Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torodd Kinn

[#63583] Marnardal: Feil i Bjelland gards- og ættesoge? (Apåsæ, Hesså, Rydlende)

Recommended Posts

Gjest Torodd Kinn

Eg slit med å få ulike opplysningar i bygdeboka for Bjelland i Marnardal til å hengje saman!Finst det nokon der ute som kan hjelpe med å løyse floken?Utgangspunktet mitt er Reier Olsson Apåsæ (nr. 4 s. 195). Ifølgje boka var han bror av Ole Olsson Apåsæ frå Hesså (nr. 3 s. 195) og overtok eit bruk etter han.Reier Olsson døydde i 1810 og var då 56 år, dvs. f. ca. 1754. Ved FT1801 var han 51, dvs. f. ca. 1751.Om den påståtte broren Ole Olsson står det at han døydde i 1785, 68 år gml., dvs. f. ca. 1717. Han fekk barn i perioden 1748-52, mellom dei ein son Reier i 1751. I 1778 skal Ole ha gifta seg med Helvig Torkilsdotter Rydlende, og dei fekk ein son i 1782.Ole skal altså ha vore 30-40 år eldre enn 'broren' Reier. Ikkje umogleg, men høgst uvanleg. Men så skal han ha fått ein son Reier om lag samtidig med at 'broren' vart fødd. Eg mistenkjer at 'broren' Reier er sonen.Vi går til Ole Olsson sine foreldre på Hesså, Ole Tallaksson og Adlu Svenkesdotter (nr. 21 s. 263). Adlu var først gift med Ole Svenkesson Hesså (nr. 20 s. 263). Ole Svenkesson døydde ca. 1709 og hadde barna Svenke, Isak, Karen, Anna, Sissel og Gunvor med Adlu. Adlu døydde ca. 1736 og hadde barna Ole (16), Ingeborg (23) og Barbra (15) med Ole Tallaksson.Ole Tallaksson og Adlu Svenkesdotter hadde altså ein son Ole Olsson f. ca. 1720. Det stemmer rimeleg med alderen til Ole Olsson Apåsæ då han døydde (jf. ovanfor).Men korkje Ole Tallaksson eller Adlu hadde nokon son som heitte Reier. Dessutan døydde Adlu ca. 1736, Ole Tallaksson i 1738 -- 10-15 år før Reier Olsson Apåsæ vart fødd. Det styrkjer mi tru på at Reier var son av Ole Olsson Apåsæ, ikkje bror hans. Har nokon synspunkt på det?Helvig Torkilsdotter kan ikkje ha vore mor til Reier Olsson; han var fødd 25-30 år før ho skal ha gifta seg med Ole Olsson. Kven var då den første kona til Ole Olsson Apåsæ?Så eit anna punkt: Ole Olsson Apåsæ skal altså ha gifta seg med Helvig Torkilsdotter Rydlende i 1778. Då må han ha vore ca. 60 år. Det er ikkje umogleg. Men går vi til Rydlende, ser vi at Torkil Olsson (nr. 3 s. 132) si dotter Helvig var f. i 1762. Då skal ho ha vore 16 år ved ekteskapet med 60-åringen i 1778. Kan dette vere rett?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Eg lyfter dette temaet opp att i håp om at nye forumgjester kan bidra.Var Ole Olsson Apåsæ (ca. 1717-1785) far til Reier Olsson (ca. 1751-1810)?Kven var mor til Reier Olsson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Fjogstad

HeiDen nevnte bygdebok for Bjelland av M.Breilid kan berikes ved å ta for seg Grindheim bygdebok av samme forfatter. En del feil er det i dem begge. Videre finnes gårdskort som flere her i forumet har avfotografert, samt og ikke minst prøve å tyde skriften i de skannede kirkebøker som finnes her i digitalarkivet.Mvh Knut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Hei, og takk for innspel.Det er klart det er aktuelt for meg å gå til kyrkjebøkene for å prøve å finne svar. Skifteprotokollar m.m. vil jo òg innehalde informasjon, men då må eg vel reise til Kristiansand.I første omgang hadde eg likevel eit håp om at nokon andre her i forumet hadde arbeidd med nettopp desse slektene og gardane og eventuelt kunne stadfeste eller avkrefte hypotesane mine.Kva meiner du forresten med 'gårdskort', Knut?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

Knut mener sikkert de kasettene på Statsarkivet som inneholder register over skifter på gårdene i V Agder. De er ordnet etter gårdene,hvem død,hvem etterlatte-. Tidligere lå der på 'nettet' skifter i Sør Audnedal,mener jeg å huske.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Fjogstad

HeiTakk Sigbjørn for lenken du la inn den hadde jeg mistet.Kirkebøkene finner du jo like her i menyen øverst:LenkeDet er jo noen som etterhvert leser temaet og de har vel svaret - selv om det kan finnes ved kirkebøkene også.Mvh Knut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Eg har ikkje funne svar på det to år gamle spørsmålet mitt, så eg friskar det opp att:Kven var foreldra til Reier Olsson Apåsæ (ca. 1751-1810)?Var faren Ole Olsson Apåsæ (f. Hesså) (ca. 1717-1785)?Og kven var mora? Det kan ikkje ha vore Helvig Torkilsdotter.Sjå resonnement i innlegg 1.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

For ordens skuld oppsummerer eg det eg har komme fram til:Bygdeboka har éin Ole Olsson Åpåse (s. 195). Eg meiner det skal vere to, far og son.Ole Olsson d.e. var fødd på Hesså ca. 1717, gifta seg med Siri Omundsdtr. i 1742 og døydde på Åpåse i 1785.Ole Olsson d.y. var fødd på Åpåse ca. 1742, gifta seg med Helvig Torkilsdtr. Rydlende i 1778 og døydde på Trygsland i 1797.Ole Olsson d.e. var far til Reier Olsson, Ole Olsson d.y. var broren.Og mora var altså Siri Omundsdtr.Sjå tema om Siri her: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleif Odland

Skal kikke etter avskrift av skifter til deg på SAK i morgen Torodd.Torleif

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Det er aldeles supert! Takksam helsing, Torodd

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.