Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ørjan Kvaløy

[#50305] Kor kom Christopher Estensen ifrå?

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

Eg hadde tenkt å spare denne godbiten til neste års påskenøtter, men eg gjer likevel eit forsøk no. Kanskje skal det bli lite aktivitet på forumet i sommar, og kanskje skal nokon ønskje ei hard nøtt velkommen, sånn for å halde hjerneaktiviteten oppe også i dei varmaste månadene? Ikkje veit eg, men ein av mine aner har vist seg å vera ei ekstremt hard nøtt å knekke.Det dreier seg om ein viss Christopher Estensen (ca. 1733-1778) og kona hans, Guru Olsdtr. (ca. 1731-1791) Omkring 1764 kom dette ekteparet flyttande til Leka i Nord-Trøndelag, for det året døyper dei dottera, Ane, i Leka kyrkje. I kyrkjeboka er Christopher oppført som ”kirkebygger”. Kor kom dette ekteparet ifrå? Vi har eit par spor attover og sørover i landet:Ein gong mellom 1760 og 1764 har dei oppheldt seg i Mosvik, for der etterlet dei seg ein son, Esten Christophersen. Han finn vi her, i FT1801: LenkeVi merker oss at borna heitar Jon og Guru. Esten blir oppfostra i Mosvik. At han er deira son, får vi stadfesta i skiftene etter Christopher og Guru, desse skiftene fortel elles ingen ting av interesse. Vidare kan det nemnast at Esten var gift to gonger, og hadde 9 born. Han budde i Oppgård under Vinje, Mosvik (Ytterøy). Esten døydde i 1839.Mosvik-sporet gir oss ei interessant opplysing: Presten i Mosvik noterer i samband med konfirmasjonen at Esten er født i Gudbrandsdalen. (Han skal vel vera født omkring 1760) No er Gudbrandsdalen uhorveleg lang, og det er mange kyrkjer der. Ein førespurnad til statsarkivet i Hamar gav heller ikkje resultat. Ved søk i FamilySearch, dukkar det opp ein Osten Christophersen, født ca. 25/12 1760, døypt i Lesja kyrkje! Far hans oppgis å vera Christopher Ostensen. Dette er med andre ord sannsynlegvis han vi leitar etter. (FamilySearch opererer også med same mann som født både på Vinje og Oppegard i Mosvik).Christopher Estensen og Guru Olsdtr. hadde 8 born:1. Esten, 1760 i Lesja? 2. Ane, 1764 3. Johan, 1767 4. Ole, 1770 5. Petter Andreas, 1772 6. Dåreth, 1775 7. Petrika, 1777 8. Christopher, 1777Alle unntatt Esten født i Leka.Ei kort oppsummering, dette er kva vi veit: ”Kirkebygger” Christopher Estensen og Guru Olsdtr. har i 1760 oppheldt seg i Lesja. Dei reiser vidare til Mosvik, der dei etterlet seg ein son, Esten. Reisa går vidare, og i 1764 bur dei i Leka, der dei døyper dottera Ane. Her blir dei verande som husmannsfolk til dei døyr.Så til det vi ikkje veit: Kor kom dei ifrå? Var dei ifrå Lesja? Tittelen ”kirkebygger” er interessant. Eit slikt yrke skulle vel tyde på eit omflakkande liv. Det vart ikkje bygd kyrkjer i korkje Leka eller Mosvik den aktuelle perioden (men kanskje reparasjon?) Kyrkja i Lesja vart bygd i 1750, så vidt eg veit, men da var vel Christopher for ung.Til slutt, ville spekulasjonar: Familietradisjonen fortel at Christopher og Guru kom frå Jemtland i Sverige. Etter en god del leiting i ymse fora i vårt naboland, er det rimeleg sikkert at dei ikkje kom derifrå. Ein annan etterkommar har antyda at dei ikkje var frå Jemtland, men derimot Svensk Lappland (Norrland?) og at dei mogeleg også var av samisk herkomst.Den upubliserte bygdeboka for Leka, som vart ferdig på 1930-talet, stadfestar at dei kom frå Jemtland. Vidare opplysast det at Christopher hadde ein son før ekteskap, Iver, født i 1752. (Iver er ikkje nemnt i skiftene) Ingen av desse opplysningane er dokumentert.Kjør debatt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Takkar så mykje for den Jon! Vi er kanskje på god veg til å løyse dette mysteriet. Det kan vel tyde på at familien var frå Lesja/Dovre-området. Gardnamnet Engelhus er kanskje eit viktig spor? Elles er det litt merkeleg at Ole er døypt i Lesja. Det må jo tyde på at dei reiste heimover igjen ein tur, for så å flytte tilbake til Leka.Finst det bygdebøker for Lesja/Dovre? Er det nokon med spisskompetanse frå dette området som har noko å bidra med?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Esten / Østen var i alle fall et navn på Engelshus i Lesja:Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Sandbu

Fra Bygdabok for Dovre, bind 3, side 298 under Engelshus 53/1:Brukere i perioden 1730-1739: Østen Pedersen 1705-?, g. 1732 m. Anne Iversdtr. ?-?, ellers ukjent. Barn: 1) Kristoffer f. 1733 gm Guri Olsdtr. fra Uppistugu Hattrem på Lesja. Tok over på Sili.(Kristoffer var den eldste av 11 barn, de øvrige: Kari 1735, Sigrid 1737, Iver 1740, Peder 1742, Marit 1743, Jøda 1745, Peder 1748, Marit 1750, Anne 1751 og Sigrid 1756.)Fra Bygdabok for Lesja, bind 3, side 302 under Sili 113/1:Brukere i perioden 1743-ca. 1760: Østen Pedersen frå Engelshus i Dovre, ca. 1705-?, gm Anne, elles ukjent. Dei kjøpte Holsbrekka, Sør-Hole (8-5) i 1738, og selde den garden att i 1742. Barn: 1. Kristoffer 1733 f. i Dovre, sjå 9b. De øvrige barna listet opp slik som under Engelshus, og til slutt skriver bygdaboka: Så vidt vi kan sjå var familien her til kring 1760. Vi veit ikkje kvar det vart av dei.9b:Kristoffer Østensen 1733-? g. 1761 m. Guri Olsdtr. fra Opistugu Hattrem (6-5) 1736-? Dei budde vel her, og på Vesl-Haugen, Rolstad (11-4b). Barn: 1. Østen 1760-?, elles ukjent, 2. Anne 1763-?, kf 1781, elles ukjent, 3. Ola 1770-?, elles ukjent. Vi veit ikkje meir om familien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Takkar så langt for all informasjon. Gåta kan vel seiast å vera løyst!! Eg kjem att med meir seinare. Eit par raske spørsmål, før eg skal på biblioteket: Kven har skrivi bygdeboka for Dovre? Og kva betyr kf 1781 på Anne Kristoffersdtr.? Kan det tenkast at ho har vori sørover ein tur i 1781? Meir kjem seinare!mvh Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Sandbu

Arnfinn Engen står som redaktør av Bygdabok for Dovre som hittil er utkommet med tre bind av til sammen fire.Det står ikke eksplisitt hva kf står for, men en skulle tro det betyr 'konfirmert'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Da har eg bestilt opp alle bygdebøker frå Lesja og Dovre!Eg har også lånt ei avskrift av kyrkjeboka for Leka, for å kontrollere opplysingar om denne familien, og rette opp ein del småfeil i min første oversikt: 2. Anne f.1764, Kvaløy, Leka. Gift 2 gonger, død i 1796, Frøvik, Leka. (Konfirmert i Lesja?)3. Johan f. 1767 (Ikkje registrert døypt i Leka)Konfirmert i Leka, 1786, 19 år gamal.4. Ole f. 1770 (Lesja)Død 1780 i Nordgutvik, Leka.5. Petter Andreas f.1772, Leknes, Leka. (Fad: Christopher kirkebygger) Konfirmert i 1791, Leka. Gift 3 gonger, ingen born. Død i Kvaløy, d. 1859 (oppgis å vera 90 år)6. Dåreth f.1775, Leknes, Leka.7. Petrika f.1775, Leknes, Leka. Død 1777 (6 og 7 er vel da tvillingar)8. Kristoffer f.1777, Leknes, Leka. Konfirmert i 1797, Leka. Gift, 2 born. Død i Leka.I denne litt hastige oversikten manglar det nok ein del, og det sit vel nokre på Leka og kanskje Måneset som har meir om denne familien? Her kan eg også nemne at eg stammar frå Kristoffer Kristoffersen, 6 generasjonar bakover. Med asosiasjonar til ein kjent amerikansk country-artist, skal eg begi meg ut på nye spekulasjonar:Denne familien var lut fattige husmenn, (skiftene viser 'boet falitt')men dei må ha reist ein del rundt på eitt eller anna merkeleg vis. (Kanskje i samband med kyrkjebygging?) Vi merker oss også at Kristoffer fekk tittelen 'kirkebygger' først i 1772.Familien budde i Lesja til 1761, innom Mosvik, til Leka i 1764, tilbake til Lesja i 1770, til Leka i 1772, mogeleg (I alle fall Anne) til Lesja igjen i 1781, for så å returnere til Leka for godt. (Da var allereie Kristoffer død) Denne tida var det jo ikkje uvanleg at 'Døler' flytta til Ytre-Namdal (sjølv om dei var vel tidleg ut) men det høyrer vel til sjeldenhetene at dei flytta heim igjen, for så å flytte nordover.Eg merker meg også at vi manglar dåp for Johan (1767) Mogeleg dei var i Lesja ein lengre periode?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tom Madell

Hej Ørjan!Nu när frågan om Johan Christophersen förefaller vara löst och kopplingen till Christopher Estensen är relativt fastställd; har du kommit något längre i efterforskningen av familjens förehavanden i Dovre, dvs. Østen Pedersen och Anne Iversdatter och deras föräldrar osv.? Mvh. Tom

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Opphavet til Anne Iversdtr. er visstnok ukjent.Foreldre til Østen Pedersen:Far. Peder Kristoffersen, f. 1665, Engelshus, Dovre.Mor: Sigrid Jørgensdtr. f. 1660, Rudi, Dovre. d. 1717.Foreldre til Peder:Far: Kristoffer Pedersen, f. 1614, Kili, Dovre. (Elles ukjent)Mor: Ingeborg Knutsdtr. f. 1610, Engelshus, Dovre.Foreldre til Ingeborg:Far: Knut Østensen, f. ca. 1570, Engelshus, Dovre. d. 1637.Mor: Anne Eriksdtr. f. 1585, Helle, Vågå. (Elles ukjent)Far til Knut Østensen: Østen Engelshus. Vi er da ca. midt på 1500-talet.Foreldre til Sigrid Jørgensdtr.:Far: Jørgen Ellandsen, f. 1625, Rudi, Dovre.Mor: Sigrid Gudmundsdtr. f. 1635, Ruste, Dovre.Foreldre til Jørgen:Far: Elland Østensen, f. 1600, Rudi, DovreMor: Brit Jørgensdtr. f. 1610, Rindal. d. 1650, Rudi, Dovre. Dei gifta seg i 1630.Far til Elland skal visstnok vera den same Østen Engelshus. Det betyr vel at Peder og Sigrid var tremenninger.Foreldre til Sigrid Gudmundsdtr.:Far: Gudmund Olsen, f. Ruste, Dovre, d. 1663.Mor: Sigrid Olsdtr. elles ukjent.Far til Gudmund: Ola Ruste som døde i 1620. Alt dette hovudsakleg frå Bygdebok for Dovre, bd. 3

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Dette vart kanskje lite oversiktleg, men i mangel på eit system vart det sånn. Vi ser at slekta er knytt til Engelshus på Dovre, og at namna Østen (Esten) og Kristoffer går igjen. Kjem att med meir om opphavet til Guru (Guro, Guri) Olsdtr. Vi skal da til Lesja, og nokre ledd der går attende til 13-1400-talet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Guro Olsdtr. finn vi i Bygdebok for Lesja, 3, s. 240.Far: Ola Tostensen, f. 1703, Hattrem (Oppistugu), Lesja. d. 1774.Mor: Anne Jonsdtr., f . 1703, Rolstad, Lesja. d. 1781.Foreldre til Ola:Far: Tosten Jørgensen, f. 1654, Hattrem, Lesja. d. 1737.Mor: Anne Pedersdtr., f. 1670, Hogsvål, Lesja. d. 1743.Foreldre til Tosten:Far: Jørgen Håkensen, f. 1628, Oppigard, Lesja. d. 1688, Hattrem, Lesja.Mor: Sigrid Tostensdtr., Bjøkne, Lesja.Foreldre til Jørgen:Far: Håken Sveinsen, d. 1667, Oppigard, Lesja.Mor: Brit Trondsdtr., elles ukjent.Far til Håken: Svein Guttormsen, d. ca. 1615, Oppigard, Lesja.Far til Svein: Ein viss Guttorm som er nemnt som lagrettemann i eit diplom frå 1555.Foreldre til Anne Pedersdtr.:Far: Peder Håkensen, f. 1628, Hogsvål, Lesja. d. 1709.Mor: Marit Pedersdtr., d. 1679. Elles ukjent.Foreldre til Peder:Far: Håken Jørgensen, Hogsvål, Lesja.Mor: Anne Endresdtr. Elles ukjent.Foreldre til Håken:Ein viss Jørgen som var gift med Marit.Foreldre til Sigrid Tostensdtr.:Far: Tosten Endresen, d. 1665, Bjøkne, Lesja.Mor: Marit Jonsdtr., elles ukjent. Dette skulle vel avslutte farsida til Guro Olsdatter!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Opphavet til Anne Jonsdatter: (Bygdebok for Lesja, 3, s. 608)Far: Jon Fredriksen, f. 1675, Rolstad, Lesja. d. 1730.Mor: Guro Engebretsdtr., f. 1670, Holåk, Lesja. d. 1743. (Gift 1703) Ukjent opphav, men ein del spekulasjonar.Foreldre til Jon:Far: Fredrik Olsen, f. 1637, Svendsgard, Dovre. d. 1727, Rolstad, Lesja.Mor: Anne Jonsdtr., f. 1634, Rolstad, Lesja, d. 1729. Elles ukjent.Foreldre til Fredrik:Far: Ola Steinarsen, f. 1614, Svendsgard, Dovre. d. ca. 1696. (Bygdebok for Dovre, 3, s. 108)Mor: Brit Olsdtr. d. 1675. Foreldre til Ola:Far: Steinar GuttormsenForeldre til Steinar:Far: Guttorm Steinarsen, Svendsgard, DovreMor: NN Larsdtr.Far til Guttorm: Steinar Erresen, Svendsgard, Dovre. Hans far var ein viss Erre, som var brukar på Svendsgarden rundt 1530.Så til NN Larsdtr. Vi veit berre at ho var dotter av Lars Trondsen, og gift med Guttorm Steinarsen. Hennar namn er ukjent.Lars Trondsen, f. 1515, Tynnøl, Lesja.Far til Lars: Trond Eindridsen, f. 1475, Tynnøl, Lesja. d. ca. 1533. (Bygdebok for Lesja, 2, s. 577)Far til Trond: Eindride HelgesenFar til Eindride: Helge Eindridsen, f. ca. 1410Far til Helge: Eindride Ivarsen, d. 1412, Tynnøl, Lesja.Eindride Ivarsen var gift med ei dotter av Ivar Kolbeinssen, Røssem, Nord-Fron.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tom Madell

Tack, det var inte illa! Släkten går ju att spåra riktigt långt bakåt. Trevlig helg! Tom

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Ja, bygdebøkene for Dovre og Lesja var ei rein openbaring! Oppi her er vi heldige om vi kjem særleg lenger tilbake enn 1700, knapt nok det. For Leka har det enno ikkje komi noko bygdebok, sjølv om det første manuskriptet var ferdig allereie ca. 1932. No, 75 år seinare, ser bygdeboka framleis ut som ein fjern draum.Når det gjeld opphavet til Anne Jonsdatter, er det mange godbitar. Slekta er jo ført tilbake til 1300-talet (Eindride Ivarsen) Så vidt eg veit, er dette godt dokumentert. Eg ser elles på ymse slektssider på internett, også på dette forumet, at slekta på Tynnøl (Trond Eindridsen m.fl) er knytt til den kjente Bratt-ætta. Det same gjeld kona til Trond, mor til Lars Trondsen. Om dette stemmer, kan slekta førast mykje lenger attende, og det skulle vel kanskje dukke opp ymse kongelege etter kvart.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Det er mange spørsmål som står opne enno:1. Kor kom Anne Iversdatter ifrå? Gift med Østen Pedersen i 1732.2. Opphavet til Anne Eriksdtr. f. 1585, Helle, Vågå? Garden Helle er vel også nært knytt til Bratt-ætta? Kan ei bygdebok frå Vågå kaste nytt lys over henne?3. Opphavet til Brit Jørgensdtr. f. 1610, Rindal. d. 1650, Rudi, Dovre. Gift med Elland Østensen, f. 1600, Rudi, Dovre?4. Opphavet til Sigrid Olsdatter, gift med Gudmund Olsen, f. Ruste, Dovre, d. 1663?5. Opphavet til Brit Trondsdtr., gift med Håken Sveinsen, d. 1667, Oppigard, Lesja?6. Opphavet til Marit Jonsdtr., gift med Tosten Endresen, d. 1665, Bjøkne, Lesja?7. Opphavet til Guro Engebretsdtr., f. 1670, Holåk, Lesja. d. 1743. Gift med Jon Fredriksen, f. 1675, Rolstad, Lesja. d. 1730?8. Opphavet til Anne Jonsdtr., f. 1634, Rolstad, Lesja, d. 1729. Gift med Fredrik Olsen, f. 1637, Svendsgard, Dovre. d. 1727, Rolstad, Lesja?9. Og kva veit vi om Ivar Kolbeinssen, Røssem, Nord-Fron?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfinn Kjelland

Heisann, Her ser eg nok ein familie / personar merkt som 'elles ukjent' (o.l.) i Lesjabøkene er identifisert (nokså mange dette forumet etter kvart). Hadde eg berre hatt Internett da eg gjorde det arbeidet (hadde bøkene kanskje ikkje vore ferdige enno ...:-).Kristoffer og Guri fekk ei dotter i Lesja i 1763, født 29.4., døypt 8.5., og ein son, Ola, f. 28.1., døypt 11.2. Dette er frå dataregistra over kyrkjebøkene vi laga m.a. i samband med bygdebokarbeidet, men det kan no sjekkast i dei skanna originalane, som er lagt ut.Det er rett at kf står for konfirmert. I tillegg kan det vere nyttig å kjenne ein 'kode' til: når det står 'ca.' framafor eit årstal for fødsel, vigsel eller gravlegging i bygdebøkene for Lesja, tyder det at informasjonen _ikkje_ er frå kyrkjebøkene. Årstal utan slikt atterhald er frå kyrkjebøkene.Informasjon om dei eldre ledda tok eg i all hovudsak frå tilgjengeleg sekundærlitteratut, m.a. Engebret Hougen: Ættesoge for Gudbrandsdalen I-III, diverse artiklar i Årbok for Dølaringen / Gudbrandsdalen og utrykte notat i arkivet etter Per Berg.Her kan ein elles søkje i årboksregisteret: [url="http://www.farkiv.ol.no/historielag/aarbok_gd/aarbok_list.php>LenkeVed søk på Bratt her i forumet finn ein _mange_ diskusjonar kring desse slektene. Tore Vigerust er vel den fremste kjennaren av dei.Litt om Lesjabøkene:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Problemet med ættelinjer av det slaget som er presentert i innlegg 19, er at en rett og slett ikke kan tro den det / dem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

(23) Ja, det er fleire som gledar seg over at opphavet til Kristoffer Østensen og Guru Olsdtr. er oppklåra. Eg overdriv ikkje når eg seier at eg har slitt med denne familien i meir enn 20 år, og eg har møtt veggen tallause gonger. Det var til sjuande og sist presten i Mosvik som sette meg på rett spor, når han noterte at eldste son, Østen (Esten) var fødd i Gudbrandsdalen. Det ser ut som at etterkommarane etter Johan Kristoffersen også har fått løyst ein gamal floke. Jmf. LenkeDet er jo nettopp slike openbaringar som gjer ættegransking til ein så fascinerande og spanande hobby!!Når det gjeld denne familien frå Lesja/Dovre, er det framleis mykje som ikkje er løyst. Jmf. (22) Ein kan også spekulere i kva det var som fekk dei til å flytte nordover? Østen var eldste son, og hadde vel såleis truleg odelsrett mm. Dei hadde berre ein son da dei reiste, Esten, og han sette dei att i Mosvik, så ekteparet kom da truleg til Leka utan born. Dei får ei dotter der i 1764, så flyttar dei igjen. Johan er ikkje født i Leka. I 1770 er dei attende i Lesja, der dei får Ole. Så tilbake til Leka igjen, der dei blir verande. Kva gjorde dei i Lesja rundt 1770? Var det i samband med dødsfall? Foreldra til Guru døydde først seinare. Dødsfall på Kristoffer sine foreldre er ikkje registrert. Noko tilknytting til Lesja måtte dei vel ha hatt, for dottera, Anne, reiser dit rundt 1781, og blir konfirmert der. Eg har fleire andre gudbrandsdøler på slektstreet, men eg har aldri sett eller hørt at nokon har reist tilbake til Gudbrandsdalen igjen, ikkje ein gong på ein snarvisitt. Dette må vel vera eit heilt spesielt tilfelle.Kvifor har Kristoffer tittelen 'kirkebygger'? (Frå 1772) Har han vori med på å setje opp ei kyrkje ein stad? Vi snakker da kanskje om åra mellom 1770 (Lesja) og 1772 (Leka) Så vidt ek kjenner til var han husmann og snekkar på Leka.(24) Innlegg (19) er rein avskrift frå Bygdebok for Lesja. Heilt riktig at det er vanskeleg å tru på det, men når det står i ei relativt fersk bygdebok, som gir eit inntrykk av å vera nokså profesjonell, valde eg å ta det for (ganske) god fisk. Alle andre diskusjonar (her og andre stader), ymse slektstre og heimesider om Bratt ditt og datt, har eg vald å sjå heilt bort ifrå. Inntrykket frå bygdeboka var også at dei hadde god dokumentasjon for sine påstandar.Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×