Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Johannes Schrøder Havstad

[#64349] Wilhelm Kindingsland, gartnar i Fjære (Grimstad), emigrert. til Australia 1887.

Recommended Posts

Gjest Johannes Schrøder Havstad

Etter henvending frå personar i Adelaide/Barossa, søker eg opplysn. om fødselsår, fødestad, familiebakgrunn og personalia for Wilhelm (evt.Vilhelm/Villum/Villy?) Kindingsland.Kindingsland var ivrig venstremann, folkevæpningsskyttar og medstiftar av Landvik landboforening 1884. Av yrke var han var gartnar, og dreiv handel med frø og planter på Berge i Fjære i 1880-åra, før han emigrerte samman med Øven Torp, Reddal og Ivar Beisland, Berge. Dei to sistnemnte returnerte snart, mens W.K. blei igjen down under. Han var først tilsett hos den berømte botanikaren Baron Ferdinand von Mueller/Müller (sjå Wikipedia etc.) og kjøpte seinare land i Barossa Valley.Svært lite er elles kjent, men det er arbeid i gang med å spore livet hans i Australia, evt. andre stader på kloden. I eit av breva han sendte min farfar, går det fram at han hadde ein bror i Grimstad i 1888-89. Etter eit bilde å dømme var W.K. 25-35 år då han emigrerte, og var dermed fødd ca 1850-1860?Er det fleire Kindingsland/Kjenungsland-gardar enn garden i Lyngdal?Lindesnes bygdemueum har elles lagt ut på netter eit udatert foto tatt i AFRIKA av ein Wilhelm Christensen Kindingsland, 'bror av Christen på Kindngsland'. Er det 'vår' mann som hamna der, eller ein fetter?Mvh Johannes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Kan det vere denne karen her (nr. 29): Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=925&idx_id=925&uid=ny&idx_side=-65>LenkeVillum Christian Christensen, f. 26.3.1847 på Kinningsland av foreldre Christen Tønnesen og Anne Elisabet Jacob-Tobiasdtr.I 1865 snikkardreng i Stavanger: LenkeEg lurer på om dette er broren, musikar? i Kristiansand i 1865: LenkeOg busett i Grimstad i 1900:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl V. Erichsen

Hei til Landvik!Jeg kjenner ikke denne karen, men er han elev fra hagebruksskolen på Lillenes/Søm?Jeg har noe artikkelstoff derfra, men det har vel kanskje du også?- Jarl -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl V. Erichsen

Ser i mine slektsnotater at min ttt-oldemors søster - Inger Serine Abrahamsdt Hagen (F Lyngdal 1794), ble gm en som het Villum Kristian Tønnesen Kinnungsland..... Tilfeldig? - Jarl -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johannes Schrøder Havstad

Du syn og dag! som farmor sa: Her kom det raske og gode svar, frå meir drevne genealogar enn eg.Eg får ta litt tid til å fordøye stoffet, men kan gjerne straks gi noen tilbakemeldingar:- Det er god grunn til å tru at Villum Christian Christensen f. 26.03.1847 er mannen me er ute etter. At han som 18-åring var snikkardreng i Stavanger, kan vere det første tegnet på utferdstrongen hans. Og broren Abraham føyer seg inn i mønsteret, som busett i Grimstad 1900.- Jarl: Ja, eg har rekna med at W.K. slo seg ned på Berge etter å ha tatt eksamen på Havebrugsskolen, helst på Vardåsvollen/Varsvollen, evt på Lillenes. Planen min er å prøve å få dette fastslått.- Eg har grundig dokumentert den første Australiaturen, den i 1887. At W.K. også reiser frå Noreg dit ved årsskiftet 1893-94 var spennande nytt. Altså må han ha returnert til gamlelandet ein gong etter 1889, då han skreiv brev til farfar min.- Problemet med fotoet av ein mulig Wilhelm Kindingsland i Afrika har eg tatt opp med Lindesnes bygdemuseum.Igjen: Takk for hjelp - så langt.PS: Det er to grunnar til at eg har tatt opp jakta på spor etter Kindingsland: 1)I Australia har han fått ein form for gründer-status etter visse viktige eigedomstransaksjonar, og eg er beden om å skaffe vita frå livet hans. 2) Landvik historielag planlegger ei bok om emigrasjon frå bygda, og Australia var destinasjonen for ei av utferds-bølgjene. Og så er det jo det at Kindingsland var ein fargerik og fascinerande person, med intelligens og handlekraft, med stor språklig formuleringsvne og med briljant humoristisk sans.Johannes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Søren Storaker

Lyngdal III, side 313-314: Tønnes Hansen Egilstad (1762-1804) 1789 gm Maren Kristensdatter Eigeland (1767-1826). Fem barn, Kristen, (1795-1855), Villum Kristian, f. 1803 (tok i 1825 utflytting til Mandal).Kristen Tønnesen Kinnungsland (1795-1855) 1828 g(2)m Anna Elisabet Jakob-Tobiasdatter Bjodland (1812-1874). Tolv barn, Berte Marie, f. 1828 (gm Jakob Tobias Jakobsen Biktjørn), Andreas, f. 1839 (gift i Kr.sand), Kristen, f. 1836 (døde på sjøen), Olene, f. 1841 (gift i Grimstad), Villum Kristian, f. 1847 (døde i Australia ugift), Abraham Tobias (1849-1922) (tok i 1871 utflytting til Arendal/Grimstad).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Søren Storaker

Lindesnes bildesamling LenkeBilde av Abraham Tobias Kristensen fra Lyngdal bygdebok:

bilete5904.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Aabøe

Hei,På leting etter personer i Australia har jeg hatt god hjelp av sidene til Nasjonalarkivet i Australia. Logg på her som gjest: http://naa12.naa.gov.au/Login.htm Søk så på navnet Kindingsland så finner dere opplysninger der.m.v.h. Gunnar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl V. Erichsen

Korrigering til min opplysning i innlegg 6: Inger Serine og Villum var ikke gift, men han er oppført som barnefar til et av hennes barn.I Aust-Agder Arv (Aust-Agder museets årbok) 1956 har Torfinn Skard en grundig artikkel om Hagebruksskolen (Norges første) på Lillenes/Søm/Fevik og videre inn til Grimstad. I en oversikt der han forsøker å gjenskape elevlister er ikke Wilhelm nevnt, men der er flere elever som de ikke har klart å navngi.- Jarl -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johannes Schrøder Havstad

Takk til gode hjelparar for nye, avklarande innlegg.Opplysningane i Lyngdal III om at Villum/Wilhelm døde ugift i Australia forklarar at det har vore så vanskelig å finne spor etter han i Australia. Men, Søren Harald, er det gitt nærmare detaljar i boka om kva tid og kor hen han døde? Eller veit familien noe, var det arvoppgjør, er dødsfallet avertert? Som så ofte: Svar på eitt spørsmål gir fleire nye.Etter tips frå Jarl tok eg igjen fram Torfinn Skards artikkel i Aust-Agder-Arv 1956. Det var nyttig for å få friska opp kronologien. Eg er etter dette einig med Jarl i at W.K. eventuelt måtte ha gått eit kurs på Lillenes. Og sidan han var fullt etablert gartnar med assortert handel alt i 1884, må han ha gått der seinast i 1883, dvs i dei føste par-tri åra skole eksisterte. Men dette blir det nok ikkje lett å finne ut av. Kanskje er han utdanna i Danmark? Eller tok han rett og slett tittelen etter å ha praktisert i gartneri?Gunnar: Eg har rekna med at interessentane i Australia har søkt i nasjonalarkivet der. Har du observert noe av interesse der? Sjølv har eg lita trening i å søke i den basen, og kan ikkje finne noe.Mvh. Johannes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Søren Storaker

Det står ikkje meir i bygdeboka om Villum Kristian. Dei som dreiv vidare på bruket på Kinnungsland var barnlause. Etter Abrahams død i 1922 blei bruket seld ut av slekta.Dersom du vil undersøke dette videre, kan du kanskje kontakte bydebokforfatterane i Lyngdal, Oddleif Lian, Kristiansand eller Ådne Fardal Klev, Lyngdal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johannes Schrøder Havstad

Til orientering kan eg opplyse at eg dei siste dagane har hatt kontakt med Lindesnes bygdemuseum og med Torbjørn Stensland, Oddleif Lian og Ådne Fardal Klev.Arkivar Lian, forfattar av Lyngdal-boka bind 3, har opplyst at Villum Kristian Kristensen Kindingsland blei konfirmert i Lyngdal 13.10.1861, men var nok flytta ut av bygda ved folketellinga 1875.Både Lian og Fardal Klev har fortalt meir om slektsbakgrunnen hans, men lagnaden til Kindingsland i utlandet er framleis nokså fragmentarisk. Det er slett ikkje utenkelig at K. var ei urolig sjel, som også var i Afrika. Bildet av han i Lyngdal bygdebok skal vere tatt i Sør-Afrika.Mvh. Johannes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.