Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#56777] Vil du vera forsøkskanin?

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

http://da2.uib.no/cgi-win/WebGlobal.exe finn du no ei søketeneste som gjer det mogeleg å søka gjennom alle dei godt 4000 databasane me har. Du må gjerne prøva, men ver merksam på at tenesta kan bli teken av lufta i periodar. Det kan ikkje ein gong reknast for å vera ei betautgåve av det endelege systemet. Alfa heiter det.Tenesta omfattar i prinsippet alle databasane og alle personane som finst der. Men føresetnaden er at kolonneoverskriftene for personane er Førenamn og Etternamn. Dermed vil t.d. ein del personar i databasar som har fleire personar på same linje ikkje koma med.Når det gjeld fødselsår er dei etter fattig evne prøvt berekna der det ikkje er oppgjeve. Det er då trekt eit høveleg antall år frå registreringsdatoen. I slike tilfelle vil fødselsår bli skrivne i klammer i høgre personlister.No har eg tankar om å gå og leggja meg, men i morgon skal eg skriva hjelepsider. Kortversjonen er at du i søkefelta stort sett kan skriva det same du er van med frå tidlegare søk. Talet for kor mange som er funne vil vera ei lenke. Trykkje du på den får du opp ei liste over alle databasar som er funne. Klikkar du på firkanten framom kommunenamnet vil alle postar funne bli lista, med lenke til databasen dei er funne i.Elles kan eg nemna at søket føregår på ein heilt anna måte enn dei eg tidlegare har brukt. Eg er difor spent på korleis det går når mange systemet.Det kan gå heit galt, men det ser me. Om så skulle skje skal eg nok finna på noko lurt.Tvi, tvi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Fantastisk, Jan. Det burde vera mogeleg å ta tilbake eit og eit valg, ikkje berre heile resultatet.prøvde å leita etter ho Olav Rasmusdotter som skal vera fødd ca 1724, truleg i Sør-Trøndelag, men eg fann ho ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det er litt verre å ta tilbake eitt og eitt val no. Tidlegare vart alle vala gjort på nytt for kvar gong. Det skjer ikkje no. Skulle ein tillata det ville det krevja ressursar som eg først vil vita om finst. Eg er svært usikker på kor stor trafikk systemet toler.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Førenamn børjar på 'b[oa]l' gir kun treff på navn lik 'bol' og 'bal', ikke 'bolette' etc.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Og det er rett. Du må ha b[oa]l* for å få resultatet du vil ha.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Da er det vel ikke nødvendig å velge 'børjar på', 'inneheld' eller 'lik'?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Førenamn lik B[oa]l[l][d][e][vw]* gir to treff født mellom 1675 og 1725. Jeg får imidlertid bare opp ett treff når jeg klikker på lenka (Døpte m/fadre i Nykirken, Bergen 1700-1780, Lenke).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Ketil: Eg trur det skal ha kome seg no.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Ketil igjen: Om du vel eit komplisert søkuttrykk som t.d. b[oa]l treng du no ikkje slenga på ei stjerne om du har valt Børjar på, og heller ikkje ei innleiande stjerne om du har valt Inneheld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Dette var jo flott. Eg tok berre eit kjapt søk på ein forfar som budde litt her og litt der. Det aller meste kom opp, men ikkje ein post i døypte for Borgund (Sula) 1816-1900 sjølv om eg utvida f-år betrakteleg. På ein av postane der (som far) fins han som det eg søkte på, 'Henrik Davids.', men det kom altså ikkje opp i globalt søk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Det ser ut til at estimert alder på faddere er 60 år. Jeg vil tro at både middelverdi og median ligger godt under 50 år og foreslår derfor at dette estimatet endres.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Bjørn: Han er der nok. Problemet er at systemet meiner han er fødd i 1781, noko han ikkje er. Grunn: Dåpsdato er ikkje registrert i databasen, berre fødselsdato for barnet. Det fører til at systmet mitt går ut frå at dåpen skjeddde i startåret for databasen (1816). Så har det rekna at faren var fødd 35 år før; i 1781. Me skal sjå litt på fødselsår problemet. Helst ville eg har ordna database som denne slik at dåps- eller fødseldato vart registrert ikkje på barnet, men på dåpen. Me skal sjå.Ketil: Eg er samd med deg. I neste generering (som sikkert ikkje bli om mange dagar, skal eg senka estimatet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Dette er aldeles storarta! Eg prøvde meg med etternamn Falkevi[gk] og hamna rett på eit dødsfall i 1896 som eg har leita land og strand rundt etter lenge. Bergen var ein av dei stadene eg ikkje hadde leita.Leit fram pussemiddelet til glorien Dykkar igjen, Oldervoll!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Thorud

Søket fungerer bra så lenge man jakter på navn som ikke er for vanlige, men med en gang man forsøker lete etter Hans Olsen eller andre mer vanlig navn blir det alt for mange personer å lete gjennom i søkeresultatet - og det er denne typen navn det vil være mest vanlig å lete etter. Spørsmålet blir da hva man kan gjøre for la maskina snevre inn søket istedenfor at man må gjøre det manuelt.En åpenbar kandidat er ta inn fødested som et felt man kan søke på. Videre kunne jeg godt tenke meg å søke på f.eks begravelsen til en person, dvs begrense søket til en type handling eller rolle.Plasseringen av resultatet kan gjerne være UNDER søkefeltene. Slik det er nå forsvinner antall matchende ut på høyre side av skjermen, sammen med scrollefeltet. Det vil også gi en liste som er bedre å lese.Det bør settes en maksgrense på antall matchende personer, som man må under før tallet vises som lenke - selv om det etter en del venting ser ut som det gikk greit ned 325.000 funne.Hvis innlogginga timer ut, og man legger inn epost adressa på nytt, vises søkefeltene et øyblikk før innloggings dialogen kommer på nytt - dvs umulig å logge seg på etter timeout.Det spørs om det ikke hadde vært bedre med rene tekstfelt for årstall istedenfor de enormt lange rullgardinene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Å leita etter Hans Olsen går heilt fint; du må berre innskrenka fødselsperioden nok. Med 10 år fekk eg 3000 personar.Eg har vurdert, ikkje fødestad, men stad i det heile. Det vil sei å leggja inn all inn informasjon som har med geografi å gjera. Men det må venta litt. Grunnen er at me ikkje har god nok oversyn over databasane våre. Me viet rett og slett ikkje kva felt me då bør ta med. Men det kan koma.Rolle KAN vera aktuelt, sjølv om eg ikkje heilt forstår kva rolle ein skal gje folk i mange av databasane våre. Samstundes er det slik at er du på jakt etter døde ser du fort nedetter kjeldelista i høgre kant kvar begravelseslistene finst. Elles vil det sikkert koma mange ønskje. Men mitt utgangspunkt er at dess fleire felt ein tillet søk på dess tregare system og dess lenger tid går det før folk får fram det dei vil ha.På alle mine nettlesarar og skjermar kjem både skrollbaren og frekvensen fram. Men eg har ikkje sjekka på bærbar med litt dårlegare oppløsying enn den eg elles har. Eg skal sjå om eg kan knipa litt. Men eg vil helst ha det ved sida fordi det då blir plass til flest mogeleg postar nedover.Maksgrense kunne eg godt setja, men eigentleg berre om mengda plagar systemet. Og det kan det koma til å gjera, men ikkje no. No kan folk sjølv bestemma kor mange personar dei orkar venta på. Eg prøvte meg til og med med alle som heitte Hans frå dei tidlege tider og til i dag. Det tok ein par tre minuttar, så var lista der. Ikkje særskilt nyttig.Timeoutproblemet har ikkje eg opplevd, men eg skal sjå på det.Fordelen med rullegardinen er at då kan ein ikkje skriva feil, så dei trur eg du må leva med. Det eg synest er meir plagsomt er at eg på gjera søka om att når eg forandrar tidsperioden. Men det kan koma til å forandra seg. Men først vil eg ha det heile stabilt og godt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Thorud

3000, eller om så var 500, personer sier vel sitt om at dette ikke er særlig anvendbart for Hans Olsen.Å generalisere sted for mye kan ha den ulempen at det blir vanskeligere å snevre inn søket. Fødested finnes vel i 80 % av postene og burde derfor være en selvskreven kandidat - det er et meget nyttig felt ved landsomfattende søk i folketellinger - uten det feltet hadde landsomfattende søk i mange tilfelle vært ubrukelig.I mange kilder har ikke begrepet rolle noen mening, men man trenger ikke ha rolle for alle personer i alle kilder. Det utelukker ikke roller i de poster der det har mening.Hvis du har 500 Hans Olsen ser du IKKE raskt hvor postene med begravde er. Det er kanskje bedre med et noe tregere system enn et ubrukelig system (hva gjelder mange vanlige søk), det vil bare generere flere unødvendige søk – som også vil gjøre systemet tregere.Det er fort gjort å velge feil år i en liste, så det er ikke selvsagt at rullgardiner gir mindre feil. Poenget er at rullgardinene gjør det unødvendig tungvindt å velge år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Fødestad finst ikkje for 80% av kjeldene; det finnst for ein del av folketeljingane, for ein del av emigrantprotokollane og så kan ein kanskje seia fødestad finnst for barnet i dåpar. Det er vel det meste. Når det gjeld rolle så er utgangspunket mitt at dette er eit system for ALLE databasane. Men det utelukkar ikkje at me kan koma til å generer systemet også berre for kyrkjebøker t.d.. Men ikkje med det første.Elles har eg lite forståing for a du meiner at eit system der du må bruka nokre sekund på å kika nedetter ei liste for å sjå om det skulle vera ei gravferdsliste er ubrukeleg. Det å du gjerne meina, men eg meiner at då er då vrang og berre vrang.Sjølvsagt kan du velja feil år i ei valliste. Men skal du skriva årstalet kan du i tillegg koma til å skriva årstal utanom perioden me har, du kan koma til å skriva siste årstal lågare enn det første, du skriv boktaven O for 0, bokstaven l for 1 og alle dei andre feilane folk gjer. Og så må dei sendast attende. Eg trur eg skal få lov til å bestemma kva som er unødvendig tungvint eller ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Woll

Jeg gjorde et slikt søk:Leit etter folk fødde mellom : 1842 og 1846Etternamn fremst [kt][ij][oø]st[eo]l* **La inn søkebegrepet slik for å få alle avarter av navnet KJØSTEL(SEN).Tilslutt var det: 59 funne (av hankjønnsvarianten av Kjøstelsen).MEN det kommer også en masse poster, som når man merker dem - IKKE gir noen økning i antall funne! Hvorfor blir disse postene listet opp i venstre scrolling-tabell da?Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det gjorde dei ikkje tidlegare, og skal ikkje koma. La meg fundera litt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Som Åse (i nr 14) skriv; ta fram Pussemidlet, Jan og DA !Det virkar finnt å søkja der eg prøvde.Skal eg nevna noko så er det at pårørande = 40 år ! Basta ! Dette er vel noko som er vedteke, pga programmet MÅ ha eit fødselsår på dei alle personane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det er rett Jon, programmet vil helst ha eit fødselsår også der det ikkje finnst. Eg prøver meg difor med 40 år når eg ikkje finn noko anna å bruka.Geir: EG veit du har rett, eg kom også borti tilfellet der eg fekk mange for mange i lista mi til venstre. Men no klarer eg detikkje lenger. Kjem du borti same situasjonen, kan du gje meg eit ord, her?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Beklagar, Geir, du har alt gjeve meg eksempelt. Eg skal klø meg der eg før hadde hår.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det hjelpte. Nu burde alt være så meget bedre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Woll

Ja det hjalp på det, Jan! Takk igjen!Mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.