Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#64705] ''Glædespige'' Mathilde Magdalene Nygaard, fødd i Bergen 1867 - kvar vart ho av?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Mathilde Magdalene Gerhardsdotter Nygaard var fødd i Bergen 10.6.1867. Ho fekk to born i Bergen, som eg har funne:* Adolf Martin, fødd 18.6.1887 - barnefar: jekteskipper Adolf Martin Rasmussen frå Borlaug ved Stavanger* Gullborg Mathilde, fødd 8.8.1888 - barnefar: gift fyrbøtar Edvard Olsen i Blekeveien 4 i BergenI 1891 losjerer Mathilde Nygaard som ''tragtøse (Glædespige)'' i Hollændergaten i Bergen i lag med:Peder Torbjørnson Bøgevold, fyrbøtar, fødd i Hosanger 2.4.1855. Dei gifte seg i Bergen 8.7.1891, men i 1892 utvandra Peder (åleine) til Amerika.Eg ser ikkje noko meir til Peder i Amerika, men lurer i denne omgongen på kvar det vart av kona hans, Mathilde Magdalene Nygaard? Eg finn ho ikkje i Bergen 1900 eller 1912; eg finn ho ikkje utvandra til Amerika; eg finn ho ikkje avlidi i Bergen 1891-1912, og eg finn ho heller ikkje som mor til fleire born i Bergen.Let det seg gjera finna ut kvar det vart av Mathilde Magdalene (og gjerne òg mannen Peder!)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Er det rette Sivert Olai Pedersen som døyr her? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per B. Lilje

Sjøfolk i utenriksfart finnes ofte som 'utvandret' stadig vekk, sannsynligvis hver gang de reiste til utlandet for å ta hyre på båt der. Så at en sjømann finnes som utvandret i Emigrantlistene behøver ikke bety at de reelt utvandret. Bror til min oldemor finner jeg som emigrant fra Oslo i 1888, 1895, 1902, 1904, 1907 og 1918. Jeg tror han hver gang tok båt til USA for så å ta hyre på amerikanske skip derfra. I folketellingen 1900 oppholdt han seg midlertidig på Cuba mens kone og barn var i Tønsberg, og han døde i Tønsberg i 1923.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Michael og Bjørn for flotte opplysningar. Eg hadde sjølvsagt ikkje tenkt på at Peder kom heimatt og budde i Bergen...! No får me sjå etter kva dødsmeldingi etter Sivert Olai Pedersen har å fortelja...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ogso takk til Per for innlegget som kom, medan eg arbeidde med hine...Eg har ogso sett dette før, so eg burde ha tenkt tanken...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.