Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#57228] S&F: 3 Olssøner- og døtre frå Lyster som gifte seg i Gulen i 1830-40-åra

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

1) Mari Olsdtr Indrekrogen gifte seg i Gulen i 1842:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 20 (1837-1847), Ekteviede 1842, side 214.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11452&idx_id=11452&uid=ny&idx_side=-213>LenkePermanent bildelenke: Lenke- sjå nr. 23- Har berre funne to born for dei, noko merkeleg, fødde i hhv 1845 og 1851. Men der var kanskje noko som dø unge (evt dødfødde)?2) Var Mari søster til Peder Olsson Ytrekrogen som gifte seg i Gulen i 1834?Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 19 (1826-1836), Ekteviede kvinner 1834, side 201.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: Lenke- Sjå nr. 22, begge desse har ein Ole Pedersson som far, men fra hhv Indre og Ytre Kroken.- Har ikkje funne nokre born for Peder og kona hans, Kari Jakobsdtr.3) Ein anna Peder Olsson Kroken gifte seg også i 1834 (same dagen som han over):Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 19 (1826-1836), Ekteviede kvinner 1834, side 202.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei!Prøver meg igjen med denne 'nøtta'....Håper nokon kan hjelpe meg.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kirsti Rye

Hei.Her er en kandidat til Peder, døpt 28 april 1805.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1805, side 32-33. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11590&idx_id=11590&uid=ny&idx_side=-17>Lenke Permanent bildelenke: Lenke.Foreldrenes vigsel.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1805, side 34-35. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke.Mari døpt i 1807 av de samme foreldrene.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1806, side 64-65. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Heisan, dette temaet har eg ikkje fått med meg før! Men eg er heller ikkje enno ferdig med gnr. 181 Kroken ytre i Hafslo, som kjem i band XII.Derimot finn me gnr. 69 Kroken indre i Nes sokn i Luster (band III), og der finn me den eine Peder Olson som son av husmann Ole JENSSON på Teigen under Kroken og andre kona Elisabeth Nilsdotter:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 5. Peder Olson, døypt 21.2.1809,Peder Olson flytte i ung alder til Ytre Sogn, og 22.6.1834 gifte han seg i Solund med enkja Britha Nilsdotter, opphavleg frå Kvernøy lille i Gulen. Ho var dotter av Nils Hansson og Anna Gregoriusdotter på Kvernøy lille og vart døypt i Gulen 22.7.1796. Ho gifte seg første gongen i Solund 8.11.1816 med enkjemannen Cornelius Jensson, opphavleg frå Utvær i Solund. Han var son av Jens Monsson og Britha Rasmusdotter på Utvær og f. i Solund kring 1772. Cornelius og Britha slo seg ned som gardbrukarar på Nautøy i Solund der Cornelius d. 6.6.1833. Det var dette bruket på Nautøyen Peder tok over då han i 1834 gifte seg med enkja, og dei vart buande der levetidi ut. Peder d. som kårmann på Nautøyen 23.3.1875, medan Britha d. som kårenkje same staden 1.12.1882. Britha Nilsdotter fekk fem born i første ekteskapet med Cornelius Jensson, medan ho med Peder Olson fekk denne eine sonen:a. Ole Pederson, f. i Solund 10.2.1835, d. på Nautøy i Solund 25.5.1915. Han gifte seg i Gulen 16.7.1868 med Martha Malene Johannesdotter frå Grimen i Gulen. Ho var f. i Gulen 30.9.1848 og d. som enkje på Nautøyen 25.11.1927. Ole og Martha tok over som gardbrukarar på Nautøyen i Solund etter foreldri hans, men Ole var dessutan fiskar og los. Dei fekk fire born.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Dei to andre var søsken og born av Ole Pederson frå plassen Veberg under Kroken ytre i Hafslo og kona Anna Nilsdotter. Anna var forresten søster av ovannemnde Elisabeth Nilsdotter, so Peder Nautøy var søskenbarn med Peder Gjønnevåg og Mari Husøy. Her er kva eg har om dei to borni til Ole Pederson og Anna Nilsdotter (men som enno ikkje er ferdig utforska):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 1. Peder Olson, døypt i Luster 28.4.1805,Peder Olson flytte i ung alder til Solund der han 22.6.1834 gifte seg med Kari Jacobsdotter frå Indrevær i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Jacob Larsson på Indrevær og kona Britha Pedersdotter frå Agnaldsvig i Fjaler og vart døypt i Solund 31.7.1808. Peder var fiskar, og han og Kari var gardbrukarar på Gjønnevåg nordre i Solund der dei budde levetidi ut. Peder d. som kårmann på Gjønnevåg nordre 18.12.1883, medan Kari d.##### (dødsdatoen hennar?)1901. Dei var barnlause. 2. Mari Olsdotter, døypt i Luster 16.2.1807,Mari Olsdotter flytte òg i ung alder til Solund og gifte seg der 16.9.1842 med Ole Andersson frå Husøen i Solund. Han var son av husmann Anders Nilsson og kona Alis Jensdotter på ein plass under Husøen og vart døypt i Solund 31.3.1811. Mari og Ole tok visstnok over heimeplassen hans under Husøen i Solund og vart buande der levetidi ut. Ole d. som fiskar på Husøen 1.7.1895, medan Mari d. som enkje same staden 16.1.1898. Dei fekk to born i lag:a. Nils Olson, f. i Solund 4.1.1845, d. som husmann på Husøen##### (dødsdatoen hans?)1903 då han miste livet på sjøen. Han gifte seg i Solund 19.8.1876 med Ingeborg Larsdotter frå Nautøen i Solund. Ho var f. i Solund 1.10.1844 og d. som husmannskone på Husøen##### (dødsdatoen hennar?)1906. Dei var visstnok barnlause.##### (stemmer dette?)b. Anna Olsdotter, f. i Solund 25.12.1851,##### (levde 1865 – lagnaden hennar?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Du Gisle er sjølvsagt velkommen til å supplera med fleire opplysningar om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Mange takk for oppklaringane.Når det gjeld dine ##### så er nok dei å finne i KB for Husøy som enno ikkje er skanna. Er har iallefall ikkje dei nøyaktige datoane.Når det gjeld Anna Olsdtr. f. 1851 så har eg komme like langt som deg (til FT 1865).MVH Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Kornelius Jensson Utvær vart døypt 20. november 1772.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf for den datoen som mangla!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.