Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#50328] Tollef Nilsson frå Bø i Telemark, fødd 1834 eller 1837 - kva for ein utvandra?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1865 for Aarmodte i Bø, Telemark syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Niels Tollefsen Husfader g Husmand med Jord og Tømmermand 1812 Bø Prgj.Anne Johnsdatter hans Kone g 1816 Siljords Prgj.Tollef Nielssen deres Søn ug Tømmermand 1837 Søvde Prgj.John Nielssen deres Søn ug Tømmermand 1839 Søvde Prgj.Niels Nielssen deres Søn ug Tømmermand 1845 Søvde Prgj.Ole Nielssen deres Søn ug 1852 Søvde Prgj.Halvor Nielssen deres Søn ug 1856 Søvde Prgj.Tolv Nielssen deres Søn ug 1858 Søvde Prgj.Kari Nielsdatter deres Datter ug 1850 Søvde Prgj.Signe Nielsdatter deres Datter ug 1854 Søvde Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Sonen Tollef Nilsson var ifølgje kyrkjeboki for BØ fødd 13.10.1837 - foreldri var plassfolk på HOLMSTUL under Opdal-LUNDE.Ei ættesoge på FamilySearch påstår at sonen Tollef gifte seg i Amerika 1887 [årstalet må vera feil for 1877!] med Bertha Thompson (frå Hafslo i Sogn) og døydde i Jackson Co., MN 27.8.1905.FT1900 syner at Tollef Nilsson utvandra til Amerika i 1873 og at han var fødd i Noreg i oktober 1832, men andre teljingar oppgjev fødselsår 1834 eller 1835. Dødsattesten til Tollef oppgjev foreldre ''Nels og Anna''.Men no ser eg at det i Bø i Telemartk òg finst ein Tollef Nilsson fødd på Mogene(?) under Sollestad(?) øvre i Bø 24.10.1834 av foreldri, husmann Nils Knutson og kona Aslaug Larsdotter. Aslaug vart ofte ''amerikanisert'' til Anna i Amerika...! Denne andre Tollef Nilsson finn eg ikkje i FT1865 for Bø!Er det nokon med lokal kunnskap i Bø, eller eventuelt med tilgjenge til lokale bygdebøker, som kan fortelja meg kven av desse to Tollef Nilsson's som utvandra til Amerika kring 1873 og som soleis vert den beste ''kandidaten'' til farmaren i Jackson Co., MN?Og kan nokon fortelja meg kvifor so mange av søskeni i førstnemnde huslyd er oppgjevne fødde i Søvde (Sauherad)? Opdal er vel i Lunde...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Fra Bøsoga IV, Aust-Årmot, det nordre.Nils Tollefsson, f. 1812, son til Tollef Nilsson og Helbjørg Tolvsdtr. Langedal, g. 1836 m.Anne Jonsdtr., f. ca 1815, dtr. av Jon Olavsson og Aslaug Sveinungsdtr.. Langedrag på Aust-Årmot søndre.Blandt borna: Tollef f. 13.10.1837. Til Amerika og var kyrkjebyggar der.. Bygde m.a. ei kyrkje for foreldra, Anne og Nils, som blei kalla Årmotkyrkja.Mvh Gro Berit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Aslaug du har spørsmål om i debatt 19807 er søstra til Tollef.Gro Berit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gro Berit for spennande og nyttige opplysningar. Eg har i kveld vore i kontakt med ein etterkomar etter denne huslyden som kan stadfesta at den Tollef Nilsson som gifte seg med Bertha Thompson og budde i Jackson Co., MN, verkeleg var kyrkjebyggjar (eller rettare sagt altarbyggjar!) og at namnet i Noreg var Aarmodt!Etter dette er opphavet til Tollef Nilsson stadfest, men eg stussar litt på opplysningane som du, Gro Berit, har om opphavet til denne huslyden. Eg har nokre konkrete spørsmål:* I 1865 var Nils Tollefson og Anna Johnsdotter husmannsfolk på ein plass under Årmot i Bø. Eg reknar med at dei vart buande på denne plassen levetidi ut, men kjenner ein namnet på denne plassen?* Foreldri til Nils Tollefson, Tollef Nilsson og Helborg Tolvsdotter, budde tydeleg på Langedal, men kvar er det? Er det òg ein plass under Årmot i Bø?* FT1865 syner at Anna Johnsdotter var fødd i Seljord. Langedrag er ein gard i Seljord, men det ser ut til at foreldri John Olson og Aslaug Sveinungsdotter budde på Langedrag som ein plass under Åmot i Bø?? Eg forstår ikkje heilt dette...* Og so var det spørsmålet om fødestaden til Tollef. Kyrkjeboki syner at han var fødd på plassen Holmstul under ''Opdal-Lunde'', noko eg har tolka som garden Opdal i Lunde sokn, som sidan vart utskilt frå Bø. Men eg finn ikkje nokon gard Opdal i Lunde (Bø)... Og so er fødestaden hans i 1865 oppgjeven til Søvde (Sauherad)... Dette er mildt sagt ''forvirrande'' for ein som ikkje er lokalkjend i Midt-Telemark...Eg vonar på oppklaring og takkar so mykje for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Eg skreiv rett av frå Bøsoga, men stussa gjorde eg òg, då eg såg 'Langedrag på Aust-Årmodt'.Eg skal prøve å svare på spørsmåla dine:Frå teksten til Aust-Årmot, det nordre, står bl.a.: 'Etter kvart drog dei fleste borna til Nils og Anne over, og dei ville ha foreldra etter. I 1874 reiste dei frå Årmot og slo seg ned i Wisconsin.' Men eg har så langt ikkje funne dei utflytta frå Bø.Nå fant eg nokre tvilsomme registreringar her, så eg vil sjekke meir før eg skriv det.Når det gjeld Langedrag, så kan eg bekrefte at det er i Seljord. Bare 1. km frå heimstaden min. Eg har Seljordsoga òg, men tek ikkje med noko der nå.Opdal heiter nok Uvdal idag.1865 med Søvde må vera feil.Eg blir mykje oppteken ca 1 veke framover nå, så det kan ta tid før eg får skrive meir her.Mvh Gro Berit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

'Langedal ligg i nordvestre enden av ytre Uvdalstjønna.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nils Buverud

I første omgang legger jeg ut linken til Niels Tollevsen. . . Jeg har endel inne om denne slekten.LenkeJeg har mer, men har ikke oppdatert med alt enda. - Skal se litt nærmere på det i morgen tenker jeg!Hilsen Nils

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Frå Seljordsoga, Haugen (Kivlehaugen): Jon Olavsson Langedrag, 1782- g 1804 med Asloug Sveinungsdtr. Haugen. Born nr.5: Anne, 1816. Frå Haugen til Årmot i Bø.Langedrag: Olav Jonsson Rui, 1759-, g I 1781 med Signe Andersdtr., ca. 1753-1806. Born nr.1. Jon, 1782. Frå Langedrag til Bø.Gro Berit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nils Buverud

Jeg har nå oppdatert denne familien med det jeg hadde, og av 12 barn var det 10 som emigrerte; 8 til Usa og to endte i Canada. Foreldrene kom også over, - slik Gro Berit skriver.Jeg mangler også utvandringstidspunkt for de fleste.Linken over her gjelder som før.Nils

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nils Buverud

Jeg glemte å nevne at også enkemannen etter Niels og Anes eldste datter, Helbjørg (f. 13. sep. 1836) reiste over til Amerika, fra Sauherad, med 5 barn i 1886.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Anne og Nils m/born si utreiseLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gro Berit og Nils for nye spennande innlegg som er komne siste dagane om denne huslyden. Her var mykje spennande, men av ei eller anna orsak fungerer ikkje linkane i dag, korkje Nils sin link i innlegg #7 eller Gro Berit sin i innlegg #11/12... Er Tollef med i linken referert av Gro Berit, mon tru...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Det skjer noko rart med innlegga mine for tida. Teksten blir trykt saman, og lenkene forsvinn. Eg veit ikkje kvifor.Hvis du går til Emigranter fra Oslo 1867-1930. søk etternavn 'Aaamodt'. Då finn du Tollefsen Aamodt heilt nederst.Nils si lenke ligg der, men sida har vore ute av drift frå i gårkveld.Gro Berit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne huslyden og dette problemet, som eg aldri heilt fekk klarsyn i i 2007, dels p.g.a. uvirksame lenker.No har eg studert saki litt nærare, og eg er, utanm lokal kunnskap i Telemark, komen til følgjande:* Tollef Nilsson voks opp på ein plass under Årmot i Bø, men namnet på plassen ser ut til å vera ukjent!?* Nils Tollefson voks opp på plassen Langedal under Opdal i Bø, der broren Tollef Tollefson framleuis budde i 1865?* Anna Johnsdotter var fødd og voks opp på Langedrag i Seljord?* Utvandringsåret for Tollef Nilsson er ikkje innført nokon stad korkje i kyrkjebøkene for Bø eller i skipslistene frå Christiania?Kanskje Gro Berit og/eller Nils (eller andre) kan stadfesta eller eventuelt retta dette? Særleg er eg interessert i namnet på plassen under Årmot der Tollef Nilsson voks opp (og der foreldri hans vfar husmannsfolk i so mange år)!Eg takkar på ny for hjelpi og vonar noko av dette let seg løysa...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Det er ein Tollef Nils. frå Bø i Telem. som emigrerer frå Stavanger i 1869: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Bjørn Darrud

Her er noen tråder som kanskje svarar på litt av det du lurer påKfr Seljordsoga IV s 620 og 376. Jon Olavson født 1782 på Langedrag i Seljord gifta seg 1804 med Aslaug Sveinungsdtr fra Haugen (Kivlehaugen) i Seljord. Barna (5) de fikk 1805-1816 er født på Haugen. Anne Jonsdtr er født her 11.6. 1816. Så flyttet familien til Årmot i Bø. Dvs plassen ”søndre Aust Årmot” iflg Bøsoga IV s 592.Kfr Bøsoga I s 400 Tollef Nilson f 1775 på Oredalen i Bø giftet seg 1814 med Helbjørg Tolvsdtr f 1782 på Haugerud i Bø. De hadde allerede sønnen Nils f 8.11. 1812. Tollef var soldat og var med i krigen 1807 – 1814. derfor giftet de seg ”litt sent”. Iflg kirkeboken bodde Helbjørg på Gravejord når Nils ble født. Etter at de giftet seg bodde de på Ordalen fram til ca 1820 De bosatte seg på Langedal i Bø ca 1820.Nils Tollefson f 1812 og Anne Jonsdtr f 1816 giftet seg 1836 og bosatte seg så på plassen ”nordre Aust Årmot”. Plassen ble ryddet av Nils og Anne. Kfr Bøsoga IV s 593. Nils var en etterspurt tømmermann. Sønnen Tollef ble født her 13.10. 1837.Mvh Ole Bjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin for spennande innlegg! Det ser jo svært so sannsynleg ut at det er han me leiter etter! Han må jo ha utvandra mellom 1865 og 1874...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ole Bjørn for innlegget som kom, medan eg skreiv mitt føregåande, og som eg ikkje oppdaga før no!Dette løyser forsovidt problemet mitt med at eg tolkar plassnamni til ''søndre aust'' og ''nordre aust'' - underlege plassnamn i min øyre, men dette har vel kan henda med dialekt å gjera...?Nok ein gong, ein stor takk for hjelpi med dette problemet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×