Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Rune Fergestad

[#64924] Jon Brynjulfsson (Bolt?)

Recommended Posts

Gjest Rune Fergestad

Det foreligger hypoteser her på forumet (tema 52152) om at Jon Brynjulfsson kunne være morfar til Adelis og Ingeborg Erlingsdatter, som har forbindelser til den eldre Aspa-ætten på Nord-Møre. Hvem var egentlig denne Jon Brynjulfsson? Googlet fram noen treff som kunne tyde på at han hadde noe med Bolt slekten å gjøre. Det var imidlertid lite å finne om Bolt her på forumet...Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Får håpe at opphavspersonen bak opplysningene, Bjørn Jonson Dale, svarer deg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Denne var ikkje mykje fin, Tore! Eg har vel aldri noka tid eller noken stad hevda at riddaren Jon Brynjulfson hadde noke med Boltætta å gjøre.Derimot meiner eg at det kan vere grunnlag for å hevde at Jon Brynjulfson var ein av Erling Vidkunson sine mågar, og dette står eg for.Når det gjeld opphavet til Jon Brynjulfson viser eg ellers til Jo Rune Ugulen si doktoravhandling om jordeigarane på Vestlandet (minus Sunnmøre) i mellomalderen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

fin eller ufin, i tråden det henvises til ovenfor har ihvertfall du kommet med opplysninger om Jon, derfor er det rett å vise til deg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Takk for refereansen Bjørn. Jeg fant avhandlingen til Ugulen som nedlastbar PDF på bora.uib.no.I den tråden jeg henviser til er det ingen som antyder at Jon Brynjulfsson har noe med Bolt slekten å gjøre, som du helt riktig påpeker. Denne informasjonen var, som jeg også skriver, noe som dukket opp i et par Google-treff og derfor heller ikke troverdig informasjon. Derfor kom også mitt spørsmål etter evt kildebelagt materiale om hvem denne karen var - som jeg nå har fått :-)Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Hovedverket om slekten Bolt er Henning Sollieds artikkelserie i NST bind VII-VIII.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Takk for det.En digresjon Tore: du som har vært tett på NST - vet du om det foreligger planer om å digitalisere de mest sentrale artikkelseriene herfra?Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Kunne Jon tilhøyra slekta Smør? Eg berre spør ;-))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Det er Jordal i Odda, og Helge Pålsson må være bror til Holmfrid Pålsdatter, mor til noen brødre på Måge i Ullensvang. Dvs det er litt uenighet om hvorvidt hun het Holmfrid eller Halfrida. Men hvis Einar Torgilsson bonde på Eide i Odda = Einar i Hildugard, har han en bror Ivar Torgilsson, og det kan være ham som kalles Slede, nevnt som vitne i en sak på Bleie i Ullensvang. Både Einar og Ivar Torgilssøner har sønner som heter Torleiv og eier jord i Hjøllo i Odda.Mvh Karin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Rune (innlegg ), spørsmålet om digitalisering av eldre utgaver av NST kan med fordel løpe i en av de mange trådene som handler om nettopp slikt (og om NST).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Brynjulf Ogmundsson kjøpte også ein part av garden 'Noss', ein gard som også er nemnd seinare i Diplomariet. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Ugulen omtaler også dette diplomet i sin avhandling, og kommenterer at han har prøvd å finne ut hvem Ranveig og hennes sønner Ivar og Sigurd var, men uten suksess...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Seier Ugulen noko om kven som eig denne garden seinare?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Are S. Gustavsen

Finn:Siden informasjonen du spør om er nettilgjengelig, vil det jo være naturlig at du selv laster ned dennne. Ugulen kan enten finnes her: https://bora.uib.no/items-by-author?author=Ugulen,'>https://bora.uib.no/items-by-author?author=Ugulen, Jo RuneHvis lenken ikke fungerer går du inn på https://bora.uib.no/ og søker deg derfra via etternavnssøk.Jeg regner med at du ikke forutsetter at andre skal lese seg frem til svaret på noe du selv kan lese deg frem til. ;-)Are

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Jo Are, akkurat i dette tilfellet ville eg det. Det var difor eg stilte spørsmålet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Utdrag fra Ugulen sin avhandling (s. 380-382) :4.23 Kring riddaren Brynjulv OgmundssonSAK 496: 13. juli 1334, Bakke i Fjaler: Vitnebrev om sal frå Bjørn prest i Holmedal, Grim klerk og Lodin Sigurdsson: Dei var til stades då Rannveig og sønene hennar Sigurd og Ivar selde 4 mmb i Nos (Gau 103) til herr Brynjulv Ogmundsson, med rett til innløysing innan tre år.[1582]Brynjulv Ogmundsson er tvillaust identisk med han som er nemnt i ei innførsle i BK under kyrkja på Dale i Sunnfjord seier at presten tek 5 kyr i jordøyre som Brynjulv Ogmundsson gav for 1 ½ mmb i «Nesinn» (kan henda også dette er tale om Nos (Gau 103)).[1583] På bakgrunn av riddartittelen er det rimeleg å rekna med at det er den same herr Brynjulv Ogmundsson som i 1325 opptrer som syslemann i Verdal i Trøndelag,[1584] og som er mellom dei namngjevne væpnarane som garanterer fredstraktaten mellom Noreg og Danmark i 1309.[1585]Rannveig, og sønene hennar Sigurd og Ivar, har eg derimot ikkje lukkast i å identifisera nærare.SAK 497: 1. september 1338, Kinsarvik i Ullensvang: Vitnebrev frå Narve i Kinsarvik, Arne på Aga, Torstein på Ringøy og Bård [sveinkesson] på Kaland. I staden for syslemannen, som ikkje ville koma, var dei til stades då herr Brynjulv Ogmundsson klaga på Helge Pålsson vedrørande 3 mmb i Jordal (Ull 22) som Einar bonde før åtte. Helge la mellom anna fram eit vitnebrev frå Peter Askjellsson og Peter Jonsson som sa at dei var til stades då Helge Pålsson betalte Einar bonde 4 ½ mark brent for 3 mmb i Jordal, og at sveinen deira, Jon, og Gudrun Harding var til stades. Men Gudrun hevda no at ho ikkje var til stades. Begge partane skaut saka inn under Ivar [Andresson] gulatingslagmann.[1586]Korkje Helge Pålsson eller Einar bonde har eg lukkast i å identifisera nærare. Bruken av termen bonde som tilnamn er som nemnt uråd å nytta til sosial identifikasjon, slik at det kan like gjerne vera tale om ein stormann som t. d. Einar i Hildugard (sjå kap. 4.25), som ein alminneleg «bonde». Einar i Hildugard veit vi åtte jord andre stader i Hardanger.1582. DN I nr. 229; RN IV, nr. 1058. 1583. BK, pag. 23a; BKMunch, s. 26. 1584. DN III, nr. 142; jf. P. A.Munch 1862, s. 422. 1585. DN IX, nr. 82; RN III, nr. 595. 1586. DN V nr. 119; RN V nr. 166 og 167.SAK 498: 16. november 1355, Bergen: Avhendingsbrev frå Peter Håkonsson: Han har gjeve attende til herr Jon Brynjulvsson jorda Eikenes i Dalsfjorden (Fja 42), som herr Jons far pantsette til herr Eindride Simonsson. Bakpå, men yngre hand: Brev om Eikenes, 11 mmb.[1587] 23. september 1358: Kvittering utferda av Peter Håkonsson: Herr Jon Brynjulvsson har innløyst frå han 7 mmb i Eikenes (Fja 42).[1588]Herr Jon Brynjulvsson må, slik alt Gerhard Munthe meinte, vera ein son av Brynjulv Ogmundsson.1589 Særskilt av di både jordpartar i Nos og Eikenes er mellom dei gardane som Erling Einarsson gjev frå seg til dottera si i 1380 (sjå sak 507). Dette gjev oss ei kopling mellom Brynjulv og Jon i jordeigedom. Truleg er han identisk med den Jon Brynjulvsson som i 1344 er nemnt først mellom brevutferdarane av eit vitnebrev på Giske.[1590] I 1353 er han mellom dei som garanterer for Magnus Erikssons skipan om dronning Blancas morgongåvelen i Noreg.[1591] Han er nemnt med herretittelen i 1356–1357 då han er mellom dei som medseglar Magnus Erikssons pantsetjingsbrev på Orust til Orm Øysteinsson.[1592] Siste gong eg kan sjå at han er nemnt i kjeldene, er i kvitteringa frå Peter Håkonsson ovanfor, og den islandske Gottskalksannalen fortel at herr Jon Brynjulvsson døydde i 1358.[1593] Ein kan gissa på at han har hatt ei dotter som vart gift med Erling Einarsson i Hildugard (sjå s. 389).1587. DN I nr. 345; RN VI, nr. 357. 1588. DN I nr. 360; RN VI, nr. 537. 1589. G. Munthe 1836, s. 106. P. A. Munch 1862, s. 401, samt note 2 same stad, meinte at dette ikkje kunne vera rett, og at han snarare var ein etterkomar av ætta på Kvåle i Sogndal. Det er knapt ei mogleg løysing, ettersom han då ville vore mellom arvingane til Kvåle. 1590. DN V, nr. 171; RN V, nr. 699. Han er derimot neppe identisk med den Jon Brynjulvsson som i 1349 medutferdar eit vitnebrev om sal i Valdres, saman med Ulv Saksesson, syslemannen i Valdres (DN II, nr. 303; RN V, nr. 1173). Denne Jon Brynjulvsson opptrer også i brev frå 1363 (DN II, nr. 376) og 1364 (DN II, nr. 378). 1591. DN II, nr. 319; RN VI, nr. 208. 1592. DS VII, nr. 5684c; brevteksten er også trykt i Gillingstam 1950, s. 391; RN VI, nr. 441. 1593. IA, s. 357.Peter Håkonsson har eg berre funne omtalt i eitt brev utanom dei som er nemnt i denne saka. Det er i 1356 då han sel jorda Hustad i Hjørundfjorden på Sunnmøre, i alt 36 mmb, til Peter Sigurdsson og arvingane hans, og vedgår å ha fått betaling.[1594] Ut frå brevet frå 1355 er det likevel grunn til å rekna med at han er arvingen, eller i det minste ein av arvingane, til lagmannen Eindride Simonsson som er omhandla i det følgjande kapitlet. Dermed må også han reknast til aristokratiet.1594. DN II, nr. 333; RN VI, nr. 417.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Av en eller annen grunn kommer ikke linjeskiftene med for kildehenvisningene når jeg kopierer teksten fra Acrobat reader...Finn: siden du også tidligere har debattert temaer som tilgrenser dette med Jon Brynjulfsson tar jeg med et annet utdrag fra Ugulen sin avhandling som kanskje kan være av interesse... (s. 386-390)4.25 Kring Hildugard i Bergen Om denne ætta er det skrive forbausande lite i litteraturen, trass i at den i førstninga av 1300-talet må reknast som ei av dei mektigaste i Noreg. Eitt av dei få vektige bidraga er gjeve av Tore H. Vigerust i ein kort artikkel i tidsskriftet Genealogen,[1610] men eg vil ikkje utan vidare gå god for slektstavla der. Det er i det heile for mykje som er uklårt til at eg vågar å setja opp ei tavle over denne slektskrinsen.SAK 503: 10. august 1308–9. august 1309: Salsbrev frå Erling Åmundesson og Gudrun Torkjellsdotter. Gudrun har, med samtykke frå sin mann Trond, selt til Erling 2 mmb i Hjortland (Kvi 30) for 3 merker brent, med rett til innløysing. På eigne vegne selde ho 1 ½ mmb i «Brekku» i Mauranger (Kvi 46–63) for 18 øyre brent, samt 1 mmb i Russås (Strv 103), som Tore [Torkjellsson?], bror hennar, gav til Halle, son hennar, på Revnestranda, for 1 mark brent.[1611]Erling Åmundesson i Hildugard er nemnt første gong i 1290-åra då han vert tilgodesett i testamentet til Aslak, son til Jon Tviskaven. Han vert då kalla herr Erling Hildason, og var alt då riddar.[1612] Han var truleg syslemann i Bergen, og var mellom kong Håkon 5.s rådgjevarar gjennom mesteparten av regjeringstida hans.[1613] Eg kan ikkje sjå at han er nemnt i live etter 1317,[1614] sjølv om han rett nok er omtalt i eit brev frå kong Edward 2. av England i 1319 utan at han trong vera i live då.1615 Det vi direkte veit om jordegodset hans, er at han har ått jord i Bergen, Sunnhordland samt i Hardanger. Ei innførsle i BK fortel nemleg at herr Erling Hilduson gav 3 mmb i Tegland (Vikøy 46) til kyrkja i Øystese.[1616]Gudrun Torkjellsdotter er berre kjend frå denne og den følgjande saka, og det er dermed vanskeleg å identifisera henne sikkert. Det same gjeld også mannen hennar Trond, bror hennar Tore, og sonen hennar Halle. Dersom bror hennar var samfedre, må han ha heitt Tore Torkjellsson, og då kan han moglegvis vera identisk med den Tore Torkjellsson på Onarheim som opptrer i ein del brev i tidsrommet 1326–1333.[1617] Dersom det er rett, kan truleg heile denne slektskrinsen også reknast til aristokratiet. Tore Torkjellsson fører våpenmerke i seglet sitt, og er busett på ein gard vi veit det budde stormenn i mellomalderen (sjå kap. 4.34). Usannsynleg er det i alle høve ikkje, ettersom jordeigedom i Kvinnherad og Strandvik er godt innanfor det området ein må rekna med at ei stormannsætt på Onarheim åtte jord. Likevel er denne identifikasjonen såpass usikker at eg vel, primært av kronologiske årsaker, å kategorisera dei med uviss sosial status.SAK 504: 8. mars 1313: Vitnebrev frå [herr] Sæbjørn Helgesson og Trond Hallvardsson, gulatingslagmann. Dei var til stades då Gudrun Torkjellsdotter vedgjekk å ha selt til abbed Einar i Munkeliv 8 ½ månadsmatleige for 12 øyre brent per mmb, nemleg 6 mmb i Russås (Strv 103) og 2 ½ mmb i Balleseim (Strv 106–107), med innløysingsrett.[1618]SAK 505: 18. mars 1322, Bergen(?): Vitnebrev om forlik frå Sæbjørn Helgesson, Hauk lagmann, Botolv Håkonsson og ....: Kom for dei Einar Torgilsson og Bård i ......øy vedrørande ei strid om Måkastad i Ullensvang (Ull 54), 12 mmb på 1 spann nær, som Svein, bror til Bård, hadde pantsett «h.........ða syni firir testamentum sit oc utfærd». Dei vart forlikte slik at Einar overlot Bård 6 mmb, som han så sjølv kjøpte attende for 12 mark brent. Etter fem år skal Bård kunne innløysa jorda igjen.[1619]Korkje Bård i .....øy eller bror hans, Svein, har eg lukkast i å identifisera nærare.Det kan henda mest problematiske spørsmålet med Hildugard-ætta, er kor vidt Einar i Hildugard, som vi berre kjenner frå åra 1320–1325 (sjå sak 516 under Talgje-ætta), er identisk med bergensrådmannen Einar Torgilsson som opptrer i tilsvarande miljø på nokonlunde same tid. Det vart nærast slått fast av Olaf Sollied i si tid, men utan argumentasjon. Grete Solberg gjer det same i si hovudoppgåve.[1620] Og eg hellar sjølv til å vera samd med dei – det er slett ikkje usannsynleg. Diverre har vi ikkje overlevert noko segl etter Einar i Hildugard, ettersom han i 1324 nyttar seglet til Jon Kolbeinsson Falkener. Det er vidare beint fram sannsynleg at Einar i Hildugard frå 1320–1325 er identisk med Einar, frenden til Erling Åmundesson, frå 1312.[1621] Men då kan han ikkje vera gift med ei dotter av Erling slik den vanlege oppfatninga har vore.[1622] Er han frenden til Erling, kan han ikkje samstundes vera mågen, då dette er to omgrep som ikkje vart blanda saman. Dermed kan neppe ei søster av Bjarne Erlingsson i Giske/Bjarkøy vera gift med Erling Åmundesson, ettersom det er Einar i Hildugard som må vera inngift i Giske/Bjarkøy-ætta for at sonen Erling Einarsson skal kunna sitja med Ornes i 1380. Kan henda var Einar i Hildugard gift med Bjarnes søsterdotter Sigrid som vi kjenner frå testamentet hans (sjå s. 346 f.). Trass i uvissa vil eg difor her rekna Einar i Hildugard og Einar Torgilsson som ein og same mann. I høve til problemstillinga i avhandlinga vert skilnaden berre at det vert ein person mindre å rekna til aristokratiet.SAK 506: 9. juni 1378, Bergen: Gåvebrev utferda av Sigurd Havtoresson: På vegne av seg sjølv, sonen Håkon (sjå s. 350) og dottera Agnes, har han gjeve til Erling Einarsson gardane Hatlevollen (Haf 91,16), Kinsedal (Haf 92), Kroken (Haf 90) og Kvåle (Sog 23), med all tilhøyrande skog.[1623]Med omsyn til Sigurd Havtoresson og borna Håkon og Agnes, er det ikkje stort å seia ut over det som er skrive i kap. 4.17. Korkje Sigurd Havtoresson eller Agnes Sigurdsdotter er handsama direkte der,1624 men at dei også må reknast til aristokratiet er sjølvinnlysande.Erling Einarsson er omtalt første gong i 1360, då han sel 20 mmb i Høyland (Høyland 33) i Gand i Rygjafylke til ein Torgils Arnbjørnsson, og i eit brev frå 1369 vedgår han å ha fått full betaling for jorda.[1625] Han er truleg også identisk med den Erling Einarsson som i Vik i Sogn i 1380 ei vidisse med transkript av Håkon 6. Magnussons skipan frå same år.[1626] Rimelegvis var han då syslemann i Sogn. Siste gong eg kan sjå at han er nemnt i kjeldene er i saka nedanfor, der dottera Ingebjørg får ein del jordegods i heimanfølgje som tyder på slektskap både til Bjarkøy-ætta (kap. 4.17) og Jon Brynjulvsson (s. 381).SAK 507: 2. juni 1380, Bergen: Gåvebrev utferda av Erling Einarsson: Han gjev dottera si Ingebjørg i heimanfølgje 40 laupsbol i Saude i Sogn (Lus 53), 6 laupsbol i «Reuereitrum», 3 laupsbol i Øvrebø (Haf 75), 12 laupsbol i Kinsedal (Haf 92), 10 laupsbol i Hatlevollen (Haf 91,16), 128 laupsbol i Ornes (Haf 91), 20 laupsbol i Bakke i Fjordane (Fja 12), 7 laupsbol i ytre Kleppenes (Fja 13), 7 laupsbol i indre Kleppenes, 7 laupsbol i Eikenes (Fja 42) og 7 laupsbol i Nos (Gau 103).[1627]Ingebjørg Erlingsdotter er nemnt første gong i denne saka. I 1413 får fru Ingebjørg Erlingsdotter kvittering frå Helga, abbedisse i Gimsøy, og hennar konventsystrer for sitt ombod med klosterets jorder i Nordlanda («wara jardher j Nordlandum»), som ho har gjort rekneskap for.[1628] Dette må vera tale om jordegodset i Sogn, som ser ut til å vera det einaste (med unnatak for Agder) godset som Gimsøy kloster eig nordafjells.[1629] Ho var gift med væpnaren, seinare riddar og riksråd, Nikolas Sveinsson Galle på Brunla i hans andre ekteskap.[1630] Nikolas er kjent frå 1376 og frametter, og døydde i 1398. Dottera deira, Sigrid Nikolasdotter, vart mor til første kona til Hartvig Krummedike (sjå kap. 4.52), og det var dette ekteskapet som la grunnlaget for Hartvig Krummedikes jordegods i Noreg.SAK 508: I Aslak Bolts jordebok finnest ei innførsle om at erkestolen åtte Ænes (Kvi 64), heile eigedomen, som hustru Brynhild Josefsdotter (sjå s. 324) og Holte Jonsson selde helvta kvar av. Til garden ligg det ei fiskeelv ved garden og ei anna i Mauranger som heiter Sunde, og ei øy som heiter Sild (Kvi 65), og der er det selfangst.[1631]Holte Jonsson er berre nemnt i live i to samtidige brev. I 1426 gjev han Eirik Bjørnsson kvittering for Tolstad i Vågå, og i 1437 vitnar to lagrettemenn at Holte Jonsson tilbaud Amund Nikolasson å bygsla garden Tolstad, som Holte hadde styring over på vegne av si vermor fru Adalis Erlingsdotter.[1632] I desember 1438 er han omtalt som død.[1633] Kven denne fru Adalis Erlingsdotter var har vore omdiskutert, men den nyaste forskinga reknar med at ho kan vera ei dotter av Erling Einarsson i Hildugard. Dette er likevel uvisst.[1634] Eg tek henne likevel med her. Adalis Erlingsdotter var gift med riddaren Toralde Sigurdsson, som er kjent frå åra 1385–1397. Saman hadde dei dottera Kristina Toraldesdotter, kjend i kjeldene fram til 1463, og som var gift heile fire gonger. Første ekteskapet hennar var med ein elles ukjend Svein Arnesson (sjå også kap. 4.51 om Rike-Torstein for litt om han), andre ektemannen hennar var Holte Jonsson. Den tredje reknar Vigerust med var riddaren Hans Kruckow, og den siste var væpnaren og riksråden Herlaug Petersson.[1635] Dei to siste er handsama nedanfor.SAK 509: 8. oktober 1453, Bergen: Stadfestingsbrev frå kong Christian 1. Han stadfestar herr Hans Kruckow, riddar, si gåve på alt sitt lause og faste gods i Noreg til Munkeliv kloster, samt at han får livbrev på Sunnfjord len, som han no har, og at Munkeliv kloster skal ha lenet i 10 år etter at han er død. Kongen gjev også Hans Kruckow skattefridom for alt hans gods. Det går også fram av brevet at Hans Kruckow aktar å busetja seg i klosteret.[1636]Herr Hans Kruckow er nemnt første gong i 1442, då han som riksråd medseglar kong Christoffers hyllingsakt. Han opptrer fleire gonger i kjeldene, og i 1450 vart han truleg slegen til riddar i samband med kroninga av Christian 1. i Nidaros. Siste gong han er nemnt er nettopp i dette brevet frå 1453, då han truleg er ein gammal mann ettersom han kjøper seg provent i Munkeliv, og testamenterer alt jordegodset sitt til klosteret. Det er dermed ingen grunn til å rekna med at han hadde etterkomarar.[1637] Ekteskapet med Kristina Toraldesdotter går ikkje nokon stad fram av kjeldene, og må stå som ei kvalifisert gissing.[1638]SAK 510: 9. september 1454, Mæla: Kvittering frå Herlaug Petersson til Sveinke Sveinsson for den skuld som han var skuldig til Herlaug på vegne av Gunnar Øysteinsson for hans overfall på Herlaugs svein Jeppe Falster og Herlaugs gard i Hardanger.[1639]Herlaug Petersson er også nemnt hjå Absalon Pederssøn. Han skriv at under kong Christian 1. levde mellom anna «fru Kirstene Taraldsdotter (som mand kallede Smörhette), hendes mand Herlaag Perßen, bode de paa Fit j Sogn».[1640] Herlaug var væpnar og riksråd og ser ut til å ha døydd ein gong mellom 1454 og 1459.[1641] Fru Kristina overlevde også han, og selde i 1460 det nordmørske Aspagodset på grunn av gjeld. Truleg døydde ho ikkje lenge etter 1463, utan livsarvingar.[1642][1610] Vigerust 1998 [1611] DN XII, nr. 43; RN III, nr. 606 [1612] DN II, nr. 45; RN II, nr. 996. [1613] K. Helle 1972, s. 597–598. [1614] DN I, nr. 150; RN III, nr. 1025. [1615] DN XIX, nr. 508; RN III, nr. 1128. [1616] BK, pag. 98a. [1617] DN I, nr. 186 (1326); DN X, nr. 21, 23 og 24 (1327); DN IV, nr. 176 (1328), 203 og 204 (1333). [1618] DN XII, nr. 46; RN III, nr. 826. [1619] DN I nr. 165; RN IV, nr. 146. [1620] O. Sollied 1926, s. 44; G. Solberg 1975, s. 127–128. [1621] DN I, nr. 134; RN III, nr. 768. [1622] Jf. Vigerust 1998, s. 25. [1623] DN I nr. 448; RN VII, nr. 738. [1624] Sigurd Havtoresson er biografert i H. Bjørkvik 2004, og dottera Agnes var gift med Jon Marteinsson som er stamfar til den yngre Sørum-ætta. Dei var foreldra til Sigurd Jonsson (sjå s. 353). [1625] DN IV, nr. 408 og 409; RN VI, nr. 698 og 699 (1360); DN IV, nr. 487; RN VI, nr. 1404 (1369). [1626] DN II, nr. 462; RN VII, nr. 861. [1627] DN I nr. 463; RN VII, nr. 864. [1628] DN I, nr. 639. [1629] RB, s. 33–34. [1630] Vigerust 1998, s. 25. Om Nikolas Sveinsson og slekta hans, sjå Agerholt 1927. [1631] ABJ, s. 180–182. [1632] DN XI, nr. 144 (1426); DN I, nr. 760 (1437). [1633] DN IV, nr. 871. Jf. også DN V, nr. 683, dagsett 20. september 1439. [1634] Vigerust 1998, s. 25. Stokke 1994 hevda ho tilhøyrte Losna-ætta, men det vart tilbakevist av Vigerust. Jf. dessutan Stokke 1998. [1635] Vigerust 1997a, s. 8 og tavle 2 på s. 14. [1636] DN VI, nr. 545. [1637] N. Stene 1932a, s. 140–142. [1638] Det opptrer på same tid i danske kjelder ein Hans Kruckow som var gift med Anne Barsebek av ei fynsk adelsslekt, men om dette er same mann er usikkert. Det ser ut til å ha eksistert to forskjellige slekter Kruckow, ei på Fyn og ei i Noreg. Jf. DAA 1900; N. Stene 1932a, s. 139–140. Basert på våpenmerket i seglet tilhøyrte den Hans Kruckow som opptrer i Noreg 1442–1453 dei «norske» Kruckow’ane. [1639] DN I, nr. 831. [1640] Abs., Om Norgis Rige, s. 101. [1641] H. Sollied 1932, s. 291. [1642] Vigerust 1997a, s. 8 og tavle 2 på s. 14.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Eg ser helst at det ikkje vert klipt og limt i så stor grad som det er gjort her. I staden kan du visa til sidetal i avhandlinga mi. Den er ikkje akkurat vanskeleg tilgjengeleg...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg skal ikkje opponera mot så mykje av det som Ugulen skriv i desse sitata som Rune har lagd inn i debatten. Det einaste eg har hengt meg opp i er noko av det han skriv under sak 505.Ugulen hevdar der m.a. at Erling Einarsson (1380) kunne ha vorte eigar av Ornes fordi (faren?) Einar i Hildugard kunne ha vore gift med Bjarne Erlingsson (Giske/Bjarkøy) si søsterdotter, Sigrid. Til det siste er å merka at ei søsterdotter ville verta utan arv, sjølv om Bjarne si eiga etterslekt skulle vera utdøydd før han sjølv, så lenge der var brorsonar til. Og det var det jo, i det minste Erling Vidkunnsson. Ein kan difor sjå bort frå at Ornes skulle ha hamna hos Erling Einarsson (1380) som arv frå ein eventuell far (Einar i Hildugard).Det er med andre ord overgangen av desse tre gardane, Ornes, Eikenes og Nos som gjer at eg har vanskar med å sjå andre ”naturlege” forklaringar enn at Hr. Jon Brynjulfsson måtte ha vore gift med ei dotter til Erling Vidkunnsson (og dermed fått eigedomsrett til Ornes gjennom kona). Erling Einarsson (1380) fekk så eigedomsretten til alle tre dei nemnde gardane fordi han var gift med ei dotter til Jon Brynjulfsson. Det siste gissar elles også Ugulen på i følgje utdraget.Så er det store spørsmålet; Korleis gjekk det med desse tre gardane? Kjenner vi til kven som seinare står som eigarar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Fergestad

Til Jo Rune Ugulen (19): jeg tar det til etterretning og overholder selvsagt det. Jeg vurderte det dithen at det var uproblematisk nettopp siden avhandlingen er enkelt nedlastbar på nettet, og siden det var et ønske fra Finn.Mvh Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Rune (21)Når eg stilte spørsmål (14) på den måten, så var det for at du skulle sjå det som både Ugulen og eg har hevda før, nemleg at Erling Einarsson (1380) helst måtte ha vore gift med ei dotter til Jon Brynjulfsson for å kunne oppnå eigedomsrett til både Nos og Eikenes. Og i staden for å klippa/lima såpass frå Ugulen kunne du jo enkelt ha svara nett det(dvs at eigedomsretten gjekk over frå Jon Brynjulfsson og vidare til Erling Einarsson og atter vidare til Erling si dotter, Ingebjørg g. Galle) ;-)).Når det er sagt så ser eg ikkje at du har påført Ugulen nokon skade ved å ha lima inn såpass mykje av teksta frå avhandlinga hans heller. Det gav meg jo eit grunnlag for å skriva det eg gjer i innlegg (20), utan for mange 'omvegar'.Det kunne jo også ha vore av interesse å høyrd kor mykje tekst Ugulen meinar er akseptabelt å klippa/lima frå hovudoppgåva og inn i ein slik debatt som dette 'utan å gå over streken'?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

God morgen Finn.Den eneste Bolt som er nevnt i tilknytning til Hardanger er han her, som styrer eiendommene i Hardanger på vegne av Guttorm, sønn av Pål Hallvardson ;LenkeSkodin skal være Skodje på Sunnmøre. Finnes det noen kjent forbindelse mellom disse Boltene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Hei og god morgon Karin. Tidleg oppe son vanleg ser eg ;-))Når eg skal vera ærleg, så veit eg sørgeleg lite om den slekta som er kalla Bolt. Det er da heller ikkje eg som er opphavet til tanken om at Jon Brynjulfsson skal vera av denne slekta.No har det kanskje i ein eller annan debatt vore lufta ein tanke om at Adalis Erlingsdotter kunne ha noko med Bolt å gjera, sidan både Adalis gav bort ein part av Listad i Fron til erkebiskop Aslak Bolt, og det same gjorde Beinkt Harnicktsson Bolt. Dessutan er det jo litt merkeleg at Adalis gjev bort gods på Austlandet til erkebiskopen Aslak Bolt) utan at det er ein eller form for måg- eller slektsskap mellom dei to.Veit du elles noko meir om denne Håkon Bolt?For eigen del så kan eg ikkje sjå noko direkte samband mellom Jon Brynjulfsson si slekt og slekta Bolt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Hei igjenJeg er i Stavanger og har ikke mine notater for hånd, men de gjelder egentlig opphavet til Pål Hallvardsson. Men jeg forstår diplomet dithen at det er sønnen Guttorm som har arvet eiendommer i Hardanger, bla. i Utne, og at Håkon Bolt har bestyrt eiendommene på vegne av Guttorm? Så forbindelsen kan vel også gå gjennom Håkon Bolt og mor til Guttorm?Mvh Karin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.