Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#65005] Elen Andersdotter Hunstad i Bud, fødd Bolsøy 1822 -flytte ho til Vågseter, Veøy?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter lagnaden til Elen Andersdotter, dotter av gardbrukar Anders Ellingson Eikrem og kona Marit Eriksdotter og fødd i Bolsøy 9.6.1822.Elen gifte seg (som enkje) i Bud 14.7.1873 med enkjemannen Ole Olson Hunstad i Bud. Han døydde på Hunstad 25.11.1877, og Elen forsvinn...FT1900 for Rotan (Vågseter) i Veøy syner:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Erik Vaagsæter hf g Føderaad 1812 Veø RomElen Andersdatter hm g Føderaad 1818 Bolsø RomMarie Andersdatter tj ug Tjenestepige 1884 Veø RomElise Andreasdatter el ug Arb. ved fyrstikfab. 1867 Bolsø Rom~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kan dette vera ''mi'' Elen i nytt ekteskap? Eg finn ho avlidi i Veøy 1.7.1903 (Lenke), men eg er dårleg kjend i Bolsøy og veit ikkje om fødestaden stemmer...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kirsti Rye

Det ser ut som om det er to Elen Andersdatter her. Hun som dør i 1903 giftet seg her i 1868 Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Bolsøy i Bolsøy, Klokkerbok nr. 555C01 (1818-1868), Ekteviede 1868, side 436-437. Permanent sidelenke: Lenke (par nr 4) Så da er vel hun ute av bildet.mvh Kirsti

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Haugros

Kan det være denne Elen som er den riktige: Kaarenke Elen Andersdatter, død 1897, alder ved død er 74 år. Mannens navn er oppgitt til Kaarmand Ole Olsen Hustad. Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Bud i Bud, Ministerialbok nr. 566A08 (1881-1903), Døde og begravede 1897, side 253. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5307&idx_id=5307&uid=ny&idx_side=-213>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Haugros

Kaarkonen Elen Andersdatter i innlegg 3 døde i 1896.Mvh Randi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti og Randi for spennande og avklarande innlegg. Ingen tvil om at du Randi har funne den rette Elen, som eg har leitt etter so lenge! Eg tenkte ikkje på å leita i Bud hovudsokn..!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Det er nok rett Elen det som Randi Haugros har funne, ja. Det går fram av kyrkjeboka at ho heldt til i Indre Karlsvik i Bud hovudsokn då ho døydde.I FT 1900 ser vi at ei Sara Andersdtr, enkje, f. i Bolsøy i 1819, og som vert forsørga av 'fattigvæsenet', også bur der.LenkeDet er vel ikkje usannsynleg at Sara er søster til Elen. I FT 1865 finn vi ei Sara Andersdtr. (47 år) som gift kone på Eikremhagen i Bolsøy.Eg kan elles leggje til at dei hadde tilhald på garden til 'Skule-Andreas', Andreas Kristoffersen Karlsvik (f. på Småge i Aukra i 1824), skulelærar og klokkar i ei årrekkje. Det går enno fråsegner om 'Skule-Andreas'. Han vart sagt å vera ein mann med sterkt sosialt samvit og omsut for dei som var 'nedst ved bordet'. I 1900 har han overlate garden til svigersonen, Andreas Eriksen.Og so må eg berre få seie: Det skjer i augo kvar gong eg ser dette 'Hunstad i Bud'. Det har aldri vore noko gard eller plass i Bud prestegjeld med dette namnet. Det er snakk om Hustad, og ikkje noko anna. Eg har sett at særleg soknepresten i Bud (1846-1868), Mathias Calmeyer Rode, hadde ein hang til å skrive 'Huustad' i kyrkjebøkene. Og det er kanskje denne skrivemåten som er opphavet til at nokon har lese dette som 'Hunstad'. Kvifor Calmeyer Rode oppererte med dobbel u, veit eg ikkje. Kanskje er dette eit utslag av 'Ånden fra Drammen', for å seie det med Per Sivle ;-). Mathias Rode Calmeyer var nemleg frå Drammen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Eg kom i skade for å bytte om etternamna til presten på slutten av innlegget. Det rette er Calmeyer Rode.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørn Olav for interessant kommentar kring gardsnamnet Hustad. Eg les det tydeleg som Hunstad fleire stader, men eg skal retta det opp i manuskriptet mitt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Bernt Gammelsæter

Det finnes to Elen Andersdotter f.9/6 1822 i Bolsø. Da min tippoldemor giftet seg første gang i 1851 med Reier Halvorsen har presten skrevet far: Anders Kjøstolsen. I andre ekteskap med Ole Olsen Hustad er oppgitt rett Anders Ellingsen som bodde mest på Eikremhagen. De to Ellen Andersdotter konfirmerte seg samtidig med samme karakter, og jeg holdt lenge på med den gale, men oppkalling av barn samt faddere til barna bekrefter Anders Ellingsen Bolsø gm Marit Eriksdatter fra Villa i Tomrefjorden. Og min Elen hadde en søster Sara f 18/6 1819 på Røbekk. Elen Andersdatter bodde i 1. ekteskap på Indre Kalsvik. Hun døde 15/11 på Taralset i Bud der hennes datter Bereth Olina bodde.Vennlig hilsen Ole Bernt Gammelsæter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Ingunn Selnes

Villa er i Tresfjorden. Både Tomrefjorden og Tresfjorden er i Vestnes kommune.Mvh Randi Ingunn Selnes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×