Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#58768] Casper Johannesson Ustri, fødd i Larvik 1814 - gift i Bergen 1840 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Casper Johannesson Ustri, fødd i Larvik 23.6.1814 som son av gullsmed Johan Joachim Ustri, gifte seg i Bergen 29.11.1840 med Oline Serene Eriksdotter Olsen, fødd i Bergen 14.6.1824. Casper var på den tidi garvarsvein.Eg kan ikkje sjå at Casper og Oline fekk born korkje i Bergen eller i Larvik i perioden 1840-1845, so det store spørsmålet mitt er:* Kvar i all verdi vart det av dette paret?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Du har har en her som passer både med hensyn til alder, fødested og yrke, men han er ugift!Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid og Michael for avklarande innlegg om denne huslyden. Då fekk med andre ord Oline og Casper Ustri den eine dotteri i Bergen, men medan dotteri ser ut til å ha vorte buande i Bergen, er sltso far hennar flytt attende til Telemark...Men, då vert ''gode råd dyre''; korleis skal me finna ut kva som skjedde med Casper Ustri etter 1865?Elles er huslyden til kona Oline òg eit stort problem, men den saki kjem eg attende til i eit nytt tema...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det nærmer seg tid for ferdigstilling av manuskriptet som gjeld denne huslyden, og eg sit framleis utan spor etter garvar Casper Ustri ETTER 1865, då han budde på Hørte i Sauherad i Telemark...Kanskje døydde han i Sauherad?Eg takkar igjen for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.