Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#53270] Folketelling 1912


Recommended Posts

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Tolkar eg (10) rett, kan ikkje Digitalarkivet legge ut databasar eller andre kjelder som kan innehalde namn på personar som er fødde for mindre enn ca 100 år sidan, dvs. at t.d. seinare kommunale folketeljingar ikkje vil bli lagt ut her. Riksarkivet vil derimot kunne legge dei ut fram til ca 1930???

Gjest Arnfinn Kjelland

Både Digitalarkivet og Riksarkivet er delar av Arkivverket og underlagt same regelverk.Spørsmålet om sperring er det informert om mange stader, m.a. i tema 40712 og her: Lenke.Ynge Nedrebø klargjorde dette i eit innlegg som eg i farten ikkje finn att: det er forskjell på søkbare personopplysningar i databaseformat (slik dei i prinsippet ligg på DA) og bilde av (skanna) kjelder som kyrkjebøker o.a. desse siste er ikkje søkbare på same måte som databasene.

Gjest Jan Oldervoll

Me kan ta ei kort oppsummering:Når det gjeld folketeljingar er me underlagt statistikkloven:'§ 2-7. Opphør av taushetsplikt.Taushetsplikt etter denne lov for opplysninger om personlige forhold opphører etter 100 år. Taushetsplikt etter denne lov for opplysninger om drifts- og forretningsforhold og tekniske innretninger og fremgangsmåter opphører etter 60 år.'Folketeljingar kan altså ikkje leggjast ut før dei 100 år.Når det gjeld anna materiale er reglane slik at ein må ha konsesjon for tilby personopplysningar i SØKBAR form. Slik konsesjon må ein ha for kvar enkelt database. Men så er det slik at personopplysningar er oppplysningar om levande personar. Minnest eg rett vil det også ofte vera krav om varsling om ein legg ut informasdjon om levande personar. Då blir det slik at me berre kan leggja ut databasane våre når dei berre innheld informasjon om folk me kan rekna med er døde.Databaser som berre inneheld ikkje-søkbar personinformasjon, som t.d. skanna kyrkjebøker, er ikkje underlagt dei same strenge reglane. Då er det reglane som kjelde for kjeldetypen me må halda oss til.

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Takk for oppklarande svar. Etter det eg har forstått er dei kommunale folketeljingane berre sperra i 60 år. Eller har eg misforstått? Slik eg skjønar det vil ein då ikkje kunne lage databasar som inneheld kommunale folketeljingar etter ca 1905, medan ein kan legge ut skanna bilete fram til ca 1930 (då det vart vanleg med adopsjonar).Eg meiner at det uansett bør gjerast klart på [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebMeta.exe?slag=vismeny&fylkenr=0&knr=&katnr=4&aar=&dagens=&emnenr=0>Lenke at reglane gjeld databasar, og at det gjeld andre reglar for ikkje-søkbart materiale (

Gjest Anette Skogseth Clausen

Tusen takk for tips om å oppdatere teksten til Kyrkjebøker. Det er gjort. Jeg oppdaget samtidig at teksten ikke har vært oppdatert siden vi flyttet grensene i 2005. Det er altså 1910 som gjelder for døpte, 1925 før konfirmerte og 1930 for viede.Jeg skal også få lagt inn tekst på siden for skannede kirkebøker i løpet av dagen.

Gjest Arnfinn Kjelland

Om eg forstår regelverket Jan refererer til i (14) rett, kan for den saks skuld både dei landsomfattande og kommunale folketeljingane leggast ut _som bilde_ (t.d. skanna frå mikrofilm eller originalskjema) om dei er nyare enn 100 år. Det ein ikkje har lov til er å _registrere slik informasjon om nålevande personar i databaseform (søkbar)_ og legge ein slik database ut på nettet. Det vil og gjelde for dei kommunale folketeljingane.Men desse er (så vidt eg forstår) ikkje underlagt statistikkloven, og er dermed offentleg tilgjengelege _på papir_ etter 60 år.Korriger meg gjerne viss eg har misforstått.

Gjest Anette Skogseth Clausen

Skannede tellinger som ikke er underlagt statistikkloven av 1907 kan legges ut, dvs. er det statlige, må de være fra før 1907, er det kommunale, må de være eldre enn 60 år.Merk at selvom alt skulle formelt ligge til rette for at en skannet kilde kan publiseres, så er det ingen automatikk. En må ta stilling til kilden, opplysningene i den og i hvilken grad en publikasjon kan påvirke gjenlevende/pårørende.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.