Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ole Gilje Dale

[#65026] Amla gard i Kaupanger. Odelssak i 1599.

Recommended Posts

Gjest Ole Gilje Dale

Eufemia Andersdotter og 2. mannen, Bernt Guttormsson, kjøpte garden Amla i 1578. Eufemia var først gift med Nils Henriksson Hess, sokneprest på Voss 1523 til 1570. Danske og færiske sogemenner nemner at Eufemia og Bernt båe var frå Færøyane.I 1599 reiste leiglendingen på Amla, Axel Axelsson, odelskrav på garden på vegner av kona si. Ho hevda at foreldra hennar hadde odelsrett. Ein annan som også sette fram odelskrav på Amla var Samson Fartegnsson på Linga. Dei tapte odelssaka. Eufemia og Bernt fekk ha garden, som seinare gjekk over til borna hennar, Hans og Ingeborg.På Heibergske Samlingar i Kaupanger er denne odelssaka refert saman med historisk stoff om Amla.Grunnen til at eg startar denne tråden, er at Samson Fartegnsson og slekta hans er omtala i ein annan tråd her, nr 57287. Eg viser til dette.Spørsmålet eg steller er: Korleis kunne Eufemia Andersdotter og Bernt Guttormsson vinna odelssaka i 1599?.Venleg helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

I tråden 57287 er Mats-sønene omtala. Like eins er det mange innlegg om Samson Fartegnsson d.y. på Linga og slektsforholda hans.Eg starta denne nye tråden fordi Axel Axelsson og Samson Fartegnsson d.y. hevda i 1599 at dei hadde odelsrett til m.a. Amla gard i Kaupanger. Korleis kunne då Eufemia Andersdotter og Bernt Guttormsson likevel vinna odelssaka?Odelslova er eldgamal i Noreg og verna om for å sikra at slekta trygt kan sitja med jordegods. I vårt tilfelle må då Eufemia og Bernt ha betre odel enn dei som reiste odelssaka.Me kjenner til den store godssamlinga til slektene på Norheim og Torsnes, der Karlshovedætta i Kaupanger ytte sin del og fekk såleis partar i odelsgodset til Torsnesfolka.Min konklusjon er at Eufemia og Bernt hadde slekt på Torsnes med arve- og odelsrett. Korleis kunne dette i tilfelle hengja saman? med helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Weidling

Hei OleJeg synes nå at domspremissene i dommen 12. juli 1599.Bakgrunnen er at Bernt og Eufemia hadde kjøpt odelsgodset fra Orm Olufsen på Skifftun og Erik Jakobsen i Hauge. Selgerne var fremdeles i live i 1599 og var da fremst til å løse godset. Fjernere odelsberettigede kunne ikke reise løsningssak så lenge det fantes nærmere løsningsberettigede. Mao: selgerne stilte ikke krav om løsning, og blokkerte samtidig mulighetene for fjernere odelsberettigede. Kravet om odelsløsning ble derfor avvist av formelle årsaker, ikke fordi kjøperne og deres arvinger hadde noe odelskrav.Hilsen Tor

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Takk for innspel Tor. Så langt eg kan sjå var ikkje dei som hadde selt garden partar i saka i 1599. Dei selde også på vegner av yngre og Eufemia og Bernt hadde skøyte på godset. Åsetesretten har klare reglar om dette.Når Axel reiste odelssak, innafor dei fristar som galt,ville han ha lova på si side. Dei som selde hadde gjeve frå seg sin rett, og då er det neste og næraste odelsarving som vinn. Du kan ikkje samtidig selja garden utan å ha sagt frå deg odelsretten.Også i dag opplever ein at eigaren sel garden utan å ta omsyn til dei andre i slekta. I dei fleste tilfelle er det ein eller annan som reiser odelskrav innafor fristar, men familiekrangelen varer ved. venleg helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Weidling

Hei OleDu har helt rett i at selgerne ikke er part i denne saken. Og jeg trodde nå også at man sa fra seg retten når man solgte.Men når jeg leser dommen på nytt, så er fortsatt min konklusjon at dommerne sier at selgerne hadde best odelsrett og så lenge de er i live har ingen andre løsningsrett. Og derfor blir saken avvist på formelt grunnlag uten realitetsvurdering av om hvorvidt Bernt og Eufemia og deres arvinger hadde noe odelsrett og eventuelt hvor god den var i møte med Axels rett. Som dommerne sier angående løsningsrett etter Orms andel i salget: 'Orm paa Schifftun, eptherdhj hand endnu er vdj liifue, och icke nogenn kand thale paa hues handt soldt haffuer, emedenn och ald den stund han lefuer, eptherdj der ingenn er nermeere till løsszenn end han szielff'.Så ser man videre at dommerne sier noe om at arvingene etter Åge -stefaren til den andre selgeren, Erik Jacobsen - ikke har stevnet i saken, så derfor kan retten heller ikke tildømme noe løsning ut fra Åges rett i Amla. Men når disse arvingene stevner, så må retten ta en rettslig avgjørelse av deres krav.Og avslutningsvis sier domerne at de som har fått Amla etter Bernt og Eufemia - Hans Hess etc. - skal beholde godset inntil de blir stevnet og godset lovlig avvundet.Så uansett om både du og jeg er av oppfatning at selger burde ha gitt fra seg sin rett i og med salget, så sier altså dommerne i landets øverste rettsinstans her noe annet. Axels krav faller og han må betale kost og tæring til Hans Hess et.co. Beste hilsen fra Tor

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Tor Weidling. Kanskje eg er for mykje opphengd i reglane som gjeld ved sal av odelsjord. I 1599 hadde Eufemia og Bernt ått Amla i omlag 20 år. Axel tek saka opp att då Eufemia og Bernt døyr.Filippus Fartegnsson åtte Øvre jorda i Amla. Han og sonen vitna då Gyrid Sigurdsdotter gav jord på lista. Det var i 1415. Denne Gyrid har eg lese ein gong(veit ikkje kvar)kom frå Torsnesslekta. Kanskje det er ein samanheng her? helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Weidling

Hei igjen OleDet er synd at retten ikke gikk inn på saken i 1599.Tror du at saken kan ha kommet opp igjen senere, f.eks. ved at Axel stevnet saken inn for kongen i en dansk herredag (som man noen ganger gjorde på denne tiden) eller at han prøvde seg igjen senere - feks etter Orms død - eller at arvingene etter Åge/Erik Jacobsen tok ut stevning?Hilsen Tor

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Me har ikkje opplysingar som viser ulovlege ting i samband med salet av Amla. Det er ingen grunn til å tvila på at det heile gjekk i samsvar med odels- og arvelov. Det er vel ikkje slike opplysingar eller merknader? Retten ville vel også hatt merknader om dette. Det er såleis ingen ting som tilseier at Eufemia og Bernt fekk garden på ulovleg vis?.Det vil seia at dei hadde odel/arverett ved kjøpet?.Ei ting underbyggjer dette. Seinare, i samband med ein tvist om eit skogstykke, klaga Elias Loss til kongen. Elias var son til dotterdotter av Eufemia. Denne dotterdottra heitte også Eufemia og var gift med Samuel Loss. I klaga skriv Elias at slekta hans hadde ått Amla frå Arilds tid. Venleg helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Tor Weidling. Når eg leitar i dei gamle kopiane eg har, ser eg at Axel Axelsson var framme med odelsprotest alt i 1578. Men om dette også galt Amla er ikkje visst. Men 1578 var det året då Eufemia og Bernt kjøpte godset. Kanskje det var det året dei fekk prøva odelsretten sin?.helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Eg gløymde noko i stad: Axel Axelsson representerte etterkomarar etter ei av dei tre systrene, Anna, Margreta og Gudrid Fartegnsdøtre. Kan det då vera slik at Samson Fartegnsson d.y. på Linga representerte etterkomarane etter t.d. Gudrid. Det er jo fleire gamle sogemenner som nemner Samson som etterkomar etter Gudrid?.Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Amla Gard i Kaupanger har frå lenge vore heilt eller delvis Norheim/Torsnesgods, kanskje ikkje frå Arilds tid, men frå dei i Karlshoved-ætta som me kjenner. I artikkelen i NST 1994 Semeleng-ætten osv. er tatt med i 'Dokumentfortegnelse' på side 195, eit brev frå 1480. Kan ikkje sjå kvifor dette brevet er med, men eitt namn er sentralt i brevet, Sigrid Bårdsdotter. Me har Bård Karlshovedsson. Dette er Karlshoved/Norheim-namn, då med røter til Karlshoved i Kaupanger. Det er all grunn til å tru at det er dette Elias Loss har i tanken når han klagar til kongen?.Eufemia Andersdotter, som kjøpte Amla gard, høyrer med i slektstreet. Eg prøver å koma eit steg vidare, men du så mykje vondord eg haustar. Sjå også 57287. Trur mest på den positive tonen som synest å gå fram her. Helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Tornerosesvevn. Finst det ikkje ein flott prins der ute som kan kyssa 'Tornerose her' til livet att?.I Personalhistorisk Tidsskrift (1915?) av Chr. Heilskov.Artikkelen handlar om Mogens Heinesson og slekter i Hardanger. 'Af den Heinenske Slægts Saga'Men prinsen må venta mange vondord og svivyrding. NB! Heine Havreki var far til Mogens Heinesson.(Min merknad)'Heine Havrekis 2 Hustruer var for Resten beslægtede, idet Herborgs Fader, Arnbjørn Guttormsen, var Søn af Lagmand Guttorm Nilsen til Gulating og Bergen. Denne var atter en Søn af Nicolaus Røgnvaldsen og Herborg Baardsdatter, som var en Søster til Heines anden Svigermoder, Gyrid Baardsdatter'.Etter dette hadde lagmann Guttorm Nilsson 3 uekte born, alle med Herborg Einevaldsdotter f. ca 1470 i Husavik på Færøyane. Dei tre sønene var Arnbjørn, Anders og Nils. Eufemia var dotter til Anders. Bernt Guttormsson var soneson til Arnbjørn. Godt nytt år, helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

I 1997 skreiv Jo Rune Ugulen til Hans Engmark i ein mail slik: (sitat):'Til sist vil jeg bare nevne at Eufemia Andersdotter kan muligens være en datter av Anders Guttormsson, lagmann på Færøyene i 1530-årene, men dette har jeg foreløpig ingen beviser for'(sitat slutt).Eg for min del kan ikkje sjå at Ugulen, den dag i dag, har lagt fram nemnde 'beviser' eller motbevis.Chr. Heilskov viser at lagmann Guttorm Nilsson frå Torsnes hadde 3 gutar, utanfor ekteskap, med Herborg Einevoldsdotter, Husavik, f. omlag 1470.Og Lagmann Guttorm Nilsson var ekte Torsnes-gut med stor arv frå arveoppgjeret på Torsnes i 1497. Det var då skifte etter dei to systrene på Torsnes, Herborg og Gyrid.I nr. 8 nemnde eg at Elias Loss sende klage til kongen. Det var Gjøde Pedersen som kravde eigedomsrett til ein skogteig. I klagen står det at slekta til Elias hadde ått og drive Amla gard frå Arilds tid og at dei hadde odelsrett. Det er berre Torsnes-Norheim-Karlshovedslekter som kan seiast å ha denne odelsretten.Det er 2 gamle dokument som eg kunne ynskja vart kopiert som 'lenke) her i denne tråden. Eg kan sjølvsagt skriva dei av på vanleg måte, då med stor sjanse for feilskrift.Ber derfor om at Tor Weidling kopierar av 'Supplikk Fra Elias Samuelsen Loss og Peder Jensen Amla angående Amla gård i Sogndal 13. juni 1661.(Orig. i RA. Danske Kanselli Skapsaker. Skap 9 pk. 156, merket 14). Vidare hadde det vore flott også å ta med skiftebrev på Norheim 1306. Det siste viser slektskapen mellom Karlshoved, Norheim og Torsnes.Dei to gamle dokumenta er bakgrunn for og ramme omkring dette at Axel Axelsson ikkje nådde fram med odelskrava sine, m.a. om Amla i 1599. Venleg helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Var det dette diplomet du ville ha inn i debatten Ole?b.II s.69Sammendrag:Ivar Guttormssön skifter Fædrenearven med sine Svogre Peter og Sigurd, der paa sine Hustruers Vegne erholde forskjellige Gaarde i Hardanger imod Gaarden Norheim m. m., som Ivar fik uskiftet.Kilde: Efter Orig. p. Perg. i Bergens Museum. Alle 6 Segl mangle.Nummer: 81.Dato: 20 Februar 1306. Sted: Norheim [i Vikör.] Brevtekst (fra den trykte utgaven): Þætta var jorða skipti þæira Jvars Guðþorms sunar ok magha hans Petrs ok Siugurðar. at Jvar laut Norheim með teigum ok til loghum ok ollu þui sem til hæfir legett at forno ok nyiu. Ok toko systir hans þæssar iarðer jmott. Viðr ness ok Sexsin. ok Oluikar. með teigum ok til logum. ok ollu þi sem at forno ok nyiu hæfir til legett sua at huarghe skal a aðra ganga vm þetta skipti. En af þi at Norheimr virðist bættri. at husum ok gorðum akre ok æingh. ok ollum vm bot-om. en þa er Guðþormr tok við. skal Jvar luka systrum sinum. Af vskipptu allra þæira. mott þæssare vmbot .xxx. marka brenðra. j a nemfðom oeyri smoerfi ok korne. j kum ok j voru gu!li ok brænðo sylfri. i þan tima. er Jvar tækr með Norheimi. skollo ok huarer tueggia. a byrgiast sin lut j þæsso iarða skifti. En ef Juare segizst giof su en faðr hans gaf honum fyr nemfða vmbot a Norheimi. fare þeira imillim. sem logmaðr segir vm þæssar xxx. marka brænðra. ok skærði þat firir systrum hans. En þæssar iarðr varo þa eftir vskiftar en Nor-heimr var af ræiðr. ok hinar a nemfðar er i mote komo. Viðr nes Sexsin ok Oluikar. ok eftir þoema af ræiðum. þa laut Juar þæssar iarðr b.II s.70 Æspin fiorð at nezstom hussum. Skufla bærg. Goeruinga sættr. ok mote þoema iorðum siðare fyr nemfdom oðrum hælmingi. þa lauk Juar systrum sinum. af þæim iorðum, er faðr hans gaf honom heiman aðr. Almsakr .x. #m bol. Hæsthamar fim #m. boll. ok Kæraland. v. Þueitar ix. i Þueit halfs #m boll. skolo þeir þæssar iarðr huarar tueggia v skærdar æigha. með teigum ok tillogum ok til þæ . . . læget at forno ok nyiu.skollo þæssar iarðr er Jvar laut siðara sinni. allar virðazst ivar1 et seinsta. a gagnðaga þinghi. ok suo þær er han lauk systrum sinum aftr j mote. ok þa þægar iamnast. ef þær virðazst lættare. Suo skal ok virða þær iarðr allar er systr Jvars hofðu heiman ok suo þær iarðr er Jvar hafðe heiman. bu ok þueit. en Nesheimr liggi v virðr ok Hallar-aker er Jngibiorgu var loket i klæða værð. Varo þæsser virðingar menn a Norheimi er sa ok hoeyrðu hanða bonð þæira. at þat skillðu þeir hafa ok hallda. Jvar ok Petr ok Siugurðr er þesser menn gærði skyllðir ok vskyllðir Peter af Æiði Jon prestr i Jonaðalle, Andres a ma, Siugurðr a Oeystu syn. Kolbein a Lutrum, Jarðar a Birgisheimi. Petr a Auðastoðum. Suein a Lutrum. Suein a Steini. Tofue a Tolom. Þorstein Þorbiarnar sun. Þorstein a Tolom. Jon a Ræiðolfs þueit. Ok til sanz vitnis burðar sættu mer vor jnsigli firir þætta bref er gort var a Norheimi ðrottens ðagen nesta firir laupars messo. a siaunða are rikis virðulegs herra Hakonar Norex konongs ens koronaða. ero her þi ok æigi firir sumra manna jnsigli fyrnemfðra manna at þæir hofðu æigi till. 1d.e. í vár. tilbake

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Det er dette gamle skiftebrevet eg har meint viser den nære kontakten mellom Norheim og Torsnes. Dei nemnde svograne er Peter på Sandvin og Sigurd på Torsnes. På denne tida dukkar også Karlshoved-slekta frå Kaupanger opp på Norheim. I 1497 synest alt dette å samlast i skiftet på Torsnes.Der blodet frå dei tre gardane er blanda.Axel Axelsson dukkar opp fleire gonger med odelskrav på vegner av kona si. Eg meiner då at skiftebrevet på Norheim er m.a. den store bøygen for Axel. Vent no til me også får sjå klaga som Elias Loss sende til kongen frå Amla. Med stor takk helsing Ole.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Kanskje ikkje så lett å lesa for alle, men de finn sikkert fylgjande som Elias skriv om 'voris thillhørende gaards brug, som vij och vore forfeedre haffuer brugt och fult aff arilds thijd inden och vdengierdtz.'.'Godt mot, du hilste på fler enn mig, skjønt du i skyndingen så det ei' MED VENLEG HELSING OLE

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Vonar at alle har fått med seg det som hittil er skrive her.At de har fått med dykk samanhengen.Grunnen til at eg er så ivrig, er at alle forfedrane til den nemnde Elias Loss, er mine forfedre. Elias Loss var bror til min ane, Jens Samuelsson Loss.Oldemora til desse Elias og Jens var den nemnde Eufemia Andersdotter.Kvar ho kom frå, stridast dei lærde om.Som lesaren kanskje har fått med, er mi meining, at Eufemia kjem frå Torsnes-slekta. At Guttorm Nilsson,lagmannen, var bestefar til Eufemia. Far hennar heitte Anders Guttormsson og var lagmann på Færøyane i tida 1531 til 1543.Absalon Pedersen Beyer, diktarpresten, skriv i dagboka si at lagmannen på Færøyane då hadde vore på vitjing i Bergen. Der døydde han 15. mai 1571. Absalon skriv Guttorm Nilsson,men rette namnet er Guttorm Andersson og skulle då vera bror til Eufemia.Helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Elias Samuelsson Loss var, for den tid,rekna som lærd mann. Han var såkalla høyrar ved Bergen skule. Han var fullmekt for familien i slike saker, me må gå ut frå at han tok stor risk dersom han, mot betre vitende, nytta ord som odelsberettiget og Arilds tid i utrengsmål i klage til kongen.Odelsstriden om Amla er m.a. diskutert i tråd nr 37480, t.d. innlegg nr 97. Det synest klart at odelskravet som Axelsson sette fram hadde noko for seg. Men foreldra til kona hans var ikkje langt nok framme i odelsrekkjefylgja.Arveoppgjeret etter Guttorm Nilsson var vanskeleg. Dei uekte borna hadde ikkje utan vidare arverett. Men så var regelen den at ektefødde born av dei att, hadde full arverett. Lagmannen som døydde i 1571 i Bergen skulle i tilfelle ha arverett. Likeeins Eufemia Andersdotter.Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Eg les og les og skal gå litt vidare.Ein danske Chr. Heilskov har skrive 'Af den 'Heinesenske' Slægts Saga. Med en Indleding om færøsk Personalhistorie.Heilskov startar med Heine Jonsson. Han var gift 2 gonger. 1.g.ca 1540 m.Herborg Arnbjørnsdotter, 2.g.m. Gyrid Arnbjørnsdotter Gran, dotter av Arnbjørn Gran til Melø på Helgeland. Den første kona var dotter til Arnbjørn Guttormsson, son til lagmann Guttorm Nilsson frå Torsnes. I ein fotnote skriv Heilskov: Heine Havrekis to hustruer var forresten beslektede, idet Herborgs fader, Arnbjørn Guttormsson, var sønn til lagmann Guttorm Nilsson til Gulating og Bergen. Denne var atter sønn av Nicolaus Ragvaldsen og Herborg Bårdsdatter, som var en søster av Heines annen svigermor, Gyrid Bårdsdatter'. Dette nok for denne gongen, helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løberg

Det høres ut som om Heilskov ikke vet hva han skriver om. Finner du belegg for noe av dette andre steder?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Lars. Eg er for liten til å ta livet av eller kritisera Heilskov. Eg synest han er både lettlesen og grundig. Mange viser til han. Han byggjer på mundleg tradisjon og kjennskap til lagmannsslekta på Færøyane. Lagmenner som var knytte til Gulating.Hadde vona at du tek for deg kopiane av dei to dokumenta framanfor og merknadene mine omkring dei. Dei som åtte Amla gard, Bernt Guttormsson og Eufemia Andersdotter, var nyleg døde i 1599. Ved skiftet kunne Axel Axelsson reisa odelssak.Me veit at han ikkje nådde fram med kravet sitt.Eufemia var oldemor til Elias Samuelsson Loss. Både ho og Bernt var frå Færøyane. Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Gilje Dale

Tor og Lars, det er underleg at ingen tidlegare har festa seg ved klaga til Kongen frå Elias Loss. Under nr 16 her, er kanskje vanskeleg å lesa, men ikkje verre enn at det går tydeleg fram at slekta har hatt Amla som odelsjord frå Arilds tid. Oldemor til Elias, Eufemia Andersdotter, er 'milepelen' og ho er frå Færøyane. Med venleg helsing Ole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Hei OleHer har du en ref. vedk. Heine Jonsson fra Wangestens digitaliserte kilder.Lenke 1-51ocr.pdfFødt ca 1514, prest på Ferøyene deretter i Rødø i TromsMvh Karin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Lenken virket ikke, men du finner den på Wangensteens hjemmeside, publisert 23 feb.d.å.Studenterne ved Københavns Universitet 1479 - 1602 Av H.Friis Petersen 1942. Avfotografert av Camilla Luise Dahl Del 1. side 1-51 (år 1479 - 1564)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.