Gå til innhold
Arkivverket

[#50932] Aanen T(h)orkildsen (1812-1873) - frå Lyngdal - fargarmeister Kopervik - huslyd?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1865 for Koparvik (Avaldsnes) syner m.a. denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Aanen Torkildsen Husfader g Farver 1813 Lyngdal Prgj.Elen Torkildsen hans Kone g 1827 BergenTobias Torkldsen deres Søn ug Sømand 1849 Avaldsnes Prgj.Edvard Torkildsen deres Søn ug 1850 Avaldsnes Prgj.Emil Torkildsen deres Søn ug 1856 Avaldsnes Prgj.Oluf Torkildsen deres Søn ug 1858 Avaldsnes Prgj.Einar Torkildsen deres Søn ug 1862 Avaldsnes Prgj.Jalmar Torkildsen deres Søn ug 1865 Avaldsnes Prgj.Karen Torkildsen deres Datter ug 1851 Avaldsnes Prgj.Saly Torkildsen deres Datter ug 1854 Avaldsnes Prgj.Janna Torkildsen deres Datter ug 1861 Avaldsnes Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Er det nokon med lokal kunnskap i Koparvik på Karmøy som dreg kjensel på denne huslyden? Eg veit at Aanun var fødd på Åmlid i Lyngdal og vart døypt der 4.6.1812. Han døydde i Koparvik 27.12.1873. Aanen gifte seg i Avaldsnes 10.11.1847 med Elen Margrethe Einersdotter Alme, fødd i Bergen 15.5.1826.Eg er på leiting etter:* Dato og stad for dødsfallet til Elen Margrethe T(h)orkildsen?* Kor mange born fekk eigentleg Aanen og Elen i lag?Kanskje finst det ei bygdebok som kan gjera greie for denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Eg kjenner ikkje lagnaden til foreldra eller desse borna, namna til borna var fylgjande: a.Tobias (1848-), b) Edvard (1850-), c) Karen Elisabet Marie (1851-), d) Ingeborg Sally (1854-), e) Anton Emil (1856-), f) Oluf Sakarius (1858-), g) Andrianne Martilde (1861-), h) Einar Johannes (1862-) og i) Hjalmar Andreas (1865-). Ånen kom frå Flekkefjord til Koparvik i 1841 og slo seg til som fargar, som du skriv. Far til Ånen heitte Torkel Salvesen. Far til Elen Margrete heitte Einar Eriksen Alme, men det veit du nok, sidan du kjende både fødselsdatoane deira og giftarmålsdatoen. Kanskje kan dei heile namna til borna gjera det lettare å finna dei i seinare folketeljingar? Ånen åtte visstnok forresten ei tid også noko jord i Stangelandsgarden (som Koparvik låg under) saman med ein mann som heitte Jakob Larsen Mydland (bnr. 3). Jakob Mydland var garvar og kom frå Sokndal i Dalane. Vennleg helsing Arnvid Lillehammer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Tre av borna er å finna i tilknytting til Bergen i 1875. Dei to eldste sønene (Tobias og Edvard) var begge 1.styrmenn og ute til sjøs, Tobias til Austindia og Edvard til Messina. Søstera Ingeborg Sally var butikkjomfru hos kjøpmann Henrich Henrichsen i Bergen. Det er ikkje urimeleg å tru at mora også flytta ut frå Kopervik då Ånen døydde? Men kor, er ei anna sak. Vennleg helsing Arnvid Lillehammer

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Det er mogleg mora fylgde med til Bergen??? To døtrer til hamna nemleg der. I 1900 var Kaja (Karen Elisabet Marie) innehaver av kolonialforretning i Bergen og søstera Janna (Andrianne Martilde) var butikkjomfru hos henne. Elles kan det tenkast at systera (Ingeborg) Sally reiste frå Bergen att og er den seinare kona til sildeeksportør & agenturforretning/handelsmann & skipsredar Lars (Larsen) Riisdal i Skudeneshavn? Vennleg helsing Arnvid Lillehammer

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnvid for fleire spennande innlegg!Eg ser av FT1891 for Veiten 7 i Bergen at Elen var attende i byen med mange born:~~~~~~~~~~TORKELSEN, Elen Magrethe 1826 Bergen enkjeTORKELSEN, Edvart 1850 Kopervik son ugiftTORKELSEN, Oluf Sakarias 1856 Kopervik son ugiftTORKELSEN, Karen Elisabeth Mari.. 1851 Kopervik dotter ugiftTORKELSEN, Andrine Mathilde 1861 Kopervik dotter ugiftTORKELSEN, Hjalmar Andreas 1865 Kopervik son ugift~~~~~~~~~~MEN, eg kan framleis ikkje sjå at Elen Margrethe er avlidi i Bergen...!? Kvar kan ho ha gjort av seg...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Dersom eg har rett i at Sally, kona til Lars Riisdal i Skudeneshavn, var dotter hennar, kan det då tenkast at Elen Margrethe var hjå henne då ho døydde??? Vennleg helsing Arnvid Lillehammer

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har omsider fått sjekka ut det siste tipset til Arnvid Lillehammer, og eg fann dødsfallet hennar Elen Margrethe i Skudesneshavn i 1897 (Lenke). Problemet er soleis løyst, og eg takkar på ny Arnvid for gode og nyttige opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.