Gå til innhold
Arkivverket

[#52725] Jacob Jacobson Svingel og kona Lucia - frå Lærdal til Bergen 1779? - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jacob Jacobson Svingel, døypt i Lærdal 18.8.1742, gifte seg i Lærdal 12.12.1766 med Lucia Jensdotter, døypt i Lærdal 6.12.1742. Dette parfolket budde på Lærdalsøyri i Lærdal til kring 1779, men vert då borte derifrå. Det same gjeld for dei tre borni Jacob (1772), Petter (1774) og Jens (1776).Eit skifte frå 1784 fortel oss at Jacob då var busett i BERGEN, men eg har ikkje funne att parfolket der.Kanskje er det augi mine som sviktar?Eller kanskje nokon har vore borti denne huslyden før?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Jacob og Lucia!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Har ikke noe å bidra med så langt, men er litt nysgjerrig på det skiftet du nevner. Hvem ble det skiftet etter og hvor var det hen?Mvh Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innlegg.Det var skiftet etter morbroren Trond Aamundson på Holsete i Hafslo frå 1784 som seier at Jacob Jacobsn då oppheldt seg i Bergen. Skiftet nyttar ikkje namnet Svingel, so kanskje Jacob heller ikkje gjorde det i Bergen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Knut Bryn

Jeg har kanskje ikke så mye matnyttig å tilføre denne tråden, men jeg har et spørsmål: Vet Lars noe om hvor og når foreldrene til Jacob Jacobsen giftet seg?Så vil jeg fortelle at minst en av Svingel-familien på Lærdal dro til Kongsberg for å søke lykken der. I perioden 1723-1732 finner vi bl.a. en Jacob Svingel som gruvearbeider og senere grabenstiger. Han var født ca. 1699, så vi kunne mest tro det var far til Jacob Jacobsen Svingel som var på Kongsberg i en periode, men jeg tror heller det var en fetter av ham. Patronymet er ikke kjent, men det kan vært Torgersen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for siste innlegg.Denne huslyden skal omskrivast i neste bandet av bygdebøkene for Luster (Hafslo), og giftarmålet, som du spør etter mellom Jacob Petterson Svingel og enkja Martha Aamundsdotter, er ogso mellom dei tingi som eg saknar. Det vart halde skifte etter første mann hennar i november 1741, so truleg gifte ho seg med Jacob kort tid etter, kan henda våren 1742...? Eldste barnet deira vart døypt i Lærdal 18.8.1742 og var ''ektefødt''.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i kveld få henta fram att dette temaet frå arkivet med von om at det kanskje no er vorte mogeleg å finna ut meir om lagnaden til denne huslyden i Bergen?Eit kvart lite tips vert motteke med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.