Til Peder Egisdal 1/2 pd.Til Grøtens prestebol 1 pd.5. Heen Siffuer KnudsenTil Heens kirche 1/2 wogOle ejer selff 1/2 wog6. Heen Ole Siffrsen och Steen OlssenDeris egit odel 2 wogr 1 pd.Peder Siffuerssen hussmand 1 ortMargrete i Woge/Wogøe/Vogøe er bøkselrådig for heile Heen utanom det som høyrer til Grøten prestebol.I 1647:Heen 8 woger 1 pd.Olluff 2 woger 1 pd.Knud 1 wogEiner 1 wog 2 pundSteffeen 1 wog 2 pd.Annbiørn 1 wog 2 pd.Odelsgods, Oluff bøg(er) 3 woger 1 pd.Christoffer Nielseenn bøgsleer 5 woger. Kanskje Margrete Andersdatter som var gift med Michel Greve?Margrete Wogø har overteke mykje gods som Christoffer åtte i 1647. Eidem kan vere gard i FrænaEidem Ole, Aslach och Enchen.Til Peder Vibis arffinger 2 1/2 woger som også er bøkselrådig.Sag som brukes av her Hans paa Aacherøen kan skjere 2 stabler jord. Ja, det er sjølvsagt dumt at ein del stikkord manglar, men eg visste diverre ikkje betre då eg starta tråden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torkild Knudsen

Innlegg 10. Hva menes med at det står både på Erik Larsen Rødvens vegne og på hustruen Synnøve Olsdatters vegne? Har de begge hatt selvstendig gods å selge eller er det bare en skrivemåte? Jeg regner med at Synnøve er den som opprinnelig har arvet en part. Denne Synnøve må være mor til Knut Eriksen Rødven som jo er angitt født omtrent på den tida salget skjer. Når det gjelder bruken av navnet Åge ( Innlegg 36) lurer jeg på om noen har tatt med i betraktning at Åge også er brukt innen en slektskrets i Rissa. Dette ligger jo midt mellom Frøya og Inderøy. Det er flere særprega navn i denne slekta (om slekta har det vært spekulert i om den har skotsk opprinnelse). Navn som dukker opp er bl.a.Valther, Åge og Gaute. På Nordmøre eksisterer jo både Åge og Valther (Valther Eigendorph).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til innlegg 40, Torkild.Eg har også grubla mykje på denne formuleringa at det står'på egne og hustrus vegne' eller liknande. Eg har kome til at det må vera ein skrivemåte. Om ekteparet hadde born saman, så vart dei vel begge ansvarlege, så lenge borna var umyndige.Så litt om Knut på Apalset nemnd i 1580. Seinare nemner eg ei Kari på Skeide i Romsdal som enkje etter Knut Apalset. Dette treng ikkje vera rett. Kari kunne også vera svigerdotter til Knut, samtidig som ho var gift med ein annan Knut, nemleg son til den første. I ei liste over penningskatten i 1597 er det nemleg oppgjeve at det var ein Knut på Skeide og at han åtte 1 våg jordegods. Knut er også nemnd i 1606. I 1612 står Kari som bygslar av største parten i Skeide, noko ho også gjer i 1620. (Sjå Søvik, O. 1980. Bygdebok for Voll B II. Gards og ættesoge). Sidan det også er så mange andre i nærområdet som eig i Torset, finn eg det mest truleg at Knut på Skeide er son til Knut på Abelset, altså Knut Knutsen. Kva om Knut på Abelset var son til presten i Veøy, Nils Knutsen og kone Gurå Rasmusdotter (var Gurå søster til Store-Rasmus?). Knut (Nilsson?) Abelset kunne vera den einaste som levde av sin generasjon då, og slik kunne han vel verta einearving av kvinneparten ved delinga i 1580. Dette må berre takast for det det er, litt spekulasjonar ein sein nattetime. Det har jo også vert hevda at Store-Rasmus skal nedstamma frå Rike-Torstein. Så her er nok av upløygd jord å grava i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(33/34:) Jeg beklager at jeg hadde feilplassert Brit/Birgitte Michelsdatter som barn av Hr. Michel Christensson i hans (2.?) ekteskap med Mille Audensdatter istedet for i hans første (?) med en NN Torkjellsdotter.Jeg 'oppfattet ikke', som Aalborg så nådeløst påpeker i innlegg 33, det som 'Bjørn prøver å fortelle oss' (i innlegg 31). (Helt krystallklart var det nå heller ikke 'fortalt', spør du meg, men la gå ...).Faktum er, pussig nok, at Margrete Laugesdatter Gamst ville vært Hans Hansson Bernhoft's tremenning selv om Berit/Birgitte hadde vært fra Hr. Michel's ekteskap med Mille, men da altså med Auden Torsteinsson i Aspa som felles ane, slik jeg beskriver i 1. avsnitt i innlegg 32. Men altså feil, likevel ! (Er det rart en kan bli lurt ... ?)Hva med følgende personer, kan disse også være barn av Hr. Michel (i tillegg til Sten og Audun, ref. innlegg 35) :- Rasmus på Tanstad i Sykkylven, far til Mikkel f.ca.1615?, Steinar f.ca.1625?, Berit f.ca.1630?. (Eller var han istedet kanskje sønn av NN's bror Sjur Torkjellson ('i Veien'/Veiholmen) / ('på Vikstrøm') (Helgebostad, Hitra) ?- 'NN' (g.m. Auden Sjursen (sønn av ovennevnte Sjur Torkjellsson), som i 1629 skal ha eiet jordegods i Fosen sammen med broren Isak, skal ha vært bosatt Kirkesæter, senere på Vikstrøm, Hitra, og den 8 Jun 1641 solgte garden Ulveråker i Sveio til sin tante Mille) ?- Sigrid (g.m. lensmann Michel Olsen Røgh i Ertvågen, Aure) som hadde brordatteren Elisabeth som forsterbarn. (Eller var hun istedet kanskje søster av Hr. Oluf Olsen på Dolmen, Hitra ?) ?(Fra hvilket av Michel's ekteskap var forresten Sten og Audun ?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Få av disse slektskapstilhøva er heilt krystallklare, men heldigvis tar dei til å bli mykje klarare enn før.Enno er Rasmus (snautt nok på Tandstad), som etterlet seg enka Lisbet Steinsdatter og sønene Mikkel og Stein, uplassert, og Lisbet sjølv, for den saks skuld. Lisbet skatta av det som kan ha vore ein stor lut i det samme godset som Lauge Jenssen og ymse Sjursdøtre (Lisbet, Adelus, Birgitte) skatta av i 1630-åra.Mest sannsynlig var Rasmus son av herr Mikkel Christensen og ei søster av Sjur Torkelson, men visst er det ikkje, sjølv om namnet på eldstesonen kan tyde på ein slik sammenheng. Avklaringa av dette høyrer ellers til i eit anna ordskifte.Garden Årsnes ligg ikkje i Valle skipreide (derimot Aursnes), men i Rovde, i Eiksundbygda, som nesten fullstendig var i eiga til den såkalte Gudbrandsætta, som må ha vore ei grein av den ætta herr Torkel Sjurson var av (mest sannsynlig var den etter måten store jordeigaren på Sunnmøre kring 1600, Gudbrand i Havåg, identisk med herr Torkel sin bror Gudrand Sjurson).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Om det er slik vi trur så måtte vel også Sigrid vera dotter til Hr. Michel i Hemne, og mest truleg er ho dotter til Hr. Michel og Milde. Helst er også Sten Michelsson Leira son dei same to. Han vart i alle fall sitjande med noko av godset til Mille, nemleg ein part av Leira på Tustna. Resten av spørsmåla dine trur eg andre får svara på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Det eksisterer også eit gammalt brev som handlar om Torset i Aursundet. I diplomatariumverket er garden plassert i Torsetsundet, men dette må vera feil (Det er som kjent to gardar i Aure som heiter Torset). Her er kva som står i B. XXI.b.XXI s.212 Sammendrag: 4 menn vitner at Ivar Ivarsson solgte Peter Nikolasson 4 spannsleier i (Nørdre) Torset med naust og stuetuft, 4 pundsleier i Glomstad og 1 spannsleie i Melhus og fikk full betaling.Kilde: Fire avskrifter og hender (b, c, d, e) i Langebeks Diplomatarium iRigsarkivet, København. b, som ligger til grunn for gjengivelsen her, er ilegget Varia variorum annorum, som er lagt på året 1440 i Lang. Dipl.I margen tilføyd av skriveren: a) Ao 1417. Etter dette og en rekke andrebrev, merket med bokstaver fra a til l i margen av avskriften, har skriverenføyd til: Originalerne til foranstaaende breve findes hos førbemeldtePeder Aspen, nogle uden Indsegle og nogle med, og ere De merck-ede med samme liter/^a/, som her in margine er hostegnet, at dedis lættere Kand confereres. - c, med årstallet 1417 og bokstaven ai margen, er en relativt nøyaktig avskrift etter b. - d er skrevet av JonMortensson, visstnok etter b, og har i margen bokstaven a, årstallet 1417og påtegningen ex Copia Chartacea. - e har samme årstall og opplys-ning om forelegg i margen og er avskrift etter d. - Om forholdet mellomdisse tekstene jfr. nr. 20. - I Langebeks Excerpter i Det Kongelige Bib-liotek, København, er i G. Schønings liste Af Aspøens Papirer (nr. 8) nevntet Skiøde paa 4 Spand i Tossætre fyrer sunnan Sioar Gathona, paa4 pund i Glumstadum, 1 Spand i Mædalhus, alle liggende i nordraTossæthis Sundæ i Sudræ luthanom nordmære dat: 1417. - I DetKgl. Norske Videnskabers Selskab, Trondheim, Ms. 8vo 563, s. 15 og s. 465,fins korte utdrag fra dette brevet, på sistnevnte sted skrevet av presten EilerH. Kempe, også her med bokstaven A i margen. Her opplyst at brevetvar på pergament, og tilføyd følgende merknad: En Paaskrivt udenpaa dete Document, skreven med gammel Dags Haand, kalderbenevnte Gaard Tosszetter udi Øyreszundt.Nummer: 276.Dato: 28. juni 1417. Sted: Aure.Som ein ser er brevet funne hos Peder Aspen, så garden måtte ha høyrd Aspaslekta til. Men korleis eigedomsretten hamna hos Knut på Apalset og Synnøve Lassedotter omlag 160 år etter at dette brevet vart utstedt, vert vel inga enkel gåte å løysa. Kabnskje nokon har forslag til kven Ivar Ivarsson og Peter Nikolausson var. Kunne den siste til dømes vera av Kane-ætta?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.