Gå til innhold
Arkivverket

[#52423] Inger Marie Eliasdotter Ørling - av ''reisende''?- gift Sogndal 1833 - f. Tjøme?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ifølgje kyrkjeboki for Sogndal i Sogn vart Ole Jensson Quam, døypt i Hafslo 22.11.1807, gift i Sogndal 1.1.1833 med:Inger Marie Eliasdotter Ørling, 36 år, fødestad ikkje oppgjeven, men farsnamn: ''Elias Ørling''.Ein son er døypt i Sogndal:* Olaus Martinius, fødd i Sogndal 17.11.1838Elles ser eg at ein Ole Jensson med ei Marie Eliasdotter fekk ein son døypt i Mo i Rana:* Elias Zacharias, fødd 4.10.1832, døypt i Rana 27.1.1833 (ekte).Men om denne siste høyrer til same huslyd, er usikkert. Namnet Elias var mykje nytta i Rana...!Ifølgje FamilySearch var ei Inger Marie Eliasdotter fødd i 1798 i Barkeviken Nedre Rød på Tjøme i Vestfold. Foreldri var Elias Gunderson og Sibille Sørensdotter. Men eg er langt ifrå overtydd om at det var ho som gifte seg i Sogndal.Uansett, Ole og Inger Marie ser ut til å forsvinna frå Sogndal, og so langt har eg ikkje funne dei att nokon stad. Kanskje andre har betre hell eller dreg kjensel på denne huslyden?Alle tips om opphavet til Inger Marie og lagnaden til huslyden vil vera svært velkomne, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Litt meir leiting i Rana kyrkjebok har avslørt at Ole Jensson og MariT Eliasdotter gifte seg der i 1829, so det er definitivt ein annan person.Kanskje me lyt til Vestfold likevel...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd Brede for interessant innlegg. Det er ingen tvil om at du har funne rette huslyden, men når eg no går inn og søker i dei skanna kyrkjebøkene for Farsund, so finn eg berre dåpen til den yngre broren Abraham Elias. So dei må ha butt ein annan stad før dei kom til Farsund, men kvar? Namnet Ørling synest vera eit heler ''unikt'' ættenamn!?Kanskje andre har tips å komma med?Og dessutan; kvar kan Ole og Inger Marie ha gjort av seg etter 1838?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

OBS: I Horten budde det i 1900 ei enkje med namn Inga Marie Ørling, fødd i Horten 1858, men truleg må ho ha gift seg til dette namnet, for alle borni hennar heiter òg Ørling...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg står no i ferd med å avslutta manuskriptet som gjeld denne huslyden, og det er framleis eit stort ''mysterium'', både kvar Inger Marie Ørling og foreldri hennar hadde opphavi sine ifrå, og kvar det vart av denne huslyden?Eg står ''bom fast'' og vonar at det kan vera komme til nye lesarar som kan hjelpa meg løysa problemet...?Eg takkar so mykje fpr alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei - bare for ordens skyld - her er Inger Marie (innlegg 3) på Tjøme (i 1801 tellingen for Nøtterøy) sammen med foreldre og søsken.Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars!I 1801-tellingen ser jeg at Inger Marie hadde en eldre søster, Ane Kirstine, 6 år (f.ca. 1795). Ved et søk i alle databaser på etternavn Ørling, fant jeg denne dåpen i Bergen i 1816: Lenke Moren heter Anna Christine Ørling, men det har kanskje ikke noe med Ane Kirstine å gjøre...Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Det ser ut som det var full klaff likevel, for her er giftermålet mellom Martinus Nicolai Olsen og Anna Kirstine Ørling, født i Farsund ved Lin(desnes). De ble gift i Domkirken i Bergen i 16.9.1821 LenkeGrethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Her er dåpen Domkirken i Bergen i 1821. Blant fadderne til Rognald Elias finner vi Inger Marie Ørling - Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 11 (1820-1821), Fødte og døpte 1821, side 28. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8642&idx_id=8642&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-28>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

I 1827 hadde Martinus Nicolai og Ane Christine Ørling sønnen Christian til dåpen i Farsund. Blant fadderne er Abraham Ørling - Vest-Agder fylke, Farsund i Vanse, Ministerialbok nr. A 2 (1815-1836), Fødte og døpte 1827, side 47. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9886&idx_id=9886&uid=ny&idx_side=-48>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er vel fortsatt litt på siden av tema, men bakersvend Martin Nicolai kom flyttende til Farsund i 1823 Vest-Agder fylke, Farsund i Vanse, Ministerialbok nr. A 2 (1815-1836), Innflyttede 1822-1827, side 311. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9886&idx_id=9886&uid=ny&idx_side=-173>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til odd og Grethe for mange spennande innlegg. Etter å ha lese desse, gjekk eg gjennom kyrkebøkene for Farsund, og eg fann dåpshandlingane til Andreas i 1792 og Anna Kirstine i 1794, men ikkje til Inger Marie... Derimot fann eg vigsli til foreldri 9.9.1791 (Lenke).Ingen stader finn eg noko farsnamn på Elias, berre Elias Ørling, so kanskje han var svenske slik Odd gjer framlegg om...? Ingeborg Abrahamsdotter har vel helst vore frå Farsund...?Men, me sit framleis med spørsmålet om kvar det vart av Ole Jensson og Inger Marie Eliasdotter etter dei flytte frå Sogndal...? Kan dei òg vera farne attende til Farsund?Nok ein stor takk for alle gode opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin for eit kjempeflott innlegg. Sjå kva eg no finn i FT1875 for Kipervigen 21 i ålesund:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Olaus Martinus Jensen hf g Huseier og Uhrmager (eget Værksted) 1838 Sogndals Sogn 0g Prgj.Jandine Dorthea Jensen Kone g 1851 Domkirkens S BergenJohannes Oluf Martin Jensen s 1868 ÅlesundAnne Karlsdatter Sandvig Tyende ug Tjenestepige 1833 Borgund S og Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Her er fødestadn rett oppgjeven som Sogndal. Og her er huslyden i 1900, i Storgata i Ålesund:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Olaus Jensen hf g Uhrmager 1838 BergenJandine Jensen hm g Hustru 1851 BergenOskar Jensen s ug Uhrmagersvend Søn 1877 ÅlesundTheodor Jensen s ug Sømand Søn 1882 ÅlesundAksel Jensen s ug Skoleelev Søn 1883 ÅlesundJohanne Urke tj ug Tjenestepige (Husgj.) 1876 Hjørundfjord Rom~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kanskje det no kan vera mogeleg å finna ut kvar det vart av Ole Jensson og Inger Marie? Og kanskje dødsfalli til Olaus og Jandine kan finnast?Nok ein stor takk for dette funnet, Elin!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Og jamen fann eg ikkje no ogso Ole og Inger i 1865 i 5. rode nr. 128a i Bergen:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Nils Torkildsen Husfader g Sømand 1833 BergenAnne Hendrikke Torkildsen husmoder g 1834 BergenAndrea Martine Martinessen pleiedatter u 1859 BergenOle Jensen Husfader g Skræddersvend 1807 Qvams SognIngeborg Marie Jensen husmoder g 1795 Farsund~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og databasen for avlidne i Bergen syner at skreddar og enkjemann Ole Jensen, f. Sogndal 1806, døydde på arbeidsasylet i Bergen 6.2.1892.Og kona Inger Marie Jensen døydde i Bergen 26.1.1870 (Lenke).Då er me eit langt steg nærare løysingi på denne huslyden...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Olaus Martinius Jensen, tidlegare urmakarmeister, døydde i Ålesund 10.4.1922 (Lenke). Eg finn ikkje Jandine Jensen avlidi i Ålesund fram til 1927...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin for nok eit spennande og nyttig innlegg. No har eg funne dei oppysningane som eg treng om Olaus Martinius og første kona hans. Alt eg manglar no er dødsfallet hennar Jandine, men eg trur eg kan vera på sporet etter noko..; DIS-Noreg sitt gravferdsregister syner ei Jandine Dorthea Jensen gravlagd i Sandefjord i 1934, ved sidan av ein Fridtjof Jensen, og ho hadde ein son Fridtjof fødd i 1880! Diverre står det ikkje fødselsår, men ein telefon til Sandefjord burde vel avklara dette...?Elles sit me att med spørsmåli om opphavi til Elias Ørling og kona Ingeborg Abrahamsdotter...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

I 1801-tellingen (innlegg 3) er Ingeborgs alder oppgitt til 40 år - f.ca. 1761. Dette jeg fant i kirkeboka fra Vanse kan derfor være et skudd i blinde, siden dåpen er to år tidligere. Men jeg velger likevel å sette det inn. Det er dåpen til ei Ingeborg Abrahamsdatter, døpt 13.1.1759 - Vest-Agder fylke, Vanse i Vanse, Ministerialbok nr. A 3 /1 (1743-1767), Kronologisk liste 1759, side 283-284. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9879&idx_id=9879&uid=ny&idx_side=-147>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Elias Ørling og Ingeborg hadde forresten enda en datter, Juliane Friderica, som ble døpt i Farsund i 24.10.1802 - Vest-Agder fylke, Vanse i Vanse, Ministerialbok nr. A 3 /1 (1743-1767), Kronologisk liste 1759, side 283-284. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9879&idx_id=9879&uid=ny&idx_side=-147>Lenke Permanent bildelenke: LenkeSamme Juliane ble gift i Domkirken i Bergen i 1840 Lenke – jf. Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Ekteviede 1840, side 477. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeI 1841 hadde Juliane og mannen Lars en sønn, Christian Erentz, til dåpen i Domkirken i Bergen - Lenke – jf. Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. B 2 (1841-1851), Fødte og døpte menn 1841, side 3. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeJuliane døde i Korskirken sogn i Bergen i 1861

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.