Gå til innhold
Arkivverket

[#58964] Lars Hagbart Carlson, f. Hof i Vestfold 1866 - utvandra til Amerika 1869/1874?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg finn denne fødsli i kyrkjeboki for Hof i Vestfold (nr. 9 1866) (Lenke)Lars Hagbart, fødd 17.1.1866 av foreldri Carl Olaus Larsson og Maren Gurine Halvorsdotter, gardfolk på Vasengen i Hof.FT1880 syner at Charlie og Maren Larson då var busette i Milwaukee, WI, og fødestadene på borni deira fotel oss at dei utvandra mellom 1869 og 1874, men eg kan ikkje finna denne huslyden utvandra frå Hof. Er det augi mine som sviktar, eller...?Kanskje ei bygdebok kan fortelja oss kva år dei utvandra?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ketil Firing Hanssen

Bygdeboka er temmelig knapp, men Karl Larsen Vike kjøpte halve Vassenga i 1864. Denne delen solgte han igjen i 1870 for 697 1/2 spd. til Anders Olsen Oreberg.Under Vike står det at Karl Olaus (sønn av skoleholer Lars Hansen Vike), f. 1836, ektet 1864 Maren Gorine Halvorsdatter Kolstad.De døpte sønnen Olaf 28. februar 1869 i Tangen/Strømsø. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ketil og Jon for spennande innlegg.Eg ser at Carl Olaus utvandra åleine til Amerika i 1871, og dette kan kanskje forklara det lange ''spranget'' i barneflokken? Skal me gissa på at kona og dei eldste borni ikkje kom etter før i 1873? Eller kanskje 1872 er meir sannsynleg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg er ikkje komen lenger i denne problemstillingi og lurer på om nokon er i stand til å dra kjensel på Lars Hagbart si utvandring, truleg i lag med mori Maren Gurine, i 1872 eller 1873?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.