Gå til innhold
Arkivverket

[#58880] Må eg gi opp?


Gjest Inge Lien
 Del

Recommended Posts

  • 3 uker senere...
Gjest Inge Lien

Sluttinnlegg om Trond KvaleTrond Kvale som har stått i sentrum i denne saka, har vore ein sideordna person i mi vesle slektsgransking. Meir sentralt har stått ei dame som budde sine siste år i heimen min da eg var gutunge, og eg fekk eit nært forhold til ho. Men oppveksten hennar har heile tida lege i ein tåkeheim for meg, og eg bestemte meg for å finne ut noko om den.Nyleg fann eg ut at ho hadde hatt oppvekst som fosterbarn, og dermed ville eg prøve å finne ut noko om fosterforeldra Hulda og Gudbrand Kvale. Dei hadde to barn, Trond og Tora, og i tillegg fosterbarnet. Eg ville og prøve å finne ut kva dei vart til desse tre barna. Blant anna fann eg ut at alle tre tok lærarutdanning som far (fosterfar) sin. Men det skulle vise seg å bli svært vanskeleg å finne ut kvar det vart av Trond som vaksen.Takk vera dette brukarforumet har eg no fått greie på alt eg treng å vite om Trond Kvale. Eg har fått inntrykk av ein kar som skapte si eiga framtid, men han ville ikkje framheve seg sjølv. Den viljen ønskjer eg å respektere ved ikkje å gå nærare inn på livet og karrieren hans.Eg vil takke alle som har hjelpt meg i denne saka. Eg kan ikkje her gå inn på alle som har vore med, men eg vil nemne nokre personar i samband med at eg vil summere opp fire ulike sider ved denne saka som har vore framme, nemleg 1) Gåta om Trond Kvale, 2) Sirestølen, 3) Kommunikasjonsproblemet og 4) Digitalisering av kyrkjebøkene:1) Gåta om Trond Kvale: - Ivar S. Ertesvåg tok utgangspunkt i at Trond var konstituert lærar i heimbygda si da han var 25 år gamal (skoleåret 1900/01). Ivar skreiv at ein så ung lærar neppe fekk fast stilling, at neste stogg rimelegvis var eit nytt vikariat, og det kunne vera kvar som helst i landet. Ivar hadde rett. Trond Kvale søkte lærarstilling i heimbygda si året etter, men fekk ikkje stillinga. Da han fylte 60 og 70 år og budde ein annan stad i landet (Bærum), stod det i avisomtaler at han hadde vore lærar ved forskjellige skoler ei tid. - Lars Ove Wangensteen arbeidde mykje med å finne informasjon om Trond Kvale ved å prøve å spore opp dødsbuet etter foreldra. Det var ein god ide som kanskje kunne ha ført fram. - Solveig Håklev fann ut at Trond Kvale gifta seg den 25/9-1906 og at han da var journalist i Christiania (Oslo). Dermed var gåta løyst, men framleis mangla eg noko informasjon. - Lars Løkkebø gav meg tips om å ta kontakt med Norsk Pressehistorisk Forening. Den foreininga kjenner ikkje til namnet Trond Kvale. Boka 'Pressefolk' (medlemmer av Norsk Presseforbund) finst i to utgåver, 1930 og 1938, men Trond Kvale er ikkje nemnd. - Frå Nasjonalbiblioteket fekk eg tilgang til avisutklypp som fortalte om redaktør Trond Kvale, og kvar han budde på sine gamle dagar.2) Sirestølen: - Kristin Hegna fann ei historisk utgreiing på Internett som fortalte at Trond Kvale med familie kjøpte Sirestølen i Vats (i Ål), og at handelen vart tinglyst 27.9.1895. Ettersom eg ikkje har breiband har eg ikkje fått sjekka det som står i den nemnde historiske utgreiinga, men utfrå dei opplysningane som Kristin Hegna gjenga, så dreiv Trond Kvale pressebyrå alt som 20-åring og dermed fem år før han hadde eit års lærarvikariat i heimbygda si, og at han kanskje hadde familie 11 år før han gifta seg med Amalie Caspara. Til vanleg interesserar eg meg ikkje for eigedommane til folk, men desse opplysningane problematiserte den andre informasjonen eg hadde om Trond. - Dag T. Hoelset reiste tvil om kjøparen kunne vera den Trond Kvale som eg søkjer informasjon om, og det hadde han grunn til utifrå den historiske utgreiinga om Sirestølen. - Lars Løkkebø peikte på ei konflikt i informasjonen om Sirestølen, og han lurte på om årstalet for tinglysinga er feil. Det skulle vise seg at Lars hadde rett, nemleg at datoen for tinglysinga var feil. - Frå Statsarkivet i Kongsberg har eg fått dokumentert at Trond Kvale fekk tinglyst skjøte på Sirestølen i Vats (Ål) den 07.10.1916, altså 21 år seinare enn det som står i den historiske utgreiinga om Sirestølen. Utskrifta sa ikkje kven Trond Kvale dette var. - Eg har fått kontakt med ein eldre kar som var mykje saman med Trond Kvale og familien hans i Bærum der Trond budde. Han stadfestar at det var 'vår' Trond Kvale som hadde Sirestølen, og han fortalte at Trond Kvale hadde tre born.3) Kommunikasjonsproblemet: - Are S. Gustavsen gjorde meg merksam på eit kommunikasjonsproblem i denne debatten. Eg fekk nemleg mange svar med opplysningar om tida før 1900 som eg ikkje hadde bruk for. Eg burde straks ha presistert at det var tida etter 1900 eg var interessert i. - Lars Ove Wangensteen rådde meg til å svare og takke bidragsytarane i dei debattene eg opprettar. Eg har nok synda her, for eg sat og venta på nyttige svar. Thorbjørn Granlund er blant dei som vart 'offer' for denne kommunikasjonssvikten. Her er ein stutt 'logg' med kommentarar: - 4. februar 2008 laga eg ei sak i DIS-forum der eg sa at eg ikkje hadde spor etter Trond Kvale etter 1900. Same dag fekk eg eit svar som berre gav informasjon som låg inne i mi etterlysing. Etter å ha gått fånyttes inn på DIS-forumet kvar dag eit par veker for å sjå etter nye innlegg (slikt tek lang tid med min primitive datateknologi), så rekna eg med at saka var død i DIS, og eg gav derfor opp det forumet. - 7. mars 2008 laga eg ei sak her i brukarforumet i Digitalarkivet der eg skreiv om Trond Kvale i 1900, og eg lurte på om nokon visste kvar det vart av han. Gunn Huglen sjekka gravminneregistera utan å finne han der, men det var nyttig å vite. Tre personar svarte på denne saka, men det gav meg ikkje opplysningar om kvar det vart av Trond Kvale etter 1900. - 15. april kom det nye innlegg i DIS-forumet utan at eg fekk varsel om det frå DIS. Da eg vart informert om desse innlegga gjennom brukarforumet her i Digitalarkivet, viste det seg at innlegga i DIS ikkje gav noko nytt om Trond Kvale etter 1900. - 18. april 2008 lurte eg på om eg måtte gi opp. Som eit siste forsøk oppretta eg den dagen ei ny sak i dette brukarforumet i Digitalarkivet under tittelen 'Må eg gi opp?'. Det skapte stor innsats frå mange, men i ettertid ser eg at innlegget mitt også lett kunne oppfattast som eit søk etter informasjon bakover i tid.4) Digitalisering av kyrkjebøkene: - Med bakgrunn i vanskane med å finne ut kvar det vart av Trond Kvale, kasta eg fram ein tanke om å digitalisere kyrkjebøkene. Før eg gjorde det, gjorde eg nokre utrekningar på grunnlag av tal som eg tok ut av lufta. - Kristinn Hegna sa at arbeidet med digitalisering er i gang. Ho gav ei lenke som viser at det samla arbeidet, utrekna på grunnlag av erfaring, vil utgjera omlag fem gonger så mange årsverk som eg rekna meg fram til. - Den store spriken kan skuldast grov feil i utrekningsgrunnlaget frå mi side, men det kan og skuldast at eg kanskje såg for meg eit mindre arbeid enn det Kristinn Hegna viser til. Med utgangspunkt i talet på fødde mellom reformasjonen og 1950 ville eg registrere berre dåp, vigsel og død (utelate konfirmasjonen), og for kvar post skulle det berre førast opp namnet på hovudpersonen (to hovudpersonar ved vigsel), saman med ei automatisk boksidekode. Ved utydeleg namn kunne eit bestemt tastetrykk markere behov for nærare gransking. - Med breiband og delt dataskjerm kunne dette bli effektivt tilrettelagt taste-arbeid i heimen, betaling pr registert namn (akkordarbeid, dvs. løn etter arbeids-yting, kvalitetssikring gjennom stikkprøver og reglar for lønnstrekk ved dårleg arbeid) og jobben skulle i utgangspunktet delast på mange deltidsarbeidande studentar ettersom dette kan bli kjedeleg rutinearbeid. Dersom det kunne tilsetjast deltidsarbeidande studentar (eller heimeverande foreldre, pensjonistar eller andre) i til saman eitt årsverk pr kommune med 4000 innbyggjarar (100 årsverk i Oslo), så rekna eg med at alle kyrkjebøkene kunne bli digitalisert i løpet av eitt år for ei eingongsutgift på ca 300 mill kr. Denne utgifta kunne reduserast vesentleg dersom ein berre tek ein prioritert del av kyrkjebøkene. Arbeidet kunne og fordelast på fleire år. Kanskje kunne dette finansierast gjennom eit kulturelt spleiselag, eventuelt organiserast som ein stordugnad, til dømes i lokale historielag. - Men ein eller annan stad i mitt reknestykke ligg det kanskje ein alvorleg reknefeil eller gal føresetnad.Med dette set eg strek for mitt vedkomande i denne saka, men dei som vil må gjerne kommentere dette sluttinnlegget.Vennleg helsing Inge Lien

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.