Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60058] Paul Larsson, fødd i Hafslo 1779 - var det han som drukna (Hagen) i Solund 1819?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Paul Larsson, døypt i Hafslo 28.3.1779, son av husmann Lars Johannesson og Ingeborg Paulsdotter i Krabbehaugen under Beim og soleis ein bror av krigshelten John Larsson Beum som miste livet ved Alvøen i 1808, forsvinn frå Hafslo i ung alder.I 1813 dukker det i Solund opp ein Paul Larsson som dette året gifte seg med enkja Kari Andersdotter, opphavleg frå Hagen i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Anders Larsson i Hagen, opphavleg frå Kråkevågen, og kona Synneva Knutsdotter frå Hagen og f. i Solund 1763. Kari gifte seg første gongen i Solund 1795 med Rasmus Thomasson frå Ødejord i Solund, f. 1778. Rasmus og Kari tok over heimebruket hennar i Hagen der Rasmus d. i 1812 eller 1813. Paul tok over same bruket, men miste livet ved drukning 4.5.1819. Alderen hans er då oppgjeven vera 39 1/2 år.Er det nokon med ekspertise på Solund, som kan stadfesta om dette er same mann? Eller ligg det føre andre alternativ for Paul Larssion i Hagen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eg har ikkje studert denne Paul Larsson enno, kvar heldt han seg ved FT1801?Eg trur nok det er din mann, men sikker er eg ikkje.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Ifølge BB for Solund (under Hagen) så står følgande:'Me finn honom som ungkar her i 1810 av det han kjøpte eit bruk i Pollen. Det selde han att i 1813.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Vart Paul Larsson konf. i Hafslo?Kva finn vi Paul Larsson ved FT1801?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.