Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#64080] Anders Thunold (1806-1870) og kona Alida i Bergen -kvar vart det av borni deira?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Ananiasson Thunold, døypt i Innvik (Nordfjord) 23.2.1806, gifte seg i Bergen 4.12.1831 med Alida Jensdotter Kjos, døypt i Hafslo 2.7.1805. Anders var sagarbeidar, og parfolket budde i bergen levetidi ut. Anders Thunold døydde i Bergen 19.12.18970, medan Alida ''Andersen'' døydde same staden 12.7.1892. Båe dødsmeldingane fortel oss om fattigskifte, og ingen ervingar er nemnde, bortsett frå at Anders Thunold i 1870 vart etterlevd av fire born, ''derav tre fråverande''.Barnet, som ikkje var fråverande, var dotteri Andrine Jensine Andersen (1833-1881), gift først med Anfind Helgesen frå Sogndal (1840-1869) og sidan attgift med Erik Daniel Sakariassen frå Jølster (1845-1932). Desse budde alle i Bergen!Dei tre fråverande borni var:* Elisabeth Bertine (Andersen), fødd i Bergen 9.4.1830* Ole Andreas (Andersen), fødd i Bergen 12.10.1836* David Johan (Andersen), fødd i Bergen 1.3.1839Kvar kan desse fråverande borni ha butt i 1870? Eg har søkt etter dei i 1865, men so langt utan hell. Kan dei vera farne til Nord-Noreg? Eller kanskje nedover kysten? Amerika er sjølvsagt ogso eit alternativ...Kan Elisabeth vera ho som eg vil ta opp i eit eige tema som gift med skipper John Johannessen i Skudesnes?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Hva med denne Ole Andersen i Bergen i 1865? [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=f61301&gardpostnr=2249&personpostnr=25130#nedre>LenkeDet er en Daved J. Andersen i passe alder i Askvoll, det står riktignok at han er født der, men av og til ser vi at det er feil her: LenkeI Fana er det en Lisbet Andersdtr, samme her hun står født i Fana:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Nei, det var nok et bilndeskudd med hensyn til Ole, for det er vel han som er gift her og han heter Ole Johan dessverre: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

..og hvem kan denne David Andersen Yttri f i Lyster i 1839 bosatt i Lier være LenkeKanskje bom, men likevel...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Molfrid Loftsgarden

Hva med denne kandidaten for Elisabeth? 1865-telling for Bergen, og med navnet skrevet Ellisabeth. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kjellaug, Arnfrid og Molfrid for spenande innlegg om dette problemet.Det er vel noko nær håplaust å leita etter Ole Andersen. Når det gjeld David Johan Andersen, so var ''kandidaten'' frå Askvoll spennande, men eg ser av konfirmantlistene for Askvoll at ein David Andreasson var fødd på den tidi, so truleg er det han som bur der i 1865.David Andersson Yttri i Drammen var fødd i Luster, so han er det ikkje.Dette problemet ser ut til å verta ein skikkeleg ''nøtt''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magnar Hjelmeland

Hei, Ein Arnfred Jørgenson Thunold vart gift med Alvhild Hansdotter Fedt i Omvikdalen, Kvinnherad i 1917, dei har og etterkommarar her. Kor dette Thunold namnet stammar frå veit eg ikkje. Mvh Magnar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Karlsen

Du har sjekket ut de andre beboerne her? 'Svigermoren' (men det kan vel ikke stemme) bør være Alida f. Kjos. Alderen stemmer med 1865 tellingen:Strangehagen 23, 1891: Alida Anders. K FL Svigermoder E 1800 Havslo Herred understøttelse af en søn ? helt af SømanStrangehagen 23, 1885: Alida Jensen k 1800 Sogndal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Magnar, Nina og Carsten for spennande innlegg. Særleg vart eg overraska over huslyden frå FT1891. Det kan vel ikkje vera store tvilen om at dette er ''vår'' Alida, men eg forstår ikkje korleis ho kan vera ''svigermor'' til Kristian Mikkelsen!?Adelaide Maria Mikkelsen er fødd i Bergen (NK) 23.3.1885. Foreldri er der oppgjevne til matros Agmund Christian Mikkelsen og kona Gurine Dorthea Bye, fødeår 1844 og 1851.Gurine Dorothea Bye er fødd i Bergen (NK) 21.4.1849. Foreldri er ''forulykket'' styrmann Andreas Bye og jenta Maren Cathrine Olsen. Eg ser ikkje nokon samanhang med Alida!?Er det noko eg har oversett?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.