Gå til innhold
Arkivverket

[#51572] Birthe Marie Andersdatter f, ca 1831 Augvaldnes,


Gjest Unni Knudsen
 Del

Recommended Posts

Gjest arnvid lillehammer

Ja, dette er reisande folk. Dorthe Danieldatter synest likevel eigentleg å ha vore av fastbuande. Ho var dotter til ein Daniel og ei Anna Johannesdotter. Dorthe hadde mellom anna syskina Johannes Danielsen (f ca 1780) og Gjertrud Danielsdotter (f ca 1785). Mora Anna Johannesdotter vart ein gong mellom 1787 og 1791 gift opp att med ein Halvor Olsen og fekk fleire born med han. I 1801 sat Anna og Halvor som gardbrukarar på Strand i Holmedal. Dottera Dorthe var truleg yngst og er nok den som, 14 år gamal, i 1801 er ført som tenar hjå gardbrukarparet Sjur Bendikson og Marta Eriksdotter på Bøgstad i Indre Holmedal. Seinar vart Dorthe først kona til ein Jakob Eliasen Selvig og fekk i alle høve tre born med han (Berta Helene Jakobsdatter i 1820, Jakob Jakobsen i 1822 og Gjertrud Jakobsdatter i 1825). Dottera Berta Helene er difor ført for seg som tenar i innflyttingslista i kyrkjeboka for Avaldsnes. Ho var nemleg Jakob si dotter, og ikkje Anders si dotter. (Det er nok helst denne Jakob Eliasen som seinare fann seg ei ny kone som heitte Elen Margrete Gundersdatter og med henne fekk sonen Nils Gunnerius.) Etter at ho og Jakob gjekk frå kvarandre, slo Dorthe seg i lag med Anders Olsen, eller som han seinare helst vart skriven, Andreas Olsen Florvåg. I eit pass til Anders Olsen Florvåg frå 1833 er ho rett nok skriven Dorthe Jonasdatter(!), men det er nok den same kvinna, sidan dei alt i 1829 hadde døypt sonen Oliver (Ole Iver i innflyttingslista i KB for Avaldsnes 1834) i Askøy. Så vart altså dottera Berta Marie døypt i Skånevik i 1832. Om far til Berta Maria var Anders (Andreas) Toresen eller Anders (Andreas) Olsen skal vera usagt her og nå. Anders Toresen (son til Valborg Andersdatter og Tore Olsen) skreiv seg, på same vis som Andreas Olsen, med tilnamnet Florvåg, så kanskje har presten eller klokkaren missoppfatta, eller Dorthe kan ha hatt eit kort forhold til Andreas Toresen Florvåg også. Eg kjenner ikkje til når Dorthe Danielsdatter døydde, men både Andreas Olsen Florvåg og Andreas Toresen Florvåg fann seg seinare nye koner. Andreas Toresen si siste kone var ei kvinne som heitte Anna Malene Nilsdatter, medan Andreas Olsen si nye kone heitte Pernille Ingebretsdatter. I von om at dette var til noko hjelp. Vennleg helsing Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Unni Knudsen

Hei Arnvid,Tusen takk dette var kjempefint, har har jeg fått litt å sette meg inn i. Kan jeg finne disse reisende i Eilert Sundt sine bøker og hviike reisende slekter stammer de fra??Mvh Unni Knudsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Unni Knudsen

Hei igjen Arnvid.Vet du om Jakob Eliasen og Elen Margrete Gundersdatter er idetiske med foreldrene til, Benjamin Forselius Jacobsen f, 1829 i Bohuslen Sverige og døpt 10des 1833.Har nemelig disse to navnene liggene inne i mitt data program fra før av.Mvh, Unni Knudsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid .lillehammer

Hei igjen. Først retting av ein uforståeleg feil. Nils Gunnerius var sjølvsagt ikkje son til Jakob og Elen Margrete. Han var eit av borna til Anna Malene Nilsdatter og Andreas Toresen Florvåg. Jakob Eliasen og Elen Margrete Gundersdatter sin son heitte, som du rett seier, Benjamin Forselius. Og ja, eg meiner det er den same Jakob Eliasen, sjølv om her er noko vrient med å få alle opplysningane om denne mannen til å henga i hop. Eg meiner eg har sagt noko om desse folka i eit innlegg for lang tid sidan, men finn det ikkje i farten. Ved eit høve kalla Elen Margrete forresten Florentine Marie Jensdatter for systerdotter si, og Jens Jensen Mørk/Grøn har eg faktisk ved eit høve funnen å vera saman med ei Marie Gundersdatter, så det kan kanskje vera rett at Gunder Olsen hadde ei dotter Marie som slo seg i lag med Jens Mørk/Grøn. Når det gjeld koplingar til Sundt sine oversikter, er mor til Anders/Andreas Toresen Florvåg den Valborg Andersdatter som er opphavet til Valborg-følgjet. Du finn desse nemnde i teljinga frå 1845 under nr 496-503. I Sundts fjerde årsberetning frå 1865 finn du Anders Thorsen Florvaag nemnt som nr 331 under Fjellberg i Søndre Bergenhus amt med tilvising til 1. årsberetning 171. Vennleg helsing Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Unni Knudsen

Takk Arnvid.Det er Berthe Marie Andersdatter født 12 feb 1832 i Skånevik Hordaland som er anen til min venninne.I kirkeboka for Skånevik: 1828-1848, side 30, nr 25. Foreldere; Anders Thorsen og Enke Dorthe Danielsdatter, omtripperske? Be? (Vet ikkke hva det står her). fra Askøen, tror jeg det står.Hvis hun nå var enke i 1832, og det stemmer at det er Anders (Andreas) Thorsen som er faderen til Berthe Marie. Da må jo Andreas Olsen være død etter at de fikk Oliver isammen i 1829.Dorthea står ikke oppført som enke ved dåpen der.Arnvid nevner at Anders (Andreas) Olsen fikk seg ny kone (Pernille Ingebretsdatter). i innlegg, (26).Har noen en løsning på dette her. Hvem er faderen til Berthe Marie, hadde hvert greit å få dette plassert riktig, for så¨å gå videre på neste generasjonMvh, Unni Knudsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Det kan kanskje synast vanskeleg å seia sikkert kven som var far til Berte Marie Andersdatter, men du skal ikkje sjå bort frå at Anders/Andreas Toresen var faren. Men Anders Olsen treng likevel slett ikkje vera død, sjølv om Dorte fekk barn med Anders Toresen. Eg er så godt som hundre prosent sikker på at denne Anders Olsen er den same som seinare reiste med Pernille Ingebretsdatter. Det kan jo vera at Dorte Danielsdatter ikkje har gått inn i nokon varig relasjon etter at ho hadde fått dei tre borna med Jakob Eliasen mellom 1820 og 1825. Nå har eg ikkje fødselsdatoen til Oliver, men han var jo døypt 16. april 1829. Då kan Dorte godt ha fått eit barn utpå året etter. Når difor ei Dorte Danielsdatter året etter døypte den 'uekte' dottera Dorte Fredrikke i Vanylven i 1830, med Karl Pettersen Lindberg som far, kan dette ha vore den same Dorte Danielsdatter, noko som tyder på at ho nokre år hadde 'lause' forbindelsar med fleire menn. I så fall kjenner eg til desse borna etter Dorte Danielsdatter: Med Jakob Eliasen: a) Berta Helene Jakobsdatter f 1820, b) Jakob Jakobsen f 1822, c) Gjertrud Jakobsdatter f 1825. Med Anders Olsen: d) Oliver Andersen f 1829. Kanskje med Karl Pettersen Lindberg e) Dorte Fredrikke Karlsdatter f 1830. Og kanskje med Anders Toresen f) Berta Marie Andersdatter f 1832. Vennleg helsing Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Unni Knudsen

Hei.Nei det er nok ikke lett å vite dette, Tror bare jeg må gå ut ifra det som står i kirkeboka. Alså at Berte Marie Andersdatter er datter av Anders (Andreas ) Thorsen. I kirkeboka ved datterens dåp har presten skrevet Andreas. Jeg får føre opp Oliver som hennes halvbror, Anders Olsen som far, og de andre barna til Jakob Eliasen.Oliver er født 3 april 1829. Så Dorthe Danielsdatter rekker et barn til i 1830.Du nevner at hun (Hvis det er den samme Dorthe)har fått en datter med Karl Pettersen Lindberg. Er denne Lindberg knyttet til Kobberslager Lindberg (Flintian) I Kragerø?Mvh Unni Knudsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Unni Knudsen

Javel, kjenner ikke til disse Lindbergene. Har hvert inne på 1845 tellinga og fant en del der som du henviste til, Takk . Mvh, Unni Knudsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Unni Knudsen

Til Arnvid. Når det gjelder foreldrene til Anders (Andreas) Thorsen. Valborg Andersdatter og Tore Olsen, som du har skrevet i innlegg nr 26. Vet du hvor Tore (Thore) Olsen kommer ifra og når og hvor Anders (Andreas)er født.Vennelig hilsen Unni.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.