Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#52315] Theodora ''Thea'' Brekke frå Hafslo i Sogn til Stord og Etne på 1900-talet?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Theodora Karoline ''Thea'' Brekke, fødd i Hafslo 1.5.1872, dreiv først pensjonat i Bergen i lag med søsteri Gerhardine Eline Brekke, men dei flytte sidan til Stord og skal ha drive pensjonat på Døsen på Stord der Gerhardine døydde 11.1.1924.Eg veit ikkje kor lenge Thea heldt fram med pensjonatet, men i 1946 kjem det fram at ho var hushaldar hjå tannlækjar J. E. Kristensen på Solvoll, Haugen i Etne, so kanskje døydde ho der?Er det nokon som er lokalkjende på Stord eller i Etne som kan kaste meir ljos over lagnaden til desse søstrene og særleg Thea?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Eg har sett ein 'kjentmann' på saka. Dette gjeld opplysningar frå Stord.Venleg helsing Mariann (frå Dåfjordeid som er på Stord :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Eg har via kjende fått eit oppslag i bygdeboka for Etne, men kanskje du allereide har desse opplysningane?Iallfall: tannlækjaren som ho(Thea) styrte huset for flytta til Oslo i 1947, men Thea var ikkje nemnd i boka.Har ikkje høyrt noko meir frå 'kjentmannen', men kanskje han ikkje fann noko likevel.Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Mariann for innspel om denne saki i 2007. Eg er no komen so langt at denne delen av manuskriptet mitt skal publiserast, og eg veit framleis like lite om lagnaden til Thea, bortsett ifrå at ho skal vera avlidi i HARDANGER (eller kanskje det skal vera Sunnhordland)!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har i dag fått greie på at ein søsterson av Thea Brekke, som i 1947 busette seg på Årdalstangen i Årdal, ei tid etter at han kom dit, vart kontakta av tannlækjaren i Etne. Då var Thea avlidi, og søstersonen fór til gravferdi hennar i Etne.Dette tyder at Thea må vera avlidi i Etne ein eller annan gong etter 1947, truleg ein gong på 1950-talet?Eg vil leggja inn eit spørsmål i Arkivforum om dette og vonar på svar der...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.