Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Rune Fergestad

[#64306] Aure: Ole Olsen Lesund g.m. Ane Arentsdatter

Recommended Posts

Gjest Rune Fergestad

I følge Gardtales i Aure, s. 301, var Lisabet Olsdatter (f. 1816) g.m. Hans Ivarson Våg. Jeg prøver å finne ut mer om anene til Lisabet. Jeg har funnet henne i kirkeboka (Lenke, nest øverst på venstre side), hvor foreldrene er Ole Olsen Lesund og Ane Arentsdatter. Jeg har bladd litt fram og tilbake i Aure boka under Lesund, men kan ikke se at denne Ole (det er mange andre Ole'er...) er omtalt. Kan denne Ole kanskje være en sønn av Ola Larsson Ormset som kom til Lesund i 1785? Han var forøvrig gift 1783 med Ane Jonsdatter Aure. Det var forresten sønnen Jon som tok over etter Ola. Hadde det vært en storebror Ole inne i bildet her som levde opp burde vel han hatt odel foran den evt broren Jon...? Det kom jo en Ola Olson Husfest til Lesund, med det var ikke før 1820 - altså fire år etter Lisabet ble født.I FT1801 er det et titalls Ole Olsen i den rette alderen i Aure, men ingen som hører til på Lesund.Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Det viker overveiende sannsynlig at dette er rette folka:-) På motstående side i din lenke, 2. søndag etter Faste, har Ole og Ane født en sønn ved navn Arent. Skulle nå bare funnet et endelig bevis på at det virkelig er rette Ole og Ane du fant her...I 'Gardtales i Aure' under Åkvik er det en Ane nevnt som datter av Arnt Nilsson Berg og Randi Larsdatter Åsgård - gift 1775. Det står dessverre ikke noe i boka om hvem Ane giftet seg med.Under Grisvåg i samme bok finner jeg ingen Ole Olsen omtalt dessverre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Har notert Leirvik bak namnet Lisabet Olsdotter i mitt eksemplar av bygdeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Har ikkje sjekka dette ut, men eg meiner å hugsa at Lisabet var dotter til Ola Torsteinsson Leirvik i Valsøyfjorden. Ola var lærar og ei tid konstituert lensmann. Han kom frå eit plassrom under Aure prestegard, Ytre Leirdal. Farsslekta hans var av den gamle klokkarslekta i Aure medan mora kom frå Åneset (der eg bur i dag). Slekta på Åneset er ei interessant slekt som kan førast attende til Aspaslekta i fleire greiner. Dessutan var Ånesslekta av Tranefolket på Henna i Valsøyfjorden.Får tru eg ikkje hugsar så alt for feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Det var interessant Finn. Kan dette være informasjon du har hentet fra 'Gardtales i Valsøyfjord'? Den kan jeg evt sjekke neste gang jeg er på Riksarkivet...Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ein gong for lenge sidan skreiv eg ein avisartikkel i Tidens krav i Kristiansund. Artikkelen vart kalla; Magnhild - eit namn. Den omhandla kvinnenamnet Magnhild, korleis det hadde vandra gjennom generasjonar, til den siste Magnhild som døydde utan born etter seg for eit par år sidan. Den første med namnet fann eg på Hoem i Tingvold så vidt eg hugsar. Den siste Magnhild var elles søskenborn til far min.Elisabeth, el. Lisbeth har ei liknande historie, då namnet er nedarva i mange generasjonar frå Hustru Lisbet i Aspa, kona til Audun Ivarsson.Namna Magnhild og Elisabeth vart altså sameint i same slekta og medan eg nedstammar frå Magnhild, nedstammar du frå Elisabeth etter det eg forstår.Det greiaste for å finna dei første generasjoanae er vel å nytta kyrkjebøkene og folketellingane. Elles finn du jo ein del både i Gardtales i Aure (B I) og Gardtales i Valsøyfjord.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Her finn du giftemålet mellom Hans Iversson Kiplesund (Våg) og Lisbeth Olsdotter Lervik. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Nok en gang Finn: tusen takk!Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Hei igjen Finn. Vet du hva som er det beste bokmaterialet å lete i for å avskrive det du nevner om slekta på Åneset og Aspa?Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det enklaste ville truleg vore at du hadde tilgang til den artikkelen eg skriv for lenge sidan, truleg ein gong i slutten av 1970-talet, eller i løpet av 1980-talet. Så vidt eg hugsar var det i Kristiansundsavisa, Tidens Krav at artikkelen vart offentleggjort. Men det vert vel som å leita etter nåla i høystakken.Elles vil du finna noko om slekta under Hoem i bygdeboka for Tingvoll og eg trur det var under Nelvik på Smøla i bygdeboka der. Det var nemleg ein familie på Hoem som braut opp derifrå og flytta til Smøla. Akkurat dette er ikkje nemnd i bygdebøkene. Ei av dotrene i denne familien vart gift til Ånes i Aure. Ho heitte Magnhild Styrkårsdotter og vart gift med Albrigt Ånes som stamma frå Trane/Lampefolket på Henna i Valsøyfjord, noverande Halsa kommune. Også det som står under Ånes i bygdeboka for Aure er mangelfullt. M.a. var son til Albrigt og Magnhild, Ola Albrigtsson gift to gonger. I bygdeboka er berre det eine ekteskapet nemnd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Jeg plager deg igjen Finn...: Hvis jeg skal lete etter den artikkelen din på Nasjonalbiblioteket så hadde det vært veldig nyttig å vite litt mer nøyaktig om tidspunktet. Har du peiling på ca hvilket årstall det var, så blir det ikke så fryktelig mange filmruller å bla gjennom?Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Om det var så vel at eg hadde hugsa det så skulle du sjølvsagt ha fått vite det. Det næraste eg eg kan seia er vel at det helst måtte vera ein gong etter 1978, men før 1986, kanskje nærare det første enn det siste.Eg veit eg skal ha ein perm ein eller annan staden. Kan hende ligg det ein kopi av artikkelen i denne permen? Eg har leita litt, men ikkje funne noko så langt.Kan hende er det snarare å ta runden opp igjen. Det skulle jo vera atskilleg enklare no enn den gongen eg held på. Endå var m.a. ikkje Smølabøkene ferdiggjort.Du kan starta med å sjå på s. 564 i Gardtales i Aure B I. Der står det om ein Torstein Nilsson Leirdal (seinare Leirvik) som gifta seg med Elisabeth Olsdotter Ånes. Sistnemnde var dotter til Ola Albrigtsson Ånes i andre ekteskapet hans. Dette går fram av eit skifte. På s. 473 i same bindet av bygdeboka står det om farslekta til Torstein Nilsson i Leirdal. I min ungdom fann eg ein gammal bibel i husa der eg budde. Den hadde tilhøyrd klokkar Nils Torsteinsson (far til Torstein Nilsson i Leirdal) og tvillingbroren Kristen, begge fødd på Sundsby og begge klokkarar og lærarar i Aure. Dei nedstamma frå Hr. Christen Lauritsson, kjend trelasthandlar og prest i Aure eit par mannsaldrar sist på 1500-talet og først på 1600-talet.Det var vel funnet av den gamle bibelen som vekte interessa for ættegransking i meg, men eg har endå ikkje funne ut kvifor bibelen hamna nett i Oldervika der eg vaks opp ;-))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Fann om sider den omtalte permen, men artikkelen såg eg ikkje noko til. Det er jo likevel ein del opplysningar der som kan interessera deg.Vi har ei folketelling fro Aure frå ca 1764 - 1766. Der er Ola Albrigtsson Ånes oppgjeve å ha ein alder på 57 år medan kona, Anne Jonsdotter var 49 år. Følgjande born er nemnd i dette manntalet:1. Elisabeth Olsdotter 12 år2. Jon Olsson 11 år3. Jacob Olsson 10 år4. Eli Olsdotter 6 år5. Gunnhild Olsdotter 5 år6. Magnhild Olsdotter 4 årDet var den eldste av desse, Elisabeth Olsdotter som vart gift med klokkarsonen Torstein Nilsson Tevik (sinare Leirdal og Leirvik).I tillegg kan eg nemna at Ola Albrigtsson var son til ein Albrigt Jacobsson som tente ei tid på Aure prestegard. Den sistnemnde Albrigt var son til Jacob Albrigtsson (Lampe) på Henna i Valsøyfjord og kone Maren Christensdotter Trane.Albrigt Jacobsson hadde også ei dotter som heitte Maren etter farmor si.Eg trur du skal finna ein debatt om Lampeslekta her på forumet om du søkjer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Du er en knupp Finn. Dette ser jo ut til å flaske seg uten timevis med mikrofilmsøk etter din artikkel. Kanonbra!Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Så spennende med den bibelen forresten Finn. Den må jo være helt tilbake fra midten av 1700-tallet den da! Jeg skjønner godt at den var spiren til lokalhistorisk interesse for å si det sånn. Det har sine fordeler å være bosatt steder med historikk i veggene :-)Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ja, den bibelen var spennende. Det stod jo ymse skeve inni den også, mest namn på personar, m.a. dei to nemnde klokkartvillingane frå Sundsby. Eg trur bibelen var frå 1600-talet. Eg har gjeve den til 'bygdemuseet' for mange år sidan no.Elles har du kanskje lagt merke til at det er kome opp trådar både om Albrigt lampe og om Ole Torsteinsson Leirdal på førstesida på debattforumet no. Hanne Heen som ofte er inne her nedstammar frå Hans Iversson Kiplesund ho også om eg ikkje tek feil.Er det forresten lov å spørja om eventuelt kven av borna til Hans og Elisbeth du nedstammar frå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Finn: Det er Guri Hansdtr som er linken til Lisabet og Hans i denne grenen av min familie. Hun er riktignok ikke direkte en av mine tipp'er. Dette er en linje jeg følger opp for noen andre i slekta. Min direkte slektslinje til Aspa går via folket på Glærum og Sjøflot i Surnadal.Min nærmeste link til Nord-Møre er via min farmor Doris som vokste opp hos sin tante på Glærum, etter at min oldemor Ildri døde da Doris var bare ett år. Hun bodde der til hun var 11, da faren hennes Rasmus (min oldefar altså) kom i karjol og hentet henne til Gjølme i Orkdal. Faren til Rasmus hadde kjøpt Gjølme på slutten av 1890-åra, og flytta dit med huslyden sin fra Meldal. Det gamle hovedhuset fra 1770 på Gjølme brant tragisk nok ned til grunnen i 1956 og det var dessverre nesten ingenting de rakk å redde fra flammene :-(Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I notata mine (i permen om Magnhild) finn eg følgjande oppsett:Lisbeth Olsdotter Leirvik gift 11. okt 1841 med Hans Iversson Kiplesund (Våg). Born:1. Ole f. 15.apr 1842 gift 12. jun 1867 med Beret Haftorsdotter Melland.2. Iver f. 14. apr 1844.3. Iver f. 10. apr 1845.4. Guri f. 8. apr. 1846.5. Randi f. 10. apr. 1849. Gift 1. gang 29. jun m. Ole Pedersson Mæle. Gift 2. gang 15. jun 1875 m. Haldor Pedersson Garberg.6. Iver f. 24. aug 1851.6. Guri f. 10. des 1855. Gift 7. sep 1877 m. Ola Olsson Ulfsnes.Legg merke til fødselsdatoene for dei 5 første søskena :-))Synd med alle brannane på Gjølme. det var vel ein i 1980 også. Elles budde eg i 4 år i Orkdalen, då eg gjekk på det som då vart kalla Orkdal offentlege Landsgymnas. Det var i åra 1962 - 1966. Om sundagane var det ofte vanleg med ein sykkeltur rundt Orkdalen den gongen, og då sykla vi også forbi Gjølme. Den tida hadde eg m.a. ein lærar som heitte Olav Ranes. Han var gift med ein av dine slektningar (Solveig, brordotter til Ildri). Tidlegare i tråden nemnde eg at presten i Oppdal, Ola Mæle kom fra Mæle i Aure og var far til eit par kjendisar. Etter det eg kan sjå, så var han gift med Dagrun, ei syster til Solveig.Til slutt skal eg ta med eit utdrag frå eit skifte etter Størcher Arntsson på Nelvik på Smøla. Skiftet vart halde den 4. juni 1694. Enke var Ingeborg Olsdotter og borna var:1. Margrethe 20 år2. Magnhild 17 år3. Lisbeth 15 år4. Anne 12 år5. Olle 7 år6. Størcher 71 vekerBuet var fallitt.Av desse ser det ut som om Ola (Olle) kom til Leirdal i Aure, medan Magnhild vart gift på Åneset med Albrigt Jacobsson (Lampe).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Det stemmer at Olav Ranes var inngift i slekta vår. Så vidt jeg husker hadde han litt kontakt med min onkel Ragnvald i hans ungdom. Apropos Orkdal Landsgymnas: jeg vet ikke om han fortsatt var rektor der på 60-tallet, men Trygve Ræder var i alle fall rektor der på 50-tallet da faren min gikk der. Det faren min ikke visste (før jeg fant det ut i høst :-) var at rektoren var i slekta hans - han var tremenningen til min farfar.Det med Mæle glemte jeg helt bort. Barna til Oppdals-presten Ola Mæle er tremenningene til min far.Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Jau då, Trygve Ræder var framleis rektor ved gymaset då eg gjekk der. Eg gjekk forresten i same klasse som Øyvind, son til Trygve.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Ser man det. Verden er ikke så stor. Min far gikk i klassen til Øyvind sin storebror Helge :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Finn: jeg vet det ikke hører hjemme her, men jeg finner ikke igjen det temaet der du hadde en kommentar som sa noe slikt om Magnhild Størkersdatter Hoem: hun var beslektet med Aspa-ætta både på fars- og morssida. For Størker Arntson Hoem er jeg helt med, men hva med hennes mor Ingeborg Olsdatter Ulset? På slutten av dagen i dag fikk jeg tatt en rask og ikke veldig grundig titt i bygeboka under Ulset, men ble ikke noe klokere... Kanskje du kan peke meg i rett retning her?Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Nei, verden er sanneleg ikkje stor, men likevel litt moro med slike samantreff.Når det gjeld Ingeborg, så står det truleg ikkje særleg mykje om dette i bygdebøkene. Men i eit av dei siste heftene av NST har Klaus Johan Myrvoll ein artikkel om Ivar Audunsson i Aspa og kona og borna hans. Der kjem det fram at Ivar hadde ei dotter som heitte Elisabeth Ivarsdotter som var gift med Olle Ulset. M.a. ut frå namnet på den eldste dotra til Størcher og Ingeborg, er neppe Ingeborg dotter til nokon annan enn lensmann Olle Ulset og Elisabeth Ivarsdotter Aspen.Eg fekk forresten kunnskap om denne Elisabeth som var gift med Olle Ulset alt på 1970-talet. Det var ein Trygve Bø frå Straumsnes som måtte ha hatt tilgang til dei same kjeldene som Myrvoll viser til i artikkelen sin.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.