Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#60677] Johan Sjurson, smedarbeidar, fødd på Melsæter i Fræna 1849 - til Afrika 1882?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johan Sjurson, fødd i Fræna 1.2.1849 som son av gardbrukar Sjur Pederson (frå Hafslo i Sogn) og andre kona Brit Johannesdotter (frå Jostedalen i Sogn), utvandra i 1882 som smedarbeidar til Afrika.Johan var av haugianarætt, og me lyt vel tru at han har vore knytt til misjonsverksemd i Sør-Afrika, men let det seg gjera finna ut noko om lagnaden hans der nede?Alle gode tips vert mottekne med opne armar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i dag få grava fram att dette spørsmålet frå juni som diverre framleis står uløyst. Kanskje er det einkvan som sit inne med detaljkunnskap om misjonsstasjonane i Sør-Afrika der personnamn er nemnde?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Ein Johan Sjursen er omtala i Norsk Misjonsleksikon men var fødd i USA i 1905. Finn ingen andre Sjursen eller Pedersen-Pederson som høver. Kva andre etternamn kan han ev. ha brukt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Harald Jarl for nytt innlegg.Johan var visstnok fødd på garden HATLE i Fræna, men voks opp på MELSÆTER. Kan han ha nytta eitt av desse namni i Afrika? Elles var faren sin fødestad garden YNDESDAHL i Hafslo...Eg krossar fingrane og vonar vidare...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Jeg har hatt litt problem med å finne en passende kandidat til Johan Sjurs0n i 1865tellingen.Fant en som går i lære hos en smed her? LenkeHar du funnet han i den tellingen, tenkte muligens at kirkebøker fra stedet kunne gi svar på utvandringen ?Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Her fant jeg han som du sikkert her gjort i utflytterlistene nr. 8 1882: LenkeMvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Her står litt om de første norske misjonærer i Afrika, mulig en henvendelse til Norsk Misjonssamband kan være til hjelp?LenkeMvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Her er ført en del lister over misjonærer i Afrika . Vet ikke om dette kan være en hjelp? LenkeGunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Prøver med en liste her over misjonærer i Afrika: LenkeVet ikke om det kan være til hjlp?Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Eg finn framleis ingen i Misjonsleksikonet som høver med dei nemnde gardsnamna. Men var han smed, drog han kanskje heller til gull- eller diamantfelta? I 1911 var det kring 900 fødde i Noreg som budde i Johannesburg/Pretoria -området.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunn og Harald Jarl for nhye spennande innlegg.Eg las igjennom listene over misjonsarbeidarar, men fann heller ikkje Johan der; derimot fann eg ei anna jente frå Hafslo...Men eg vart skikkeleg nysgjerrig etter siste utsegni til Harald Jarl! Eg reknar med at opplysningane dine om nordmenn i Johannesburg/Pretoria området i 1911 kjem frå folketeljingi i 1911. Er det nokon som veit om denne er tilgjengeleg på nettet?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Gunn, eg overså det siste innlegget ditt når eg svarte på dette tema før i dag. Og når eg no les om sunnmøringane som i 1882 utvandra til Marburg i Zululand, er det heilt klart ikkje usannsynleg at det var dit Johan Sjurson fór! Men finst det nokon stad passasjerlister over dei som følgde Kaptein Landmark i 1882?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Mulig Bergen museum kan ha opplysninger om dette. Her står litt om Kaptein Landmak og skipet han førte med bilde av båten om jeg ikke tar feil?LenkeLykke til med letingen.Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Er ikke sikker på om det er denne sjømannen som senere blir kaptein og ble nevnt i forrige lenke. Eneste Nils Landmark med tilknytning til sjølivet jeg fant i 1865? LenkeGunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Her i 1875 har du i alle fall kaptein Nils Landmark her nevnt på skipet Elieser. LenkeDa har du kan hende mulighet til å finne ut mer fra Bergen?Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Jeg fant mer lesestoff om Afrikamisjon. Her er nevnt kaptein Landmark og Elieser, også med bilde av båten og også portrett av kapteinen.LenkeMye bra historie her, så da har du litt lesestoff i alle fall, selv om jeg ikke her funnet skipslistene fra 1882. Skulle tro de er bevart i et eller annet arkiv.Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Jeg finner stadig flere informasjoner. Her er nettopp reisen i 1882 med kap. Landmark nevnt. Her er også nevnt en del av passasjerene på reisen. En av dem er nevnt som smed Holte: LenkeInteressant stoff dette?Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Reknar med at tidsskriftet Nordmansforbundet der eg har funne opplysningane i sin tur har henta frå folketeljinga i 1911. Så langt eg veit er ikkje teljinga lagt ut på nettet. Johan Sjursen var ikkje mellom Marburg-settlarane i 1882, ref. 'Norsk Nybyggerliv i Natal'. Den omtala smed Holte - som var ein av settlarane - heitte Mathias Holte og kom frå Holtane i noverande Sande kommune på Sunnmøre. Faktisk var nokre at etterkomarane hans i SA for ikkje svært lenge sidan og besøkte 'Heimegarden' på Holtane. Johan Sjursen verkar noko gammal til å ha vere med i Boerkrigen 1899-1902, men det kan slumpe til. Prøv eit eller anna 'Krigsmuseum' i SA og høyr om dei har utskrift av dei engelske Prison Of War -listene - POW-lists. Om han vart teken til fange av engelskmennene, skal han stå der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Ole Reite

Johan Melseter var Marburtgsettlar. Han er nemnt i den nyutgjevne boka; Norsk utvandring til Sør-Afrika. Eg møtte ei som var etterkomarar av slekta då eg var i Sør-Afrika i 2007. I kapittlet Reisebrev 2007 er det eit bilde av henne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×