Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#63203] Iver Lasseson Raudboti - fødd Fjærland 1897 - forsvinningsnummer?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

FT1900 for plassen Haugen under Raudboti i Fjærland (Balestrand) syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Lasse Raudboten hf g Pladsmand m J 1861 Balestrand NBKari Johnsdatter hm g Pladsmandskone 1856 Balestrand NBKnut Lassesen s ug Jordarbeider fv. tjener 1882 Balestrand NBJohannes Lassesen s ug Jordarbeider 1885 Balestrand NBKristen Lassesen s ug 1888 Balestrand NBOla Lassesen s ug 1890 Balestrand NBIvar Lassesen s ug 1897 Balestrand NB~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det yngste av desse borni, Ivar Lasseson Rødbotn eller Raudboti, fødd i Fjærland 3.4.1897, gifte seg i Bergen 15.11.1921 med Johanna Ingebrigtsdotter Hillestad, fødd i Hafslo 22.2.1903. Johanna var i ung alder flytt til Hop i Fana som fabrikkarbeidar, medan Ivar i 1921 var matros og busett i Fjærland.Men kvar vart det av dette parfolket? Eg har vore i kontakt med ei brordotter av Johanna, som no er 78 år gamal, fødd i 1930, men ho kan ikkje hugsa å ha sett eller høyrt gjete denne fasteri, so anten døydde ho tidleg, eller so var ikkje søskeni på talefot...(?).Kanskje den nyaste bygdeboki for Balestrand har opplysningar om lagnaden til Ivar og Johanna?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Aase R Sæther

Ikkje at eg trur at dette er rette mannen, men det kan vere greit å sjekke han ut uansett - Lenke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for nytt innlegg. Problemet er berre det, at linken berre fører til hovudsida, so eg veit ikkje kven du meiner...?Med venleg helsing,ars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Aase R Sæther

Hos meg fører lenka til ein gravstein, men det er kanskje berre hos meg. Her er i alle fall følgjeteksten:Navn Ivar Jordal Født dato 0304 1897 Død dato 2203 1972 Begravet dato 2803 1972 Felt E Rad 12 Gravnr 24 Gravplass Hordabø Fylke/Kommune Hordaland/Radøy Kirkesogn Hordabø Prestegjeld Manger prestegjeld Prosti Nordhordland Prosti

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for ''klareringi''! Denne Ivar Jordal ser jo svært sannsynleg ut, og eg ser han ligg gravlagd i lag med ei Anna Jordal Bøe, fødd 14.4.1893, døydde 1.6.1980.Kan henda døydde første kona Johanna kort etter vigsli, og so gifte Ivar seg att?Finst det kan henda ei bygdebok for Hordabø som kan klara opp i dette?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Toril Skovly

Johanna Ingebriktsdatter Raudboti døde 4. desember 1922. Nr. 8. Så det stemmer nok det, Lars; hun døde bare ett år etter vielsen.LenkeToril

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Aase R Sæther

Merk også dottera Agnes på linja etter.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Aase R Sæther

.. som er oppført med bustad Jordal -

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Toril og Aase for nye flotte innlegg. Då er ''mysteriet'' på god veg til å verta oppklart. No gjeld det i grunnen berre å kartleggja den seinare lagnaden til Ivar Lasseson Raudboti/Jordal... Og kven var andre kona hans?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.