Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#64598] Peder Pederson på Nordarnø i Gilleskål (1827-1894)/huslyden hans? - utfordring?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Medan eg har spora opp emigrantane, har eg vanskar med å skaffa fram ein del detaljopplysningar om den delen av huslyden til Peder Pederson på Nordarnø i Gilleskål som vart att i Noreg. No vonar eg at einkvan med lokal kunnskap eller eventuelt tigjenge ti ei bygdebok kan hjelpa meg vidare...?~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Pederson (Quam), f. i Hafslo 8.1.1827, flytte i ung alder til Værøy der han 24.10.1856 gifte seg med Anna Johannesdotter frå Offerdalen i Årdal, f. i Sogndal 20.7.1823. Peder var fiskar, og han og Anna var først plassfolk på Sørland på Værøy, men flytte i 1872 til Gildeskål der dei etter nokre år som strandsitjarar på Flein vart plassfolk på Nordarnø. Peder Kvam d. som husmann på Nordarnø 15.8.1894, medan Anna d. som husmannsenkje same staden 14.2.1899. Peder og Anna fekk fire born i lag, men Anna hadde òg ein son frå før:a. Johannes Olson, son av Anna og husmann Ole Bjørnson i Steinahagen under Tandla i Luster (1825-1917), var f. i Årdal 6.9.1849, men d. i Årdal 30.12.1849.b. Anna Sophie, kjend som Sophia Pedersen, f. på Værøy 25.8.1856, gifte seg i Beiarn 23.6.1879 med Peder Olai Olson frå Høiforslet i Beiarn, f. i Beiarn 29.5.1853. Parfolket utvandra i 1881 til Amerika og hadde då kurs for Creston, Ogle Co., Ill. der me finn dei att under namni Peter og Sophie Beyer. Men alt kring 1884 flytte dei til ein farm i Garfield township, Polk Co., Wis. der dei sidan vart buande levetidi ut. Sophie d. i Polk Co., Wis. 11.9.1901, medan Peter Beyer d. i Polk Co., Wis. 7.2.1912. Dei fekk elleve born i lag.c. Johan Edvard Pedersen, f. på Værøy 5.5.1859, utvandra til Amerika i 1883 og fór då til Creston, Ogle Co., Ill., men flytte snart vidare til Polk Co., Wis. der me finn han att med namnet John E. Orner. Han gifte seg i Janesville, Wis. 19.7.1885 med Lina Haagensdotter frå Årnes i Grue, i Amerika kjend som Lena Haagenson. Ho var dotter av husmann Haagen Olson på Årnesbråten under Årnes, opphavleg frå Risbergsætra, og kona Kari Nilsdotter frå Oppi og f. i Grue 1.2.1859, men utvandra òg til Amerika i 1883. John og Lena slo seg ned som farmarar i Garfield township, Polk Co., Wis. der John d. 14.11.1922. Lena Orner d. same staden 1.1.1940. Dei fekk ni born i lag.d. Peter Andreas Pedersen Kvam, f. på Værøy 7.1.1862, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Peter gifte seg i Gildeskål 23.10.1890 med Trine Christine Thoresdotter frå Nordarnø, f. i Gildeskål 25.7.1870. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1900! – finn ikkje Gildeskål 1897-1900!)¤¤¤¤¤ (gifte kanskje Peter seg att? – opplysningar??)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900: fiskar og strandsitjar på Nordarnø i Gildeskål! – sidan?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer fødde av Peter og kona hans? – inkl.: * Alfred Kvam, f. Gildeskål 1891 – n. 1900 * Jenny Kvam, f. Gildeskål 1894 – n. 1900 * Ragna Kvam, f. Gildeskål 1897 – n. 1900)e. Karen Christine Pedersen, f. på Værøy 23.9.1864, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Karen gifte seg i Gildeskål 12.7.1887 med Ole Hjelmer Lorentzon Lind frå Ulbjerget i Rennebu, f. i Rennebu 21.11.1858. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900: fiskar og jordarbeidar på Nordarnø i Gildeskål! – sidan??)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer fødde av Karen og Ole? – inkl.: * Lina Lind, f. Gildeskål 1888 – n. 1900 * Olaf Lind, f. Gildeskål 1892 – n. 1900 * Sigurd Lind, f. Gildeskål 1895 – n. 1900 * Sofie Lind, f. Gildeskål 1898 – n. 1900)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne J. Engmo

Siste lenka ble feil av en eller annen grunn: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for oppklaring av spørsmåli kring ekteskapi til Peter Andreas! Eg har blatt gjennom vigselslistene fram til 1910 og finn ikkje Peter gift ein tredje gong. Heller ikkje finn eg dødsfall for Peter Andreas, Karen Christine eller Ole Hjelmer innan 1927, so langt som kyrkje-/klokkarbøkene er tilgjengelege...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Steinar Olsen

heiser du søker folk i Gildeskål, som du ikke finner. Ifølge min far (som er fra Gildskål) skal det ha brent flere kirkebøker fra 18/1900 tall overgangen. Har ikke funnet noen opplysninger om det i arkivet men det er vel noen som vet.Steinar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne J. Engmo

Ifølge 'Gravminner i Norge' døde Ole Hjamar Lind 05.09 1932,og kona Karen Kristine Lind døde 24.12 1938. Har funnet ei datter til, av dem,Signe Ingvarda,født 04.04 1901,døpt 12.10 samme år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne J. Engmo

Ei datter til,Astrid Johanne Lind,f. 15.08 1905,døpt 10.06 samme år. Hun døde (sannsynligvis ugift) 03.07 1938 på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne J. Engmo

Peter Andreas Pedersen Kvam,døde ifølge 'Gravminner i Norge' 11.11 1946. Gravlagt på SørArnøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Steinar og Anne for fleire flotte innlegg. Me lyt vel gå ut ifrå at Ole, Karen og Peter alle døydde heime på Nordarnø, og dersom me no har funne alle borni etter Ole og Karen Lind, so er eg godt nøgd.Nok ein stor takk til Anne for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.