Gå til innhold
Arkivverket

[#65026] Amla gard i Kaupanger. Odelssak i 1599.


Gjest Ole Gilje Dale
 Del

Recommended Posts

Gjest Ole Gilje Dale

Tore. Torer be om at du les siste innlegget mitt(74) ein gong til. Du veit vel at eg berre kan repetera det som andre har skrive før meg.Skal likevel gjera mitt beste for å gå i fotefara til Gaute Eriksson og etterkomarane til systra hans. Kona til Jon Nielsen Skak til Jomfruland, Foss i Eiker og Kaupanger er nemnd mange gonger som Staffansdotter. Derfor synest eg det er tvilsamt om me snakkar om same dama?. Vert t.d. Skak og Staffan aldri nemnde i samband med Haftorsønene? Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anita Holck

Ole, til (71) - Fra Lademanns leksikon: 'arild (oldnordisk): årle tid; tidernes begyndelse. Ordet har intet med mannsnavnet Arild (som det ofte mistolkes og misstaves) at gøre'.Anita

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Takk skal du ha,Anita. Når Elias i 1660-åra brukar uttrykket 'Arilds tid' i brev til Kongen,så meiner både Elias og Kongen at odelsretten til Amla gjekk lenger attende enn til oldemor Eufemia?. helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Ole, Jon Nilssons hustru er kun nevnt i kildene en eneste gang, og da heter hun Gunild Stoffsdotter. At Stoff er et kjent fornavn i det strøk av landet Gunild kommer fra, jevnfør Norderlendske fyrenamn av E Vågslid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Det må vera ei 'anna' dame du har funne, Tore. Skak-namnet og Staffansdotter finn du også i samband med slekta til Jon Haftorsson i Sverike. Eg trur du deltok eingong i ein diskusjon om slekta til Jon i Sverike. I alle høve må du kvitta deg med Staffansdotter. Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Her er brevet som navngir hustruen til Jon Nilsson (3 hummerklør): LenkeHvis kilden forkastes, står vi uten identitet til Jon Nilssons hustru.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

For meg ser det ut som om salet på Jomfruland var i 1513 og at Jon Nilsen og kona levde. I ein annan samanheng, om Jon Nielsen på Foss, er det opplyst at Jon var fødd 1420 og døydde 1478. Men, men. helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Det dreier seg om ulike personer. Den Jon Nilsson (Skakk) du nå nevnte, Ole, er kjent i kilder mellom 1447 og 1478, samt lenge etter sin død i 1519. Han giftet seg til Foss på Eiker. Men han er aldri nevnt i forbindelse med Jomfruland eller Ulefoss. Den Jon Nilsson som var det (knyttet til Jomfruland og Ulefoss), var den første Jon Nilssons dattersønn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Tore. Då eg var komen i seng i gårkveld, kom eg på at eg kulle ha nemnt at Jon Nielsen Skak på Foss hadde ei dotter,Åsa. Denne Åsa er oppførd som eigar av halve Foss i 1485. Eg tenkte dette kunne vera ei viktig tilleggsopplysing til Jon sitt dødsår 1478.helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Tore. Kanskje me burde ta med namnet Lystrup. Det finn me også att i Sogn og høyrer med i den store flokken i fotefara til Gaute Erikson. Ta ekstra god tid i Tønsberg, Der var mange Gauter og Gautesøner og Kaner lagmenner og sysselmenn Moro hadde det vore å delta i den flotte festen dei hadde på Fritzø i Larvik då bispen i Oslo, Jens Nilsen, var der på visitas. Ca 1595. Der var det heilt sikkert slektningar og inngifte. Fosseholmgodset var likevel større enn Fritzø. Og så var det lenger sør, tru om du ikkje finn restar av Losna-ætta der?.Der i Vestfold finn du jamen Gjørvild Fadersdotter. Men så viser det seg at ho er etterkomar etter dei på Finne på Voss. Ho eig jord i Granvin, Nesheim, Spildo, ja enno lenger nordover op Giske. Eg slurvar kanskje med århundratala her, men slektsnamna held seg ei tid?Det hadde 'vore noko' dersom du og Kvitrud hadde lagt alle namna de har forska fram, ved sidan av kvarandre. Serleg synest det at Kvams-ætta i Sogn var vidløftig.Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Ole, hvorfor ikke ta skrittet fullt ut og kalle alt for Losna-ætten ? Eller Lystrup-Losnaætten ?For ordens skyld har du ikke forklart hvorfor du mener at Jon Nilsson (Skakk) var i slekt med Havtore Jonssons etterslekt (Sørum-ætten).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Det ligg nok for høgt(altfor høgt) for meg å skriva om kongehuset og Jon Haftorsson. Eller i denne samanhengen slekta til kona hans.Eg prøver meg helst i nærmiljøet og av tonefallet ditt synest eg å ana eit visst medhald. Skak,Lystrup, Ænes-ætta, Kvams-ætta i Sogn, Torsnes-Finne.Eitt ynskjer eg ikkje: å koma inn i vepsebolet til Losna-ætta. De er nokså sikre i artikkelen i Slektshistorisk Tidskrift nyleg. Men likevel- tru om ikkje Losna-ætta dukkar opp i ei eller anna form når de nærma dykk Sørlandet og Lista? helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Tore. Du og eg var ikkje til stades på den flotte festen i Larvik, i det huset som vart teke av raset. Det skal vera ei måleri av dette huset(slottsliknande) av ein hollandsk målar. Bispen var der, dei seier at det var eitt eller anna slektskap mellom Jernskjegg(verten) og han. Festen var 120 år etter Jon Nielsen Skak døydde.Det har vore fleire her som har lurt på slektskap mellom Baden i Larvik og Torsnesslekter. Det skal ha vore ei gravplate ved Hedrum kyrkje over jomfru Ulvhilde til Melø. Ulvhilde var av Baden-folka.Ho var av slekta Kane via mora, Karina Galle. Kane skulle vera eit kjent namn. med påskehelsing Ole.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Tore. Då eg nemnde gardane Spildo, Finne,Torsnes, Ænes osv, hadde eg vona at du ville tenna på alle pluggar, etter alt det flotte du har skrive om Tre Rosor, Gjørvild Fadersdotter. Giskerekneskapar m.m.m. Merk tre m-ar. Den i midten står for mykje. I staden pusslar du og halvt kverrulerar om Jon Haftorsson og faren. Du veit vel kor namnet Skak var å finna? Ja, det var den kona på Jomfruland, då. Til og med diktaren Bjørnsson kom i ekstase.No står att å nemna alle gardsnamna på Sørlandet. Fleire på Færøyane kan du også få. Då får du eit glimt av det store godskomplekset som du har omtala slik eg nemner. venleg helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Ole Gilje Dale

Spildo i Granvin er eit godt døme på kor oppstykka ein gard kunne verta. Og den einskilde gardparten kunne vera odelshefta. Såleis hadde Samuel Loss, far til Elias framanfor, partar i Spildo. Me har sett korleis Lars Nilsson Nes samla gardpartar og flytte dit. NB. Lars hadde også part i grannegarden Nesheim. Noko liknande ser me når det galt Amla gard. Her hadde truleg Eufemia odelspart i Øvrejorda. Kanskje kjøpte ho også Midtjorda og Nedrejorda.Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Ole Gilje Dale

Elias Loss nemnde i klagebrev til kongen(sjå innlegg 16) at slekta hans hadde odelsrett i Amla frå Arilds tid. Av eigarane i Amla må Karlshovedætta føra oss ekstra langt attende. Me høyrer om Karlshoved i 1180-talet. Og denne ætta vart inngift i Norheim og Torsnesættene.Men kva har dette med Foss-slekta å gjera?.Slektskap må det vera når dei slik kan føra skiftesaker seg i mellom.På Torsnes budde Sigurd Guttormsson(1270-1330) gift med Sigrid Guttormsdotter Norheim. Dei hadde tre kjende born:Guttorm, busett på Torsnes. Ei dotter,Brynhild, kom til Rokne på Voss. Ein annan son heitte Hallbjørn og kom til Varaldsøy. Ei dotter av han, Gyrid, vart truleg gift med Gjørund Arnesson som kom til Foss.Guttorm Nilsson var tip-tip oldebarnet til dei før nemnde Sigrid og Sigurd.Alle opplysingane som er nemnde her, peikar samla på at Eufemia Andersdotter, gift med Nils Henriksson Hess, var sonedotter til Guttorm Nilsson Torsnes. Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Ole Gilje Dale

Eg las her om dagen nokre ord av Peter Dass:'Gud være lovet bredt og vidt!- Velsigne være Navnet dit, Min Gud af Arelds Minde!'.Kva tenkte kongen i Danmark då han, svart på kvitt, fekk sjå at slekta til Elias Loss hadde ått og drive Amla frå Arilds tid?. Kongen protesterte ikkje. Elias Loss fekk ikkje refs eller påtale. Det kunne ha vore beinveges lygn.Dei, kona til Axel Axelsson, som i 1599 meinte dei hadde førsteretten til Amla, fekk ikkje medhald i odelskrav. venleg helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Ole Gilje Dale

I sogematerialet finn me også prestesoger. Me har Lampes Prestesoge og Gjert Miltzows Prestesoge som båe omtalar prestefamilien Hess på Voss. I båe er Eufemia Andersdotter omtala og i båe sogene er nemnd at ho var frå Færøyane og av kjend slekt der.Gjert Miltzow og far hans, fylgde etter Hessprestane i embetet på Voss. Dei to familiane vart slektningar ved inngifte og Gjert Miltzow skulle derfor kjenna godt til Eufemia. Gjert skreiv si soge i 1670-80-åra. Nils Henriksson Hess slutta som prest på Voss 1570, då svigersonen overtok.Venleg helsing til alle, Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Ole Gilje Dale

Elias Loss ovanfor nemnde altså i klage til kongen at slekta hans hadde hatt Amla frå Arilds tid.Eg skal prøva, ved hjelp av namna, å finna slektstråd ned til denne Arild. Då vil eg først nemna presten i Kaupanger i 1183. Han vert nemnd som Arngeir prest. Han hadde sønene Gaute og Karlshoved. Dette var i kong Sverres tid. Han prøvde å styrkja administrasjonen og rettsapparatet og då slik at bøndene vart pålagde å bera kostnadene. Dette vart det protestert mot. Karlshoved vart då kjend som ein av leiarane for oppreisten. NB. Gaute og Karlshoved er kjende namn også i Hardanger. Norheim og Torsnes.Eg tek ein pause her, men eg nemner i farten at oldemor til Guttorm Nilsson var fødd i 1340 og heitte Herborg Bårdsdotter Norheim. Venleg helsing. Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.