Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#60058] Paul Larsson, fødd i Hafslo 1779 - var det han som drukna (Hagen) i Solund 1819?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Paul Larsson, døypt i Hafslo 28.3.1779, son av husmann Lars Johannesson og Ingeborg Paulsdotter i Krabbehaugen under Beim og soleis ein bror av krigshelten John Larsson Beum som miste livet ved Alvøen i 1808, forsvinn frå Hafslo i ung alder.I 1813 dukker det i Solund opp ein Paul Larsson som dette året gifte seg med enkja Kari Andersdotter, opphavleg frå Hagen i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Anders Larsson i Hagen, opphavleg frå Kråkevågen, og kona Synneva Knutsdotter frå Hagen og f. i Solund 1763. Kari gifte seg første gongen i Solund 1795 med Rasmus Thomasson frå Ødejord i Solund, f. 1778. Rasmus og Kari tok over heimebruket hennar i Hagen der Rasmus d. i 1812 eller 1813. Paul tok over same bruket, men miste livet ved drukning 4.5.1819. Alderen hans er då oppgjeven vera 39 1/2 år.Er det nokon med ekspertise på Solund, som kan stadfesta om dette er same mann? Eller ligg det føre andre alternativ for Paul Larssion i Hagen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Gift 7. juni 1813, ingen info her dessverre: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 17 (1809-1825), Ekteviede 1813, side 65. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11449&idx_id=11449&uid=ny&idx_side=-52>Lenke Permanent bildelenke:

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.