Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60343] Ole Iversen Sr. (1780-1857) og Jr. (1828-1888) - kjøpmenn i Bergen - kva slag?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Iversen (Senior), døypt i Hafslo i Sogn 6.12.1780 og avliden som ''bedemand'' i Bergen 3.4.1857, og yngste sonen hans:Ole Iversen (Junior), fødd i Bergen 27.3.1828 og avliden som kjøpmann i Bergen 12.9.1888, var båe kjøpmenn i Bergen.Ole Iversen (Senior) budde først i 24. rode nr. 3, men flytt i 1820-åri til 7. rode nr. 27, medan Ole Iversen (Junior) starta opp i 16. rode nr. 15 og frå slutten av 1860-åri i 17. rode nr. 49. Eg finn ikkje Junior i 1865, men i 1875 er han i 17-49, berre titulert ''kjøpmann'', og då enkja hans døydde i Bergen i 1920 (Dorothea Iversen), er ho ''kjøpmannsenkje''.Er det mogeleg å finna ut KVA SLAG KJØPMENN desse karane var?Elles syner eg til tema #49430 der eg etterlyser opplysningar om borni til Ole Iversen (Senior). Dødsmeldingi hans fortel oss at tre myndige born levde i 1857, Ole Iversen (Junior) var ein av dei, men kva med dei andre?Iver Johan Iversen, fødd 27.1.1817, vart konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1834, men eg finn han ikkje sidan att nokon stad...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Er dette samme Ole Iversen i 1885? Lenke.Men lite info om kva slag kjøpmann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Maersk Hansen

Det kan fremgå af skifteprotokollerne hvilke slags varer de havde i lager. Det står f eks meget detallieret om både varetype og mängde i et skifte i Bergen fra 1699. Men jeg ved ikke om skifterne var lige så detallierede i 1800 årene. Så jeg foreslår et besög på statsarkivet i Bergen.Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Maersk Hansen

Eller stil spörgsmålet i arkivforumet til Statsarkivet i Bergen (under velg gruppe). Da kan du også samtidigt spörge om arvinger som nävnes i skiftet.Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.