Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Harald L. Bakke

[#63535] Oppslag i Naustdal Bygdebok

Recommended Posts

Guest Harald L. Bakke

Vil nokon sjå i Naustdal bygdebok under garden Jonstad om der er nokon som heiter Johannes Larsen f. ca 1844 og kva det evt. står om denne personen ?Sjå og tema 63485Mvh Harald L. Bakke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Torodd Kinn

Ifølgje bygdeboka bd. 2 s. 28-29:Johannes Larsson var f. 1843. Han var son av Lars Nilsson Jonstad frå Neset (1800-ca. 1857?) og Massi Oline Larsdotter (1801-1879) (gifte 1834).Barna deira:a. Nikolai Bendik (1835-47)b. Kristine Andrea (f. 1836)c. Kristine Andrea (1841-1935), g.m. Anders Andersson Skei, bst. Jonstadd. Johannes (f. 1843)Det står ikkje meir om Johannes.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald L. Bakke

Takk skal du ha Torodd ! Truleg rette mannen, men kvar vart det av han skal tru ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Torodd Kinn

Han vart iallfall konfirmert i 1858, nr. 52 her: Permanent sidelenke: Lenke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Torodd Kinn

Dette er truleg han i 1865, i teneste hos Hans Svanøe på garden Erikstad på Svanøya i Kinn: LenkeDet er ikkje lange vegen frå Jonstad til Svanøya.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Torodd Kinn

Kanskje ikkje naudsynt med den siste kommentaren til ein som bur i Davikjinnje?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Torodd Kinn

Det er sikkert den same Johannes som emigrerer to år seinare, jf. tema 63485.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald L. Bakke

Det er truleg han som emigrerer til Canada her : LenkeSer ut til at han er gift med nr. 17 og det er å få verifisert deira ekteskap eg er mest interessert i (truleg er Berte Larsdtr. syst i og sjølvsagt kvar dei slo seg ned hen i Canada / USA.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald Jarl Runde

Emigrantane frå Naustdal finn du her: www.utvandring-naustdal.info Klikk deg inn på Aktuelt, vidare inn på Emigrant 2 og leit deg fram til Brn 7 (Vollen) på Jonstad. Her finn du at johannes ikkje er registert som reist til Amerika.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald L. Bakke

Takk for linken til emigrerte naustedøler Harald, den kjem til å bli brukt !Johannes er ikkje regististrert som emigrert til Amerika, men kven er då denne Johannes Larsen Jonstad frå Søndfjord i linken i innlegg nr. 8 ? Er det andre gardar i Sunnfjord med same namnet ?Kan det vere at det likevel er han som reiser, men at han ikkje er registrert i oversikta over emigrerte naustedøler ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Torodd Kinn

Nei, dette er den einaste Jonstad-garden på Vestlandet.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald L. Bakke

Akkurat ja ! Då spørs det likevel om vi har rette mannen. Det vart ei nøtt dette !Fyrst av alt skulle eg gjerne ha visst kvar dei gifte seg for det ser ut til dei reiser som mann og kone. Så spørs det om vi klarar å spore opp paret etter at dei kom iland i Queebec.Slo dei seg ned i Canada eller drog dei vidare sørover til USA ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald Jarl Runde

Det er rimeleg å tru at det er rette mannen sjølv om han ikkje er registert som emigrert på heimesida. Opplysningane på sida er i utgangspunktet henta frå Bygdeboka for Naustdal og vert retta opp etter kvart som nye opplysningar kjem til. Og i Bygdeboka står det ingen ting om kvar det vart av johannes, jfr Innlegg 2. Eg veit ikkje tempoet i oppdateringane.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald L. Bakke

Eg dreg oppatt dette temaet i håp om at nokon kan hjelpe meg å finne dei enten i USA eller Canada.For å kortfatte det :Er det nokon som finn att paret Johannes Larsen Jonstad og Berte Larsdtr. som reiser til Amerika her (nr. 16 og 17). LenkeAvreise frå Bergen 10. mai 1867 og kom fram til Quebeck 18.Juni.Slo dei seg ned i USA eller Canada og fekk dei evt. barn ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Egil Russøy

Eg veit ikkje om det er interessant for deg, men eg ser av lista i innlegg 8 at det er eit par frå Svanøy som reiser saman med Johannes.Eg finn desse utflytta frå Kinn i april 1867. Saman med dei reiser ei Berthe Marie Larsdotter Standal. Så vidt eg kan sjå, er ho frå Bergen. Kan det være at ho blei konfirmert i juni 1851 i Bergen? (sjå øverst) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 15 (1860-1883), Inn- og utflyttede 1867, side 18. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8667&idx_id=8667&uid=ny&idx_side=-15>Lenke Permanent bildelenke:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald L. Bakke

Berte Marie Larsdtr. vart konfirmert 29. Juni 1851 i Svanø, Kinn, men ho var født i Bergen og den du nemner som eg leitar etter.Eg og har lett etter vigsla deira i Bergen, Førde og Kinn utan hell. Dei reiser utvilsomt som ektepar til Canada men så er spørsmålet å finne dei att enten i Canada eller USA noko som ikkje har lukkast til no.Dette paret frå Svanøy har eg og lagt merke til at dei reiser samtidig med Berte Marie.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald L. Bakke

Berte Marie Larsdtr. vart konfirmert 29. Juni 1851 i Svanø, Kinn, men ho var født i Bergen og den du nemner som eg leitar etter.Eg og har lett etter vigsla deira i Bergen, Førde og Kinn utan hell. Dei reiser utvilsomt som ektepar til Canada men så er spørsmålet å finne dei att enten i Canada eller USA noko som ikkje har lukkast til no.Dette paret frå Svanøy har eg og lagt merke til at dei reiser samtidig med Berte Marie.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.