Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#52538] Aslak Halvorsen frå Sveio, fødd i Finnås 1840 - matros i Bergen og so kva?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Aslak Halvorsen, fødd på Lyngholmen i Sveio (den gongen ein del av Finnås) 14.9.1840, gifte seg i Bergen 30.4.1865 med Karen Cecilie Nilsdotter, fødd i Bergen 1.4.1839. Far hennar var innflyttar frå Hafslo i Sogn.Aslak var matros, og ei dotter er fødd i Bergen:* Anna Elisabeth, fødd 28.9.1865So forsvinn denne huslyden heilt. Ingen fleire born er funne, heller ikkje hjå FamilySearch, og ikkje finn eg dei i Quebec-listene heller.Er det nokon som dreg kjensel på denne huslyden og som kan fortelja meg kvar dei vart av?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Kars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Er dette familien i 1865-teljinga?LenkeMarianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Marianne for interessant innlegg. Eg hadde ikkje leitt fram denne huslyden i FT1865, men det er ingen tvil om at det er rette folki, og eg har nett sendt av stad eit spørsmål til Arkiovforum for å høyra om der er hjelp å få med omsyn til Aslak Halvorsen. Eg ser elles no at Karen Cecilie Halvorsen levde som ''enkje'' i Bergen 1891, 1900 og 1912!So truleg var det berre Aslak som ''forsvann''!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Lenke til kyrkjeboka for Korskirken. Anna Elisabet står som nr 56, nederst på sida.LenkeSer du har fått svar på Arkivforum ang. Karen C som døde i 1916. Visst det var mor til Anna Elisabet, fekk iallefall ho fleire born?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin og Marianne for nye innlegg.Jau, eg har gjennom Arkivforum fått greie på lagnaden til denne huslyden. Karen fekk sonen Konrad Severin i 1868 (Domkyrkja) og er der kalla 'Karen Cecilie Halvorsen, gift kone', so det er ingen tvil...Derimot vert det nok ikkje so enkelt å finna att Aslak i Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Her er sønnen Konrad Severin fødd 1. febr 1868 og mora står oppført som gift kone!LenkeMarianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Du kom meg i forkjøpet der, Lars E.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Har du funne dottera Hanna?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Då eg fann Konrad, var skyldskapen stadfest, og problemet løyst. For mitt føremål treng eg ikkje fleire opplysningar om etterkomarar, men eg leitte litt no i fødselsregisteret etter Hanna, utan å finna ho...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Ikkje at eg har noko med det, men visst du ser på folketeljinga for 1891, så har enke Karen Cecilie to søner, Konrad Gabrielsen og Severin Henriksen. Den fyrste er nok Konrad Severin, fødd i 1868 og jamen trur eg den andre er denne: LenkeMora er kone, hvis mand er bortreist for over 7 aar siden (om eg har tolka det rett). Hendes andet og hans første leiemål.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Kva trur du om dette: LenkeKaren Johanne som står oppført som pleiedatter, er truleg Karen Cecilie si 'ekte' datter. Johanne kan ha blitt til Hanna?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Marianne for nye interessante innlegg. Når ein les desse innførslene i kyrkjebøkene i Bergen, kan ein spekulera på om dei nokon gong fekk greie på lagnaden til Aslak Halvorsen i Amerika. Kan henda døydde han ein gong før 1878, men noko meir enn spekulasjonar vert vel dette aldri...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Finn Aslak Halvardson Lyngholm under Lyngholmen i Sveio bygdebok. Men her står det ingenting kor det vart av han, (heller ikkje at han reiste til Bergen).Men om 2 yngre brør Ole Mattias f. 1842 og Samson f. 1853 står det at dei var i Amerika. Om ein annan bror, Halvard f. 1846 står det at han var I England i 1891.Kanskje om ein finn kor dei to yngste brødrene slo seg ned i Amerika så kan ein finne 'skjebnen' til Aslak ? men det vert vel helst den berømte 'nåla i høystakken' det også...mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Her er nok yngste broren til Aslak i 1914 då han var heime på besøk, (Samson er blitt til Sem nokså naturleg). LenkeFarmer i Crookston Minnesota.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Broren Sam ser ut til å ha døydd i 1936 i Kandiyohi count Minnesota. LYNGHOLM, SAM H. Date of Birth: na Place of Birth: na Mother Maiden Name: nacertid# 1936-MN-007174Date of Death: 04/17/1936 County of Death: KANDIYOHI Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Helga for nye spennande innlegg.Eg er nok stygt redd for at denne nåli vert svært so vanskeleg å finna. Eg ser at Samuel Lyngholm alt i 1885 farma i Fisher township, Polk Co., MN, men ingen av registeri, som eg har sett, tyder på at Aslak heldt til der. Kanskje me kunne freista finne nekrologen til Samuel, men sidan han døydde so seint som i 1936, er det lite truleg at Aslak levde att etter han...Men, det er uansett interessant å sjå at dei nytta namnet Lyngholm i Amerika!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.