Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#58885] Martha (Marit) Larsdotter Barsnes, f. Sogndal 1820 - til Grytten 1845 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Martha Larsdotter Barsness, fødd i Sogndal i Sogn 4.7.1820, dotter av Lars Ingebrigtson og Kirsti Eriksdotter, flytte i mars 1845 til Grytten i Romsdalen, men kvar vart ho av?Er det ho som skjuler seg attom denne vigsli i Kors sokn frå sommaren 1845 (Lenke)?Eller er det nokon som har andre forslag?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Er det dette paret som gifter seg i 1845 og som bor på Monge i Kors/Grytten i 1865? LenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Hei. Prøver eit skudd i blinde. I 1846 flyttar Erik Omundsen Lærum f. 1816 og Gjertrud LARSDATTER frå Sogndal til Grytten. Han kallast då Alnæs i Grytten. Dei får ei datter i 1847 som heiter KRISTI. Er det ein samanheng mellom Martha og Gjertrud? Kilde er boka Raumadalsfolket. Eg har ikkje lett på Alnæs. Mvh Bjørg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Erik står som gardbrukar på Slettagjeld, då han og Gjertrud får dottera Marit i 1853. Ser ut som heile familien emigrerer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Familien som Bjørg nemner emigrerer til Amerika i 1879 med tre barn; Berit, Johan og Edvard.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Bjørg og Osvald for spennande innlegg!Jau, det er ho på Monge i 1865 som eg trur KAN vera mi Martha, men fødestaden stemmer jo dårleg..., sjølv om me ikkje alltid kan stola på dei oppgjevne fødestadene...!Martha hadde fleire søsken, men ingen Gjertrud, og Martha var dessutan den EINASTE av søskeni som flytte frå Sogn! So, diverre, her er det ikkje nokon samanhang...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Frå boka Raumadalsfolket s. 128: Marit Larsdtr Fladmark f. 17-5-1820. G. 3-7-1845 i Kors kirke med ungk. Gunder Hansen Monge, f. Skarkstad 1820, Lesja.Sønn av Hans Gundersen Skarkstad og hustru Kari Jonsdtr. Familien innflytter fra Lesja 1838. Marit Larsdtr er datter av Lars Amundsen Fladmark som er f. 1755 på Kylling( s. 125). Altså er den Marit dere har funnet i FT 1865 gift med Gunder, født i Grytten. MVH Bjørg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg for siste innlegg, som soleis endeleg stadfester at Marit på Monge IKKJE er ''mi'' Marit. So då er me ''back to square #1''...Kvar vart det so av Martha (Marit) Larsdotter Barsnes...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld (natt) gjerne få trekka fram att denne saki som framleis står som ei stor ''gåte'', kvar det vart av Martha (Marit) Larsdotter (Barsnes), fødd i Sogndal 4.7.1820, som i 1845 fekk attest for å flytta til Grytten?Truleg er dette som å leita etter ''nåli i stakken'', men ''den som inkje våger,''...Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.