Gå til innhold
Arkivverket

[#64983] Julie Gjertine Olsen


Gjest Jostein Bø
 Del

Recommended Posts

Gjest Jostein Bø

Som ny på forumet og allereie har fått god hjelp dristar eg meg utpå med nok ein request. Leitar etter dødsdato og gravplass på Julie Gjertine Olsen f. 13.8.81. Ho var fødd i Hatten i Øygarden. Budde i Tverrgaten 3 i Bergen som tenestejenta og trefte i bydn ein kar som heitte Theodor Tormundsen f. 1874, visstnok ein Sandviksgut. Det endte med leiersmaal og dei fekk dottera Theodora i 1902 og ho vaks opp hjå tante og onkel på Sæle i Øygarden. Men so hadde han Theodor ei anna og ville ikkje ha meir med ho Julie å gjera so ho tok visst livet av seg stutt tid etter fødselen. Sidan ho budde i Tverrgaten vil eg tru at Domkirken var rette staden å finna dødsfallet, men eg har ikkje greid å finna henne. Skulle ikkje forundra meg om ho for til Amerika. Thormod har eg heller ikkje funne noko meir om.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Du har rett m.o.t. geografien, Arnfrid, så då er det gjerne rett person.(Ein stakkars fjording har visse vanskar med å halde greie på administrativ inndeling i Hordaland opp gjennom tidene ...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Torodd - Det kan vera henne, men fødselsåret stemmer ikkje. Men ho e skriven og døypt i Manger/Ytre Bøe som eg meiner seinare vart lagt til Herdla/Hjelme prestegjeld som Hatten i Øygarden høyrde inn under. Hadde vore greit om det var henne for der tyder eg det som ho døydde av tuberkulose og ikkje sjøldrap. Tippoldeborna anar ikkje kvar ho e gravlagd. Hadde vore greit å finna henne for ho fortener 3 raude roser til jol om eg finn gravstaden. Og Konrad Theodor var reipslagarsvend!! Så det er nok den rette banditten.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Arnfrid - Ja det er rett Theodora. Ho vart gift med fiskar Mons Alvheim og det er oldedottera deira som freistar finna Julie og eventuell andre etterkomarar etter Theodor.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Eg kan jo ikkje seie at det er rett person -- men eitt års avvik er heilt normalt.Eg leitte i mange år etter systera til oldemor mi i folketeljinga av 1900. Eg fekk til sist hjelp her i forumet. Alderen hennar var skriven 14 år for høg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

her gifter Teodor seg i 1907 Lenke så kanskje vi kan finne at de fikk barn. I 1906 bor Teodor i Fjæregrenden så om de blir boende der er vel ungene døpt i SK.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Dette er jo berre heilt fantastisk. Trur de er på rett spor alle. Vert noko å fortelja tippoldedottera på måndag!! Eg er storleg imponert, men kva med MANNSKAPSLISTA PÅ FRØY??!!Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Arnfrid - Eg veit ikkje korleis eg lagar ei lenke, men eg la inn eit innlegg her på forumet for nokre dagar sidan. Eg veit om tre skip som heiter Frøy. Den mest iteressante er ein bark frå Lillesand som forliste i Nordsjøen 17.5. 1895. Der er eg på jakt etter ein kar ved navn Christian Christiansen, muligens frå Nese i Hosanger, men eg ventar på opplysningar om fødselsår frå oldeborn i Amerika. Iallefall døydde karen i Gardner Illinois i 1947 og då var han 87 år gamal.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Ja då har eg funne at Theodor med Gjøri Olsdotter Lunde frå Vik iallefall fekk tre døtre, Johanne f. 1.9.07, Eleonora f. 9.11.10 og Gudrun Theodora f. 13.9.12. Ved siste fødselen står Gjørid oppført med etternamn Ingebrigtsen. Detter er vel etter faren Ole Ingebrigtsen Lunde vil eg tru. Så då gjenstår å finna ut om jentene vart gifte og fekk born. Så sjangsen er iallefall tilstades for at det idag er etterkomarar etter han Theodor og ho Gjøri.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.