Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#53395] Antone A. Sever(s) - farmar i New Mexico - fødd i Noreg 1846/1847 - utv. 1849?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Ei skikkeleg utfordring:Eg har motteke ein bøn om hjelp frå Oregon om å freista finna det norske opphavet til denne personen:Antone A. Sever (Severs), fødd i Noreg 3.10.1846 eller i januar 1847, skal ha utvandra til Amerika i 1849 (år oppgjeve både i 1900 og i 1910 - i 1920 er utvandringsåret oppgjeve til 1847!). Me finn han i 1870 som nygift (med Melissa Chase) farmar i Oceana Co., MI. I 1880 farma dei i Rooks Co., KS, medan dei før 1900 slo seg ned som farmarar i San Juan Co., NM der Antone døydde 6.2.1925.Er det ut ifrå desse opplysningane mogeleg å finna det norske opphavet til Anton Sever(s)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Benn Limann

Vet du hva A. etter Anton betyr?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Diverre Benn; eg veit ikkje, men eg ser ikkje bort ifrå at det var faren sitt førenamn, og at Anton i røyndi kanskje heitte Anton Andersson, medan faren heitte Anders Sjurson eller Syverson...?MEN, eg veit ikkje noko meir!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Anne J. Engmo

Fant en kar på FS som 'kan' være rett mann,men det står desverre ikke fødested.Vet at etternavnet Alstad finnes i Trøndelag,men det er jo bare et skudd i blinde dette her:Lenke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jon Torp

Noen på FS påstår han er født 3. okt. 1846.Lenke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Stig Nyberg

Hvis Sever(s) er en amerikanisering av et norsk gårdsnavn, kan det kanskje være snakk om Sæves i Rakkestad, Østfold. Akkurat nå får jeg ikke opp Skanna kyrkjebøker, så jeg får ikke sjekket selv.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne, Jon og Stig for nye interessante innlegg.Dette er ein underleg huslyd. I alle folketeljingar (1870/1880/1900/1910 og 1920) står det at Anton var fødd i Noreg, men denne underlege huslyden kjem fram i Claybanks township, Oceana Co., MI i 1860:~~~~~~~~~~~~~~~~~~SEVERT, Ferdinand 30 PreußenSEVERT, Frederika 28 PreußenSEVERT, Anthone 12 PreußenSEVERT, James 6 MichiganSEVERT, August 3 Michigan~~~~~~~~~~~~~~~~~~Alder, namn og bustad høver ''mistenkeleg'' godt, men er det same mann?Elles finn me i Civil War records følgjande:~~~~~~~~~~~~~~~~~~American Civil War SoldiersName: Antoine Sever ,Enlistment Date: 31 Dec 1863Enlistment Place: Grand Rapids, MichiganSide Served: UnionState Served: MichiganService Record: Enlisted as a Private on 31 December 1863 at the age of 18.Enlisted in Company Batty L, 1st Light Artillery Regiment Michigan on 31 Dec 1863.Mustered Out Company Batty L, 1st Light Artillery Regiment Michigan on 22 Aug 1865 at Jackson, MI.Sources: 10~~~~~~~~~~~~~~~~~~Me veit at mange ungdomar jugde på alderen fpr å slost i krigen, so dette er nok ''vår'' mann...MEN, kven var han?Kandidaten til Anne er vel ikkje so borte vekk...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.