Gå til innhold
Arkivverket

[#56389] Erik Jørgensen (1797-1863) i Bergen - kvar vart det av borni hans? - Nordland?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Erik Jørgensen, fødd på garden Skjerven i Hafslo og døypt der 3.10.1797, døydde i Bergen 9.4.1863. Han var gift to gonger, først med Anna Sørensdotter frå Gaular (1798?-1846) og sidan med Maria Olsdotter frå Fresvik (1804-1879).Med andre kona fekk Erik ei dotter Anna Marie (1848-1892). Lagnaden hennar er oppklart. Ho var gift og budde i Bergen, men fekk ikkje born.Dødsmelding etter Erik frå 1863 syner at han hadde fem born; fire av dei må ha vore frå første ekteskapet, men eg har funne berre tre:* Georgine Martine Eriksern, fødd i Fana (Fyllingen) 10.1.1833.* Severin Peter Eriksen, fødd i Bergen 27.5.1835.* Christian Enoch Eriksen, fødd i Bergen 6.9.1841.Dødsmeldingi etter Anna Marie frå 1892 fortel oss at ei søster budde i Nordland, medan ein bror budde i Amerika.Søsteri i Nordland må vel ha vore Georgine Martine, men er det mogeleg å finna ho att? Og kva med brørne?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid for kjappe og spennande innlegg. Ingen tvil om at du har funne Georgine i Dverberg, og nærare søk i kyrkjebøkene vil nok gje oss fleire detaljar om ho og huslyden hennar.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan I. Borgos

Georgine (1833-1887) gifta seg i 1860 med Knut Olsen fra Kinsarvik (1815-1899). De bodde i Risøyhamn og fikk ni barn. Ta kontakt dersom du trenger mer, Lars!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan for spennande innlegg. No fann eg vigsli i Dverberg, men eg kan ikkje finna dødsfalli til korkje Georgine eller Knut i nokon av dei tre kyrkjesoknene i Dverberg. Kvar har du årstali ifrå? Eg er på jakt etter nøyaktige datoar og stader for dødsfalli...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

I 1886 er det Wilhelm Nagel som har Risøen, Bjørnskinn, Dverberg. Der er en Knud Olsen på Rosøen, Tjøtta, en Knud Magnus Olsen på Elvegaard, Ankenes og en Knud Olsen på Nevernæs, Sortland, alle i 1886.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid og Johan for nye flotte inlegg frå i aftes. Det var merkeleg at eg ikkje kunne finna desse dødsfalli, men skrifti var ikkje den beste, og dessutan lyt eg nytta eit internettrom som er bada i sol frå morgon til kveld...No jaktar eg elles berre på brørne til Georgine; ein av dei døydde truleg i ung alder i Bergen, medan hin utvandra til Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få hentra fram att dette problemet frå i fjor vinter.Eg er framleis på leiting etter lagnaden til Erik jørgensen sine to (eller tre?) ''forsvunne'' born frå Bergen:* Severin Peter Eriksen, fødd i Bergen 27.5.1835.* Christian Enoch Eriksen, fødd i Bergen 6.9.1841.Dei var båe i live i 1863, men i 1892 var berre den eine i live; han budde i Amerika, men ikkje veit eg kven av dei som utcvandra eller kven som døydde mellom 1863 og 1892.Eg hare so langt ikkje funne nokon av dei avlidne i Bergen, og å leita etter Eriksen (eller Jørgensen) i Amerika er ikkje so enkelt på den tidi...Alle gode forslag vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i kveld lese kyrkjebøker for Domkyrkja i Bergen og funne at:* Severin Peter JØRGENSEN, fødd 27.5.1835, vart konfirmert i Domkyrkja i 1850.* Christian Enoch ERIKSEN, fødd 6.9.1841, vart konfirmert i Domkyrkja i 1856.Ingen av brørne er skrivne som utflytte frå Domkyrkjesokni fram til 1869.Ogso søsteri Georgine Martine vart konfirmert i Domkyrkja, men INGEN ANDRE born av Erik Jørgensen og Anna Sørensdotter er nemnde som konfirmantar i Domkyrkja i perioden 1848-1862. So, dersom det stemmer at Erik Jørgensen let etter seg FEM born i 1863, må dei ha hatt eit barn født FØR Georgine Martine i 1833....?So er det at eg finn denne barnedåpen i Krosskyrkja i Bergen i 1825 (Lenke):* Søren Engebrigtsen, fødd 12.7.1825, tvilling* Hans Engebrigtsen, fødd 12.7.1825, likeins tvilling.Borni er fødde utanfor ekteskap; barnefaren var Engebrigt Andersson Kirkeide (rimelegvis frå Nordfjord) og Anna Sørensdotter Fyllingen. Mange av fadrane er busette på Fyllingen, og barnefødsli er meld av ''barnemoderens stedfader husmand Hans Rasmussen øvre Fyllingen''!!WOOPS: Den same Hans Rasmussen øvre Fyllingen var kausjonist då Erik Jørgensen og Anna Sørensdotter gifte seg i Fana i 1833, so her ligg nok opphavet til Anna gøymt... (sjå òg tema #56267).Og, ved barnedåpen i 1825 vert det sagt at Søren døydde, medan Hans rimelegvis voks opp... Kan Hans Engebrigtsen vera det femte barnet frå dødsmeldingi i 1863?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at Hans Ingebrigtsen vart gardbrukar på Fyllingen øvre i Fana der han døydde 29.5.1866. Han var gift med Synneva Johannesdotter Ny-Krohnborg, og dei fekk seks born.Soleis veit me at Hans levde i 1863, so han er nok det femte barnet...!?MEN, kvar vart det so av dei to andre sønene Severin Peter og Christian Enok Eriksen/Jørgensen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Berit for nye innlegg om denne saki.Til Berit: Eg har kikka litt på ''kandidaten'' din til Christian Jørgensen, MEN dåpen til sonen Jørgen Andreas, fødd 19.9.1864 (Fødselsstiftingi), der foreldri er oppgjevne som:Christian Michael Bernhard Jørgensen og Anne Svendsdotter.Dette kan soleis ikkje vera Christian Enoch...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.