Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#54662] Johannes Pedersen (Alme) og Elen Marie Olsdotter -eit Bergensproblem kring 1800?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Pedersen (Alme), døypt i Hafslo i Sogn 6.4.1755, flytte kring 1783 til Bergen og gifte seg der 5.3.1786 med ei Elen Marie Olsdotter, ifølgje FT1801 fødd kring 1763, men av ukjent opphav. Eg har funne seks born etter dei, alle fødde i Dom- eller Krosskyrkja i Bergen:a. Marthe Marie Johannessen, f. i Bergen 19.10.1787b. Massie Johannessen, f. i Bergen 9.5.1790c. Peter Olai Johannessen, f. i Bergen 2.11.1792d. Petrike Olene Johannessen, f. i Bergen 10.5.1794e. Per Halver Johannessen, f. i Bergen 22.12.1797f. Anna Carina Johannessen, f. i Bergen 24.7.1799Både i 1801 og i 1804 budde huslyden i 22. rode nr. 50, og i 1801 er berre dei to eldste døtrene, Martha Marie og Massie, samt yngste dotteri Anna Carine nemnde. Dei andre er truleg avlidne.Eg har vanskar med å finna:* Opphavet til Elen Marie Olsdotter? Då mori hans heitte Martha, kan me gissa på at mori hennar heitte Massie...? Dette kan igjen peika på Sunnfjord der Massie var mykje nytta på den tidi...?* Dato og stad for dødsfalli til Johannes, Elen Marie og borni deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Finner to Elen Maria Olsdatter som konfirmanter i Domkirken på 1770-tallet:Elen Maria Olsdatter, 17 år, konfirmert 1774 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=85&filnamn=DKKF1763&gardpostnr=969&merk=969#ovre>LenkeElen Maria Olsdatter, 17 år, konfirmert 1778 (født ca. 1765) Lenke. Hun er hos Amund Ruud, står det, og denne Amund Ruud var høker i Bergen.Her i Undersøkelseskommisjonen finner jeg en drager Johanes Peersen, 53 år, født i Hafslo, som døde i 1805 Lenke. Kan det være din Johannes? Her er i allefall dødsfallsregistreringen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Grunnen til at Johannes Pedersen ble gravlagt fra St Jørgen var nok at de er oppført blandt de fattige i 1800;LenkeBarna i 1800 er Marie 13, Massie 9, Anne 3/4. Alderen på Elen, 20. er vel feil, antar jeg. Elen har en 'hemmelig' skade.....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Arnfrid for svært spennande og interessante innlegg! Det ser ut til at dødsfallet til Johannes Pedersen med dette er kome på plass, men eg har nettopp gjort eit etter måten grundigt søk i kyrkjebøkene for Bergen, og det undrar meg at det ikkje finst spor etter nokon av dei andre medlemmane i denne huslyden:* Peter Olai, Petrike Olene og Per Halver finst ikkje gravlagde i Bergen før 1800* Martha Marie, Massie og Anna Carine finst ikkje vigde i Bergen etter 1800Kan det tenkjast at heile huslyden er faren frå Bergen etter at Johannes døydde i 1805? Kan dei vera farne til heimbygdi hennar Elen Marie, kvar no enn det var?Dette er soleis framleis ein skikkeleg ''nøtt''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid for nytt godt innlegg. Eg ser at eg har søkt på feil kriteriar, for dei to første dødsfalli, som du refererer til, er utan tvil Per Halver og Petrike Olene. Derimot trur eg at den siste må vera feil; Peter Olai må helst vera avliden i 1793, og faren heitte tydeleg ikkje Johan, men Johannes... Peter Olai vart døypt i Domkyrkjesokni!Men fleire nye detaljar er på plass, og eg er svært oppglødd! Takk igjen, Arnfrid!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette problemet som enno berre står som ''delvis'' løyst...Me har aldri funne ut kvar det vart av Elen Marie Olsdotter og dei tre døtrene som ser ut til å ha vore ilive etter at Johannes Pedersen døydde i 1805.Eg har saumfare fødsels-, vigsels- og dødslister for Bergen by på leiting etter dotteri Massi (fødd 1790), men utan resultat! Ho ser ikkje ut til å vera der.Derimot ser eg av FamilySearch tre Massi Johannesdotter vigde i Sunnfjord - to i Førde (28.6.1812 med Erik Jacobson og 26.12.1814 med Hans Hansson) samt ei i Gaular (27.2.1820 med Gjert Hansson). Men kanskje er dei alle innfødde?Det hadde vore kjekt om denne huslyden kunne sporast slik at han kjem med i bygdeboki vår, og det er vel lov å vona...Eg takkar igjen for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter litt leiting har eg no funne vigsli i Krosskyrkja i Bergen til den yngste dotteri i denne huslyden, Anna Carine! Ho gifte seg 18.5.1828 med musketer Nils Andersson Sande, 24 1/2, fødd i Dybvaags prestegjeld (Lenke). Eg finn seks born fødde i Bergen:* Elen Marie, fødd 25.10.1828, døypt Krosskyrkja 9.11.1828* Jacob Elias, fødd 24.12.1829, døypt Nykyrkja 3.1.1830* Nils Andreas, fødd 28.9.1834, døypt Nykyrkja 12.10.1834* Nilske Andrine, fødd 15.1.1836, døypt Krosskyrkja 3.7.1836* Johan Andreas, fødd 6.7.1838, døypt Nykyrkja 19.8.1838* Lassine Carine, fødd 1.8.1840, døypt Domkyrkja 2.6(!).1840Dette tyder at Elen og borni truleg vart buande i Bergen ogso etter at Johannes døydde, so då greier me kanskje å finna dei andre døtrene ogso?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter litt leiting har eg no funne vigsli i Krosskyrkja i Bergen til den yngste dotteri i denne huslyden, Anna Carine! Ho gifte seg 18.5.1828 med musketer Nils Andersson Sande, 24 1/2, fødd i Dybvaags prestegjeld (Lenke). Eg finn seks born fødde i Bergen:* Elen Marie, fødd 25.10.1828, døypt Krosskyrkja 9.11.1828* Jacob Elias, fødd 24.12.1829, døypt Nykyrkja 3.1.1830* Nils Andreas, fødd 28.9.1834, døypt Nykyrkja 12.10.1834* Nilske Andrine, fødd 15.1.1836, døypt Krosskyrkja 3.7.1836* Johan Andreas, fødd 6.7.1838, døypt Nykyrkja 19.8.1838* Lassine Carine, fødd 1.8.1840, døypt Domkyrkja 2.6(!).1840Dette tyder at Elen og borni truleg vart buande i Bergen ogso etter at Johannes døydde, so då greier me kanskje å finna dei andre døtrene ogso?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Interessant er det å sjå at eldste barnet til Nils Andersson Sande og Anna Karine var fødd i 22-50 - på same adresse som Johannes Pedersen og kona Elen budde kring 1900. Og dette trass i at huset var ''øyde grunn'' i 1815!Elles ser eg i merknadsruta heilt til høgre (Lenke) at ''piken'' Martha Johannesdotter hadde vore vitne til heimedåpen og at ho òg budde i 22-50! Denne Martha lyt vel då vera eldste søsteri Martha Marie...!?Kvar kan desse søstrene ha butt i 1815 om 22-50 var ''øyde grunn''?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det ser nesten ut til at Nils var av reisande folk; han vart døypt ''uægte'' i Dypvik (Holt) 7.9.1803. Faren var Anders Nilsson, medan mori var ''reisande pike'' Martha Marie Haagensdotter (Lenke).Elles hadde Nils og Anna Karine minst ei dotter til, Elen Marie, fødd 6.7.1832 og døypt i Krosskyrkja 22.7.1832.Eg har forresten funne att Anna Karine Johannesdotter i FT1865. Ho bud som enkje hjå ein ølbrygggjar Rasmus Sande i 13-19:~~~~~~~~~~~~Anne Karine Johannesdatter enke e 1796 BergenElen Marie Nielsen hendes datter u 1828 BergenJacob Ellert Martin Nielsen hendes søn u 1849 BergenOline Askildsdatter hendes Fosterdatter u 1856 Bergen~~~~~~~~~~~~Men noko dødsfall for Nils Andersson har eg ikkje funne og heller ikkje dødsfallet hennar Anna Karine...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ei Anna Johannesdotter, enkje, 67 år, døydde i 9-30 den 3.1.1869. Dødsmeldingi syner ho let etter seg fem myndige born (http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/23997/149). Talet på barn kan høva godt, for den første Elen Marie og Nils Andreas døydde kort etter fødsli...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.